Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Reflekter over eiga åtferd

Refleksjon hjelper oss å forstå og forbetre oss. Ved å tenke over kva vi gjer og opplever, kan vi lære, gjere endringar og bli betre. Det er nyttig å reflektere over eiga åtferd for å forbetre eigen praksis og skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.

Refleksjon

I arbeid med menneske er refleksjon nødvendig for å utvikle og forbetre eigen praksis. Som fagarbeidar må du kvar dag vurdere handlingane du utfører, og du må jobbe for å utvikle og forbetre din eigen kompetanse på bakgrunn av refleksjon.

Lag eit tankekart om omgrepet refleksjon. Ta med stikkord om desse punkta:

  1. Kva betyr refleksjon?

  2. Kva gjer du når du reflekterer?

  3. Kva har refleksjon å seie i utdanninga di?

  4. Kvifor er refleksjon viktig i arbeid med menneske?

Joharis vindauge

Joharis vindauge er ein modell som viser kor viktig openheit og lytting er for å lære om korleis andre oppfattar deg. Sjå e-forelesinga om Joharis vindauge (lengd 6:21) og svar på oppgåvene.

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Eigenrefleksjon

  1. Korleis vil du vurdere deg sjølv i samsvar med Joharis vindauge? Lag eit skjema med fire ruter med overskriftene frå modellen, og juster storleiken på boksane etter korleis du oppfattar deg sjølv.

  2. Korleis blir storleiken på boksane forandra avhengig av kva situasjon du er i, og kven du kommuniserer med?

  3. Tenk på andre personar (venner, familie, kollegaer) du ofte kommuniserer med. Korleis vil du beskrive storleiken på dei ulike boksane deira?

  4. Korleis blir kommunikasjon og relasjonar påverka av storleiken på dei ulike boksane?

Refleksjon over eigen praksis

  1. Korleis kan du reflektere over og setje spørsmålsteikn ved din eigen praksis?

  2. Vel ein situasjon eller hending frå praksis du vil reflektere over. Beskriv situasjonen og kva du gjorde.

  3. Analyser situasjonen ved å stille refleksjonsspørsmål. Ein kan stille refleksjonsspørsmåla anten før, i eller etter ei handling.

    • Kvifor gjorde eg det på denne måten?

    • Finst det andre måtar å forstå situasjonen på eller gjere dette på?

    • Var dette den beste løysinga?

    • Kvifor er denne måten betre eller dårlegare enn andre?

    • Er det noko eg kunne gjort annleis?

    • Kva er dei faglege grunngivingane mine for å gjere det på denne måten?

    • Er det samsvar mellom kunnskapane eg har, og det eg har gjort?

    • Kva vil eg gjere dersom eg kjem i ein liknande situasjon igjen?

    • Korleis kan handlingane mine forandrast som eit resultat av refleksjonane mine?

    • Kva treng eg av informasjon, kunnskap og ferdigheiter for å gjere desse endringane?

Refleksjon i gruppe

Gå saman i små grupper.

  1. Beskriv ei eller fleire utfordring de har opplevd i praksis, og fortel korleis de handterte situasjonen. Reflekter saman.

    • Er det mogleg å vurdere situasjonen annleis?

    • Kan løysinga som er vald, alltid bli brukt, eller ser de andre alternativ?

    • Kan det finnast omstende som gjer at de kunne ha fråvike det faglege standpunktet dykkar?

  2. Oppmod kvarandre til å reflektere over eigne handlingar og å grunngi handlingane.

    • Kvifor gjorde du det på denne måten?

    • Korleis påverka du situasjonen?

    • Kva seier handlemåten din om forståinga di av makt i situasjonen?

  3. Drøft kva haldningar, etiske vurderingar og verdiar som ligg bak handlingane.

Relatert innhald

Refleksjon

Å reflektere inneber å tenkje grundig gjennom episodar eller opplevingar du erfarer. Når vi reflekterer, vender vi tankane tilbake på noko.

Skrive av Siv Stai og Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 02.05.2025