Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Strategiar for konflikthandtering

Konflikthandtering er ei viktig ferdigheit i både profesjonelle og personlege relasjonar. Effektiv handtering av konfliktar kan føre til betre samarbeid, auka tillit og sterkare band mellom personar. I denne oppgåva får du øve på å skape tillit og å bruke SØT-modellen.

1. Tillit

Ein del av konfliktførebyggande kommunikasjon er tillit, som av og til kan bli sett på prøve. Her er ei øving i å vise kvarandre tillit. De kan gjere ho ute i skogen der de kan bruke tau og naturen sine eigne element som hinder, eller i gymsalen eller klasserommet.

Øving

Del klassen inn i par. Den eine skal vere blind, den andre skal vere følgeperson.

Set opp ei hinderløype og beveg dykk gjennom ho saman. Følgepersonen bruker verbale instruksjonar (snakkar) for å hjelpe den som er blind. Når de har gjennomført løypa, byter de roller.

Etter øvinga

Set dykk i ring og reflekterer over korleis det var å følge og å bli følgd av ein annan.

  1. Korleis det var å gi full og heil tillit til ein medelev?

  2. Var det situasjonar der du kjende deg utrygg?

  3. Kva kjensler skapte det i deg då du eventuelt vart utrygg?

  4. Kunne det ha oppstått konfliktar her? Grunngi kvifor.

2. Bruk av SØT-modellen

I denne oppgåva skal de øve på å bruke SØT-modellen til å betre klassemiljøet eller skulemiljøet ved å observere korleis de har det no, og om de har nokre ønsker og draumar.

Individuell oppgåve

Alle skal finne ein fin stein med litt god storleik som de kan skrive på. Denne steinen symboliserer ein kontrakt som de skal ta vare på til de har oppnådd ønskt situasjon i klassemiljøet eller på skulen. Det er greitt å fokusere på eitt ønske i denne øvinga.

S – Beskriv situasjonen slik du opplever han no, og skriv dette ned på den eine sida av steinen.

Ø – Kva ønsker du å oppnå? Skriv dette på den andre sida av steinen.

  • Kva er viktig for deg?

  • Er det noko du ønsker å forandre på?

T – Korleis skal ønska dine bli verkelegheit? Skriv dette i eit dokument på pc-en din som du lett finn når du treng det.

  • Kva er mogleg å gjere for å realisere ønskt situasjon?

  • Tiltaka må vere konkrete og gjennomførbare.

Refleksjon i gruppe

Jobb saman i grupper på minst to eller tre personar i omtrent 20 minutt.

  • Kva tiltak har de skrive ned?

  • Kvar er det største avviket mellom nosituasjonen og ønskt situasjon?

  • Er tiltaka konkrete nok?

  • Set ein felles tidsfrist saman med resten av klassen.

Refleksjon i klassen når tidsfristen er ute

  • Korleis har det gått, har alle oppnådd ønska sine?

  • Var det enkelt, eller var det utfordrande?

Relatert innhald

Kroppsspråk og konflikt

Er det mogleg å førebygge og takle konfliktar betre dersom vi blir meir merksame på kroppsspråket til oss sjølve og andre?

Skrive av Ragnhild Hamre Slinning og Elin Rånes Gjøvikli.
Sist oppdatert 12.05.2025