Handtering av konfliktar på jobb

Korleis kan vi oppleve ein konflikt?
At vi er ueinige med kollegaene våre og dei med oss, betyr ikkje at vi ikkje liker kvarandre, men vi kan likevel kjenne ei uro i magen, og kjenslene kan ta overhand. Innan helseserviceyrka er det ofte små arbeidsplassar, med små arbeidsmiljø og dermed få medarbeidarar å spele på. Dette kan føre til
danning av alliansar
utanforskap
baksnakking
ueinigheit som kan utløyse negative kjensler
Konfliktførebyggande kommunikasjon
Vi kan unngå konfliktar på ein arbeidsplass ved å bruke konfliktførebyggande kommunikasjon. Dette er kanskje den mest brukte reiskapen vi har, og det er ikkje alltid vi veit at vi bruker det, det kjem naturleg. Ved å danne gode relasjonar unngår vi ofte konfliktar.
Konfliktførebygging er vern av eit arbeidsmiljø. Viss du er ein del av eit arbeidsmiljø som har fokus på respekt og toleranse, der arbeidstakarane er vennleg stilte overfor kvarandre, blir det skapt trygge og gode rammer for eit robust arbeidsmiljø. For å kommunisere konfliktførebyggande må du ha
menneskeinteresse
sosial kompetanse
relasjonskompetanse
openheit og tillit til dei rundt deg
eit heilskapleg menneskesyn
Praktiske tips for konflikthandtering
Konfliktar er uunngåelege, men korleis vi handterer dei, kan gjere ein stor forskjell. Ved å lytte aktivt, bruke "eg"-utsegner, ta ansvar og utforske synspunkta til den andre kan vi finne gode løysingar. Her er nokre praktiske tips for å handtere konfliktar profesjonelt.
Hald deg roleg. Prøv å halde kjenslene dine under kontroll. Snakk roleg.
Snakk i eg-form. Sei "Eg føler ..." i staden for "Du gjer ...". Bruk setningar som startar med "Eg" for å uttrykke kva du føler.
Ver respektfull. Unngå sårande ord og hevd stemme.
Utforsk synspunkta til den andre. Prøv å forstå kva den andre personen føler og meiner.
Lytt aktivt. Høyr på kva den andre personen seier, utan å avbryte.
Ta ansvar. Erkjenn din del av konflikten og ta ansvar for handlingane dine.
Legg vekt på moglegheiter. Fokus på korleis de kan løyse problemet saman.
Sei kva du ønsker eller ber om, på ein klar og respektfull måte.
Bruk eit imøtekommande kroppsspråk. Sjå på den andre personen og nikk anerkjennande.
Be om hjelp frå ein tredjepart viss det er nødvendig.

LØFT
Når det oppstår konfliktar, er vi gjerne raske til å skylde på kvarandre, og vi kan henge oss opp i det negative. Korleis kan vi, ved hjelp av ulike strategiar, skape gode løysingar og auke trivselen?
LØFT er ei løysingsfokusert tilnærming som legg vekt på å identifisere og bygge vidare på styrkar og ressursar i staden for å analysere problem. Denne tilnærminga gir oss høve til å rette merksemda mot det som fungerer, og kva vi kan oppnå saman.
LØFT handlar om å skape positive endringar og løysingar i relasjonar, med mål om å fremme vekst og arbeidsglede ved å styrke folks evne til å finne løysingar. Når vi har ei slik løysingsfokusert tilnærming, legg vi vekt på det som fungerer godt, i staden for å leite etter det som går gale. Det inneber å verdsetje og anerkjenne det folk gjer, i staden for å kritisere.
LØFT-prinsipp:
Snakk om løysingar.
Fokuser på det som fungerer godt.
Åtferd som får merksemd, blir gjenteken. Derfor bør vi
konsentrere oss om det vi ønsker, ikkje det vi vil unngå
finne ut kva som verkar, i staden for kva som ikkje verkar
Kjernen i LØFT-metoden ligg i prinsippet om at åtferd som får merksemd, har ein tendens til å gjenta seg. Hovudfokuset er derfor å fokusere på kva det er vi ønsker. Kva er ønskt situasjon?
Når vi blir klar over kva som fungerer, og kva vi må gjere for å få det til, vil slike handlingar og kvalitetar auke.
Denne metoden eignar seg godt ved behovskonfliktar og personkonfliktar både mellom kollegaer og i møte med utfordrande kundar eller pasientar.
Fokusspørsmål i LØFT-metoden
Kva endringar ønsker vi?
Kva er det vi ønsker meir av?
Korleis held vi ved like det som fungerer godt?
SØT-modellen
SØT-modellen er ein metode som ofte blir nytta når ein skal få ting gjort og gå frå ord til handling. Det er ofte ein berre snakkar og snakkar, men ingenting skjer. Mange har positive erfaringar med denne modellen. Han kan brukast både til konflikthandtering og til å gjere ei generell endring. SØT-modellen kan bidra til å løyse konfliktar strukturert og målretta.
SØT-modellen har tre enkle trinn:
S – Situasjonen no
Ø – Ønskesituasjonen: Kva er det eigentleg vi vil ha?
T – Tiltak: Kva må vi gjere for å oppnå ønskesituasjonen?
Tiltaka kan gjennom handling bygge bru over gapet mellom nosituasjonen og ønskt situasjon.
Utfordringar til deg
Kva er ein konflikt?
Kva pleier du å gjere når du er i ein konflikt?
Korleis kan det å bruke "eg"-utsegner og lytte aktivt til andre bidra til å dempe ein konflikt?
Kva står bokstavane SØT for?
Relatert innhald
Konflikttrappa viser korleis kjenslene utviklar seg i dei fleste konfliktar.