Stresshandtering i helseservice

Positivt og negativt stress
Vi kan oppleve stress kan som positivt eller negativt. Positivt stress bidreg til at vi skjerpar sansane våre og presterer betre, mens negativt stress kan opplevast belastande. Blir det for mykje av det negative stresset, kan det føre til at vi blir ukonsentrerte, uoppmerksame, får søvnproblem og ei kjensle av å ikkje strekke til.
Det er viktig å vite korleis du kan førebygge stress. Som profesjonell yrkesutøvar treng du å ta vare på helsa di for å klare jobben over tid. Å unngå stress heile tida er vanskeleg, men det er lurt å kjenne til nokre strategiar (teknikkar/metodar) for å handtere stress slik at det ikkje blir negativt.
Stressførebygging
Når du opplever stressande situasjonar, får du ofte negative kjensler, og det er eit mål å redusere slike kjensler. Det er derfor viktig at du prøver å førebygge negativt stress ved å vere i forkant. Til dømes kan det vere lurt å be om hjelp dersom arbeidsoppgåvene dine er for omfattande, og at du slik prøver å ta kontroll over situasjonen.
Stopp opp og tenk over kva som skjer, kvifor du kjenner det slik, og kva som kan hjelpe deg. På denne måten kan du førebygge stressande situasjonar seinare. Prøv òg å tenke positive tankar uansett, for negative tankar har stor innverknad på stressnivået. I tillegg har søvn, fysisk aktivitet og eit sunt kosthald førebyggande effekt, saman med pausar i arbeidskvardagen din. Pass òg på å kvile godt når du har fri og i feriar.

Strategiar for stressmeistring
Stress er ein naturleg del av arbeidslivet, men langvarig stress kan påverke både fysisk og psykisk helse. Derfor er det viktig å utvikle gode måtar å handtere stress på og å utvikle meistringsstrategiar.
Første trinn er å identifisere årsaka til stresset. Er det tidspress, arbeidsmengde eller uføreseielege situasjonar? Ved å justere rutinar, delegere oppgåver eller prioritere betre kan ein redusere stressnivået. Mange opplever at såkalla "tidstjuvar", som unødvendige avbrytingar eller små, uviktige gjeremål, stel tid og energi. Ved å bli klar over desse og prøve å unngå dei, kan du lettare halde fokus.
Lag ei oppgåveliste der du kan krysse av etter kvart som du fullfører oppgåver. Det gir både oversikt og ei god meistringskjensle. Pass òg på å setje av nok tid til kvar enkelt oppgåve, slik at du unngår å kjenne deg overvelda. Viss du framleis kjenner på stress, er det viktig å vere open om det. Ta ein prat med leiaren din eller kollegaene dine, ofte finst det løysingar som kan lette arbeidskvardagen.
Det er òg avgjerande at du tek vare på eiga helse både for å førebygge og for å handtere stress. Nok søvn, sunn mat og fysisk aktivitet styrker kroppen mot stress. Rørsle i løpet av dagen aukar blodsirkulasjonen, noko som forbetrar konsentrasjonen og gir deg meir overskot. Korte pausar i løpet av dagen kan bidra til betre konsentrasjon og ro.
Å vere klar over stressfaktorar og jobbe aktivt med gode meistringsstrategiar kan bidra til ein meir berekraftig arbeidskvardag.
Utfordringar til deg
I kva situasjonar har du opplevd stress?
Tenk på ein situasjonen der du kjende deg stressa. Kva symptom hadde du?
Korleis handterte du stresset?
I kor stor grad fekk du hjelp frå andre til handtere stresset?
Det er normalt å oppleve stress av og til. Korleis kan du førebygge at det utviklar seg til negativt stress?
Relatert innhald
Avspenningsøvingar kan hjelpe deg med å finne ein balanse mellom aktivitet og kvile. Dei kan få deg til å stresse ned og gi deg auka overskot i kvardagen.
Kva er forskjellen på positivt og negativt stress, og kvifor kan ungdommar lett bli stressa?