Tolk i helsetenesta

Tolkelova
Tolkelova skal sikre forsvarleg hjelp og tenester for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk. Det kan vere personar som berre forstår og snakkar andre språk, men òg personar med nedsett høyrsel som treng døvetolk for å forstå og gjere seg forstått på norsk.
Lova skal òg sikre at tolkar held ein fagleg forsvarleg standard. Tolketenester skal bestillast og som regel bli betalt av helsetenesta. Unntaket frå dette er ved tannbehandling for vaksne, der må pasienten som regel betale sjølv. Retten pasienten har til tolk medfører ei plikt for helsepersonell til å skaffe godkjend tolk. Tolken kan anten vere til stades eller fjerntolke via telefon eller skjerm. Venner og familiemedlemmer skal som hovudregel ikkje blir brukte som tolk, og det er forbode å bruke barn som tolk med mindre det i ein akuttsituasjon ikkje kan unngåast.
Tenk over
Vi knytter ofte bruk av tolk i helsetenesta til pasientar som opphavleg kjem frå andre land enn Noreg, eller til pasientar med nedsett høyrsel. Korleis er helsetenesta tilrettelagd for andre språklege minoritetar, til dømes pasientar som berre kommuniserer på samiske språk?
Pasientsikkerheit og kvalitet
Bruk av tolk gjer det enklare for helsepersonell å oppfatte symptoma til pasienten korrekt. Dette gir helsepersonell ei betre forståing av situasjonen, og det reduserer risikoen for misforståingar og feilbehandling. For pasienten blir det enklare å forstå resultat av undersøkingar og diagnosar og dermed følge behandlinga slik ho er føreskriven. Tolken kan forsikre seg om at pasienten forstår når og korleis legemiddel skal brukast, i tillegg til annan viktig informasjon. Det kan òg spare helsevesenet for tid og ressursar ved å førebygge at pasientar droppar konsultasjonar på grunn av misforståingar.
Brukarmedverknad og like rettar
Pasient- og brukarrettslova slår fast at pasientar og brukarar har rett til å medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei. Reell brukarmedverknad føreset at brukaren har tilstrekkeleg informasjon til å kunne ta avgjerder, og då må informasjonen bli gitt på eit språk som brukaren forstår. Lik tilgang på helsehjelp er eit anna prinsipp i pasient- og brukarrettslova, og det som skal sikre at alle har like rettar til helsetenester uavhengig av språklege ferdigheiter og kvar i landet dei bur.
Utfordringar til deg
I kva situasjonar er det forsvarleg å bruke appar eller praterobotar for å setje om mellom ulike språk?
Når er det nødvendig å bruke tolk for å sikre fagleg forsvarlegheit og pasientsikkerheit?
Korleis blir det tilrettelagt for bruk av døvetolk i helsetenesta?
Korleis blir utfordringar knytte til språkbarrier løyste på praksisstaden din?
Relatert innhald
I jobben kan du oppleve situasjonar der det blir nødvendig å bruke tolk. Kjennskap til tolken sine kvalifikasjonar hjelp då i dei vurderingane du må gjere.