Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Barn som pasientar

I arbeidet ditt vil du møte barn som du skal kommunisere og samhandle med. Det krev at du er klar over korleis du skaper god kontakt, slik at barna føler at det er trygt, og at dei har tillit til deg.

Møte med barn som pasientar – eit viktig ansvar

Som yrkesutøvar i helseservicefag vil du møte barn i ulike situasjonar. Grunnlova § 104 slår fast at barns menneskeverd skal respekterast, og at barnets beste alltid skal vere det overordna omsynet i alle handlingar og avgjerder som påverkar dei. Oppgåva di er derfor å sikre tryggleik og trivsel for barnet og mogelegheitene det har for god utvikling.

Du kjem til å møte barn i alle aldrar og med ulike føresetnader. Hugs at kvart barn reagerer på sin eigen måte. Små barn har ikkje dei same erfaringane som eldre barn og vaksne, og dei har heller ikkje same evne til å forstå samanhengar og situasjonar dei er i. Sjølv om ordtilfanget er avgrensa og språket framleis er i utvikling, er det viktig å vite at sjølv barn frå omtrent to års alder kan gi verbalt uttrykk for korleis dei har det. Derfor er det viktig å lytte nøye til kva dei seier, òg dei minste.

Kommunikasjon med barn handlar òg mykje om å tolke kroppsspråk. For å verkeleg forstå korleis eit barn har det, og kva det treng, må du vere ein aktiv lyttar, både til orda dei bruker, og til signala dei sender (auge, ansiktsuttrykk, toneleie og kroppshaldning.) Ver òg klar over ditt eige kroppsspråk, for barn er dyktige til å lese deg. Eit smil og ei open, imøtekommande haldning vil bidra til å skape tryggleik. Ved å utstråle ro og tryggleik gjennom ditt eige kroppsspråk hjelper du barnet til å kjenne seg tryggare i møte med helsetenesta.

Barns perspektiv er nøkkelen til god samhandling

For å verkeleg forstå, hjelpe og støtte barn må du sjå situasjonen frå ståstaden deira. Spør deg sjølv:

  • Kva gjer barnet?

  • Kva opplever det akkurat no?

  • Kva sanseinntrykk (syn, lyd, kjensle, lukt, smak) er til stades?

  • Kva påverkar barnet akkurat no?

Å ta perspektivet til barna gir deg innsikt i kva dei forstår, og kva dei kan meistre. Dette hjelper deg å forstå kjenslene deira og gir deg dermed betre høve til å tilpasse tilnærminga di for god kommunikasjon og støtte.

Skap ein trygg og tillitsfull atmosfære

For å oppnå god kontakt og samhandling med barn må du aktivt skape ein trygg og forståingsfull atmosfære. Dette startar med den positive, vennlege innstillinga di og anerkjenning av barnet som likeverdig.

Vis at du lyttar og forstår kjenslene og situasjonen til barnet ved å vere merksam, engasjert og nysgjerrig. Ein trygg relasjon vil auke motivasjonen til barnet til å til dømes ta ei blodprøve eller la seg undersøke.

Ver roleg og vennleg for å skape ein trygg atmosfære for barna. Ta deg tid til å forklare situasjonen på ein måte som er tilpassa alderen og utviklingsnivået deira.

Smil

Når du smiler, viser du at du er vennleg og merksam. Smil og latter frigjer hormon i kroppen som får deg til å kjenne deg bra. Blodtrykket søkk, musklane slappar av, og kjensla av både stress og smerte blir redusert.

Smil er smittsamt. Det er ikkje berre du som kjenner deg betre, det gjer òg at andre rundt deg får det betre.

Skap gode relasjonar

For å skape tryggleik og god kontakt med barn er det lurt å starte med å møte dei i høgda deira, etablere augnekontakt og gi eit ekte smil. Dette viser vennlegheit og at du er glad for å møte dei. Eit ekte smil skaper tryggleik fordi du viser at du vil bli kjend med dei og vil dei godt.

Fortel kva du heiter, og kva du gjer, for å gi oversikt og skape tryggleik. Spør kva barnet heiter, då viser du at du er interessert. Ver førebudd på at nokre barn ikkje vil svare, då kan du vende deg til dei føresette og spørje om dei kan hjelpe.

