Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Relasjonskompetanse

For å sikre god kunde- og pasientbehandling innanfor helseserviceyrka må du ha evne til å skape gode relasjonar til ulike menneske du skal samhandle med. Derfor må du både lære om og utvikle din eigen relasjonskompetanse.

Kva er relasjonskompetanse?

Relasjonskompetanse er kunnskapar, ferdigheiter, evner og haldningar til å skape, utvikle, halde ved like og reparere relasjonar mellom menneske. Dette er noko vi må lære oss. Vi må vite korleis vi kan bygge gode relasjonar, og kvifor dette er viktig. Vi må utvikle ferdigheitene våre i å møte andre på ein god måte.

Relasjonsferdigheiter er ferdigheiter til å halde oppe gode relasjonar og samhandle og kommunisere med andre. Det handlar om å skap tryggleik og bygge tillit, vise respekt, empati og anerkjenne andre.

Korleis vi har det saman med andre, påverkar lykkekjensle og helse. Vi menneske har eit grunnleggande behov for å kjenne tilhøyrsel og samvær med andre. Når vi hjelper og støttar kvarandre og har god relasjonskvalitet, gir det gode kvardagar.

Menneskeinteresse

For å skape gode relasjonar må du vere interessert i og nysgjerrig på det mennesket du møter. Når du ser heile mennesket (tankar, kjensler, behov, erfaringar og ressursar), vil den du møter, oppleve at du er interessert i hen som menneske og ikkje berre som til dømes ein som har ein sjukdom. Det bidreg til at hen kan kjenne seg sett og verdifull i relasjonen mellom dykk.

Bygge tillit

Evna til å bygge tillit er ein sentral del av relasjonskompetansen. Når andre har tillit til deg, kjenner dei seg trygge, og dei veit at du er til å stole på. I helseservicearbeid handlar det om at andre har tiltru til at du vil dei vel, og til at du har den kompetansen som krevst. Då kan dei stole på deg som hjelpar slik at dei våger å la seg hjelpe.

Du må ha merksemda di retta mot behova og interessene til den andre. Tilliten blir bygd både gjennom korleis du er, og det du seier og gjer. For at andre skal få tillit til deg, må du vise dei respekt, vere påliteleg og til å stole på, overhalde teieplikta, ikkje ha ei dømmande haldning og vere raus. Du må ta omsyn, lytte og vise ekte omsorg.

Tenk over

Har du opplevd mistillit i ein relasjon? Korleis påverka det relasjonen vidare?

Kommunikasjon og dialog

I yrkesutøvinga må du ta ansvar for å opprette kontakt. Hels på menneska du møter. Det å ta initiativ og søke kontakt med pasienten eller kunden er ein god start. Smil og vis at du glad for å sjå dei.

Ver positiv og vennleg i møte med andre, møt dei med eit opent sinn. Anerkjenn den andre som ein likeverdig partnar i samtalen ved å vise interesse og lytte.

I samtalane er det lurt å starte med opne spørsmål som til dømes "Kva kan eg hjelpe deg med?" eller "Kan du beskrive smertene?". Dette gir det andre høve til å dele tankar, kjensler og erfaringar. Deretter kan du stille oppfølgingsspørsmål for å vise interesse og få informasjon om korleis du kan gi betre hjelp og støtte.

Vis respekt og anerkjenn det den andre uttrykker og deler med deg. På den måten bygger du tillit, tryggleik og motivasjon.

Støtte frå andre menneske er viktig. Det å få råd og rettleiing bidreg til at kvar enkelt kan meistre oppgåver og utfordringar hen møter i livet. Dette bidreg til vidare læring og utvikling.

Ros og oppmuntring bidreg òg til å støtte trua den enkelte har til seg sjølv, og trua på eiga meistring. Anerkjenning gir ei stadfesting på at ein er verdifull og styrker sjølvkjensla til personen.

Emosjonell modnad

I samhandling med andre oppstår det kjensler. Som profesjonell må du kunne regulere dine eigne kjensler, samtidig som du må kunne ta omsyn til kjenslene til andre. I yrkesutøvinga må du finne måtar å roe deg ned på, og når du blir redd, må du kunne trygge deg sjølv. Viss du til dømes møter ein pasient som krenker deg og er sint på deg, må du likevel bevare roa og gi god og omsorgsfull kunde- og pasientbehandling.

Frå vi er barn lærer vi å regulere kjenslene våre i ulike situasjonar. Viss vi møter menneske som er kjærlege og omsorgsfulle, blir vi i betre stand til å regulere oss sjølve. Etter kvart utviklar vi ein modnad i korleis vi skal regulere våre eigne kjensler.

Du må ha ein emosjonell intelligens for å kunne vise empati. Du må ha lært om dine eigne kjensler og reaksjonar for å kunne setje deg inn i kjenslene til andre.

Menneska vi møter, treng å merke at vi som profesjonelle forstår kva som skjer, og òg kan forklare det. Det bidreg til tryggleik. Det handlar om å forstår kva som skjer kjenslemessig hos den andre, òg når våre eigne kjensler er sterke.

Du må vere klok og medfølande i møte med kjenslene til andre. Du må balansere mellom å ta leiinga, ha kontroll, vere tydeleg og setje grenser og å vere god og vennleg utan å skremme eller krenke nokon, sjølv om dei kanskje har provosert eller krenkt deg. Dette er ikkje alltid like lett, men ved at du er klar over dette som ideell veremåte, kan det vere lettare å takle vanskelege situasjonar.

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre personlege eigenskapar meiner du er viktigast for å skape gode relasjonar i yrket ditt?

  2. Korleis kan du merke at nokon ikkje har tillit til deg?

  3. Kva er forskjellen på å vere vennleg og å bli for privat i relasjonen med ein kunde eller pasient?

  4. Korleis kan relasjonskompetanse bidra til å skape eit godt samarbeid mellom kollegaer?

  5. Kva betyr relasjonskompetanse for deg som framtidig yrkesutøvar?

Kjelder

Kompetanse. (2025, 22. februar). I Store norske leksikon. https://snl.no/kompetanse

Spurkeland, J. (2020). Relasjonskompetanse: Resultater gjennom samhandling (3 .utg.). Universitetsforlaget.

Spurkeland, J. (2023, 7. desember). Relasjonskompetanse som grunnlag for å skape resultater i arbeid og på skole. Forebygging.no. https://www.forebygging.no/Artikler/-2015/Relasjonskompetanse/

Skrive av Therese Lindahl Carlsen og Siv Stai.
Sist oppdatert 12.05.2025