Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Korleis handterer du kriser?

Kriser oppstår, og i ei krise vil du stå overfor andre utfordringar enn dei du er van med. Å jobbe med korleis du kan handtere ei krise, og å vite korleis du kan hjelpe andre, gjer deg betre rusta i møte med slike situasjonar.

1. Utforsk krisetilbodet i kommunen

Søk på internett og finn ut om kommunen din har eit psykososialt sorg- og krisetilbod. Beskriv kort kva du fann ut. Kva slags tilbod er det, kven kan vende seg dit, kva kan dei hjelpe med, og så vidare.

2. Kriser og krisehandtering i arbeidslivet

Jobb saman i par eller grupper. Intervju personar på ein praksisplass om kva for nokre alvorlege situasjonar og kriser som kan oppstå på arbeidsplassen. Kva rutinar/beredskapsplanar har dei når krisa hender?

Lag ein presentasjon som de deler med klassen, med oversikt over kriser og korleis desse bør bli handterte.

3. Støtte til ein kollega etter ei kritisk hending

Les casen og reflekter.

Møte med aggressiv pasient (case)

Du jobbar i resepsjonen på eit helsesenter og er vitne til at ein pasient blir aggressiv mot kollegaen din. Pasienten roper, slår i disken og truar før andre tilsette kjem kollegaen din til unnsetning og får situasjonen under kontroll. Politiet blir tilkalla, og pasienten blir fjerna frå staden.

Etter hendinga legg du merke til at kollegaen din verkar still, skjelv litt på hendene og unngår augnekontakt. Når du spør korleis det går, svarer han kort at det "går fint", men du ser tydeleg at han er prega av situasjonen.

  1. Korleis kan du som kollega støtte og følge opp kollegaen din etter ei slik oppleving?

  2. Kva kan arbeidsplassen gjere for å sikre at tilsette får god oppfølging etter kritiske hendingar?

  3. Kva teikn på stress eller trauma bør vi vere merksame på hos ein kollega i etterkant av ei krise?

  4. Korleis kan vi oppmode kollegaen til å ta imot hjelp utan å presse?

4. Øv på å gi omsorg i ein krisesituasjon

Jobb saman i grupper, og lag dykkar eige scenario av ei krise der de må gi psykososial førstehjelp. Diskuter korleis de vil handtere situasjonen, og kva tiltak de vil setje inn. Øv på å vere den som hjelper og støttar ein kriseramma. Gjennomfør øvinga slik at alle får høve til å vere den som skal hjelpe.

Gruppene presenterer løysingane sine for klassen.

5. En mann med navn Ove

En mann med navn Ove er ein svensk spelefilm regissert av Hannes Holm, basert på Fredrik Backmans roman med same namn frå 2012. Oves reise gjennom sorg og helsebot er ein sentral del av filmen og viser korleis menneskelege relasjonar kan hjelpe oss å finne håp og meining sjølv i dei mørkaste tider.

Sjå filmen En mann med navn Ove på Filmoteket.

  1. Beskriv ein situasjon i filmen der Ove opplever ei personleg krise. Korleis reagerer han, og kva strategiar bruker han for å handtere krisen?

  2. Diskuter korleis naboane og vennene til Ove bidreg til å hjelpe han gjennom krisa. Kva kan vi lære om kor viktig sosial støtte er i krisesituasjonar?

  3. Korleis påverkar dei tidlegare traumaa hans det daglege livet og relasjonane hans? Grunngi svaret ditt.

  4. Vurder kommunikasjonen mellom Ove og dei andre karakterane i filmen. Korleis utviklar kommunikasjonen seg gjennom filmen, og kva rolle speler han i den personlege utviklinga til Ove?

  5. Korleis viser karakterane i filmen empati og forståing for situasjonen Ove er i? Gi konkrete døme.

  6. Reflekter over korleis du som helseservicearbeidar kan bruke empati i møte med pasientar som har opplevd traume eller krisar.

  7. Tenk på ein situasjon der du har opplevd eller vore vitne til ei krise. Korleis handterte du eller personen situasjonen, og kva lærte du av han?

  8. Korleis kan du bruke erfaringane frå filmen og dine eigne opplevingar til å forbetre praksisen din som helseservicearbeidar?

Relatert innhald

Empati

Å vere empatisk tyder at ein har evna til å setje seg inn i opplevingane og reaksjonane til eit anna menneske.

Emosjonell førstehjelp

Ein akutt skade eller sjukdom kan utløyse sterke emosjonelle reaksjonar som gir både psykiske og fysiske symptom for dei involverte.

Skrive av Elin Rånes Gjøvikli, Grethe Giæver Nilsen og Siv Stai.
Sist oppdatert 09.05.2025