Bruk småprat for å bli betre kjend med barnet, og bruk gjerne namnet der det er naturleg. Snakk om det som opptek barnet her og no. Legg merke til detaljar som leiker eller figurar, og bruk dette som utgangspunkt for samtale. Gi oppmuntrande tilbakemeldingar, nikk og smil undervegs.

Leik og humor kan lette situasjonen og redusere frykt. Litt tull og artige grimasar kan skape latter og ro.

Ein god relasjon basert på lytting og forståing er avgjerande for motivasjonen til barnet og gjennomføringa av undersøkingar eller prosedyrar.

Open og anerkjennande kommunikasjon

Still opne spørsmål for å invitere barna til å dele tankar og kjensler. Lytt aktivt og anerkjenn barna og opplevingane de har. Prøv å forstå korleis dei har det, og vis respekt for det dei fortel eller spør om. Å anerkjenne kjenslene og handlingane til barna bygger tillit, tryggleik og motivasjon.

Døme på opne spørsmål og anerkjennande kommunikasjon

Opne spørsmål

  • Korleis har du det?

  • Kva liker du å gjere?

  • Kva synest du er gøy?

  • Er det noko du vil fortelje?

Anerkjennande kommunikasjon

  • Hei, velkommen til legekontoret/tannlegekontoret/sjukehuset/apoteket. Så fint å sjå deg!

  • Du ser verkeleg glad ut i dag! Kva har gjort deg så glad?

  • Eg forstår at du er lei deg. Det er lov å gråte og vere trist.

  • Eg ser du er litt redd. Det er heilt greitt å kjenne det slik. Du er modig som er her.

Skap føreseielegheit

Open informasjon gir tryggleik. For å hjelpe barn å forstå må du ta deg tid til å forklare situasjonen med enkle ord tilpassa alderen deira. Ver ærleg, men unngå å skremme.

Informer tydeleg og enkelt om kva som skjer eller skal skje. Gjenta gjerne på ulike måtar og oppmuntre til spørsmål. Gi enkle svar, og du kan òg bruke teikningar eller leik for å forklare.

Målet er å skape føreseielegheit, slik at barnet betre kan meistre situasjonen. Openheit førebur barnet og reduserer uvisse og uro.

Nærværet til foreldra

At foreldra er til stades og støttar, er viktig for at barna skal kjenne seg trygge, og dei er viktige samarbeidspartnarar for deg i samhandlinga med barn. Du må lytte til det foreldra seier, og òg tolke kroppsspråket deira. Foreldre kan gi deg viktig informasjon som kan hjelpe deg i kommunikasjonen med barnet.

Det er viktig å balansere merksemda og kommunikasjonen din mellom foreldre og barn. Viss barnet ikkje vil snakke med deg, må du likevel hugse å gi barnet, som er pasienten, like mykje merksemd og tid som foreldra. Då viser du at du respekterer barnet.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig å møte barn på utviklingsnivået deira?

  2. Korleis går du fram for å opprette ein god relasjon til barnet?

  3. Korleis kan du bruke foreldre/føresette som støtte i dei ulike situasjonane?

Kjelder

Eide, H. & Eide, T. (2014). Kommunikasjon i relasjoner: Samhandling, konfliktløsning, etikk (2. utg.). Gyldendal Norsk Forlag AS.

Kreftforeningen. (2019, desember). Se meg, hør meg og snakk med meg! Når barn og ungdom blir pårørende og etterlatte. [Brosjyre]. https://kreftforeningen.no/content/uploads/2022/08/se-meg-hor-pa-meg-og-snakk-med-meg-desember-2019.pdf

Realfsen, V. R., Dreyer, K., Valdersnes, H. H. F. & Gjertsen, A. (2021). Kommunikasjon med barn. I Helsehjelp via telefon – kunsten å kommunisere. Nasjonalt kompetansesenter for helsetjenestens kommunikasjonsberedskap. https://kokom.no/wp-content/uploads/2021/12/20211017-Kap-9-Kommunikasjon-med-barn.pdf

Relatert innhald

Å skape gode relasjonar

Veremåten din og evna di til å vise empati og handle empatisk og anerkjennande har noko å seie for det å utvikle ein god relasjon.

Relasjonskompetanse

Relasjonskompetanse handlar om kunnskapar og ferdigheiter til å opprette, bygge og halde ved like relasjonar mellom menneske.

Skrive av Siv Stai og Ragnhild Hamre Slinning.
Sist oppdatert 14.05.2025