Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Korleis handterer du stress på jobben?

Filmen Stress (lengde 6:38) handlar om dei kjenslene vi får når vi er stressa. I denne oppgåva skal du sjå filmen og jobbe med spørsmål om stress i jobbsamanheng.

I filmen snakkar psykolog og forskar Magnus Nordmo om stressreaksjonane i kroppen. Vi møter òg ein ung gut som har forpliktingar som kjennest stressande ut i kvardagen på jobb og skule. Det pressa guten kjenner på, blir uttrykt gjennom ein kvinneleg skodespelar, ein slags skugge som alltid er i nærleiken av guten. Ho set ord på den indre samtalen han har med seg sjølv i ulike situasjonar. Sjå filmen og arbeid med spørsmåla under.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

1. Stress

Stress er ein reaksjon som oppstår når vi føler at det er ein ubalanse mellom krava som blir stilte til oss, og dei ressursane vi har tilgjengeleg. Stress oppstår altså fordi vi føler at vi ikkje har nok tid, energi eller støtte til å møte krava. Det er ei personleg oppleving, og det kan variere frå person til person kva som utløyser stress.

  1. Beskriv kort ein situasjon i praksis der du har opplevd stress. Kva utløyste kjensla av stress?

  2. Kva kunne du sjølv eller andre ha gjort for å redusere stress i denne situasjonen?

2. Positivt og negativt stress

  1. Korleis kan stress i jobben som helseservicearbeidar bidra til auka fokus og meistring, til dømes i situasjonar med høgt tempo eller uventa utfordringar?

  2. Tenk på ein situasjon du sjølv har opplevd eller observert, der stress førte til eit dårlegare resultat eller ei negativ oppleving, til dømes i møte med pasientar/kundar, i samarbeid med kollegaer eller under ei krevjande oppgåve. Kva skjedde, og korleis påverka det arbeidet?

3. Stressførebygging og -handtering

  1. Tenk tilbake på situasjonen du beskreiv i oppgåve 2B. Kva kunne du eller den du observerte, ha gjort annleis for å førebygge og handtere stresset betre?

  2. Kva strategiar kan hjelpe for å unngå at stress fører til dårleg helseservice eller eit dårleg arbeidsmiljø?

4. Diskuter i grupper

A. Betydninga av stressmeistring

Kvifor er det viktig at helseservicearbeidarar ikkje berre prøver å førebygge stress, men òg øver seg på å handtere stressande situasjonar i møte med pasientar og kundar eller under tidspress?

B. Meistringserfaringar i praksis

Korleis kan erfaringar i praksis eller i arbeidssituasjonar styrke evna til å førebygge og handtere stress? Bruk eigne døme.

C. Eigne erfaringar og strategiar for stressmeistring

Tenk tilbake på døma i del 1 og 2. Korleis kan de som framtidige helseservicearbeidarar utvikle gode strategiar for å meistre stress?

D. Strategiar for handtering av stress

Kva stressmeistringsstrategiar tenker de kan vere nyttige i kvardagen på ein klinikk, i eit apotek eller på eit sjukehus?

Relatert innhald

Skrive av Grethe Giæver Nilsen og Linda-Marie Neshagen Haakonsen.
Sist oppdatert 08.05.2025