Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Handtering av konfliktar

I arbeidskvardagen din med mellommenneskeleg kontakt kan sterke kjensler som frustrasjon eller sinne oppstå i møte med andre menneske. Denne filmen (lengde 11:04 ) viser korleis du profesjonelt kan handtere konfliktar med ein gong og forhindre eskalering, med fokus på å vareta behova til andre.
Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Forklar omgrepa:

    1. eskalering av ein konflikt

    2. deeskalering av ein konflikt

    3. affekt

    4. empati

    5. anerkjenning

    6. sjølvregulering

  2. Kvifor er det viktig at du som profesjonell yrkesutøvar regulerer dine eigne kjensler i møte med personar som er i affekt?

  3. Korleis kan du bruke empati og anerkjenning som verktøy for å handtere konfliktar som oppstår i møte med andre menneske? Noter stikkord.

  4. Som profesjonell yrkesutøvar vil du av og til vere i krevjande situasjonar som blir observerte av andre, slik vi òg ser døme på i denne filmen.

    1. Korleis kan du opptre profesjonelt slik at den som observerer deg i konfliktsituasjonar, framleis har tillit til deg?

    2. Kvifor er det så viktig å ta omsyn til denne observatøren, sjølv om hen ikkje er direkte involvert i konflikten?

Skrive av Vigdis Haugan og Siv Stai.
Sist oppdatert 02.09.2025