Barn som pasientar

Møte med barn som pasientar – eit viktig ansvar
Som yrkesutøvar i helseservicefag vil du møte barn i ulike situasjonar. Grunnlova § 104 slår fast at barns menneskeverd skal respekterast, og at barnets beste alltid skal vere det overordna omsynet i alle handlingar og avgjerder som påverkar dei. Oppgåva di er derfor å sikre tryggleik og trivsel for barnet og mogelegheitene det har for god utvikling.
Du kjem til å møte barn i alle aldrar og med ulike føresetnader. Hugs at kvart barn reagerer på sin eigen måte. Små barn har ikkje dei same erfaringane som eldre barn og vaksne, og dei har heller ikkje same evne til å forstå samanhengar og situasjonar dei er i. Sjølv om ordtilfanget er avgrensa og språket framleis er i utvikling, er det viktig å vite at sjølv barn frå omtrent to års alder kan gi verbalt uttrykk for korleis dei har det. Derfor er det viktig å lytte nøye til kva dei seier, òg dei minste.
Kommunikasjon med barn handlar òg mykje om å tolke kroppsspråk. For å verkeleg forstå korleis eit barn har det, og kva det treng, må du vere ein aktiv lyttar, både til orda dei bruker, og til signala dei sender (auge, ansiktsuttrykk, toneleie og kroppshaldning.) Ver òg klar over ditt eige kroppsspråk, for barn er dyktige til å lese deg. Eit smil og ei open, imøtekommande haldning vil bidra til å skape tryggleik. Ved å utstråle ro og tryggleik gjennom ditt eige kroppsspråk hjelper du barnet til å kjenne seg tryggare i møte med helsetenesta.
Barns perspektiv er nøkkelen til god samhandling
For å verkeleg forstå, hjelpe og støtte barn må du sjå situasjonen frå ståstaden deira. Spør deg sjølv:
Kva gjer barnet?
Kva opplever det akkurat no?
Kva sanseinntrykk (syn, lyd, kjensle, lukt, smak) er til stades?
Kva påverkar barnet akkurat no?
Å ta perspektivet til barna gir deg innsikt i kva dei forstår, og kva dei kan meistre. Dette hjelper deg å forstå kjenslene deira og gir deg dermed betre høve til å tilpasse tilnærminga di for god kommunikasjon og støtte.
Skap ein trygg og tillitsfull atmosfære
For å oppnå god kontakt og samhandling med barn må du aktivt skape ein trygg og forståingsfull atmosfære. Dette startar med den positive, vennlege innstillinga di og anerkjenning av barnet som likeverdig.
Vis at du lyttar og forstår kjenslene og situasjonen til barnet ved å vere merksam, engasjert og nysgjerrig. Ein trygg relasjon vil auke motivasjonen til barnet til å til dømes ta ei blodprøve eller la seg undersøke.
Ver roleg og vennleg for å skape ein trygg atmosfære for barna. Ta deg tid til å forklare situasjonen på ein måte som er tilpassa alderen og utviklingsnivået deira.
Smil
Når du smiler, viser du at du er vennleg og merksam. Smil og latter frigjer hormon i kroppen som får deg til å kjenne deg bra. Blodtrykket søkk, musklane slappar av, og kjensla av både stress og smerte blir redusert.
Smil er smittsamt. Det er ikkje berre du som kjenner deg betre, det gjer òg at andre rundt deg får det betre.
Skap gode relasjonar
For å skape tryggleik og god kontakt med barn er det lurt å starte med å møte dei i høgda deira, etablere augnekontakt og gi eit ekte smil. Dette viser vennlegheit og at du er glad for å møte dei. Eit ekte smil skaper tryggleik fordi du viser at du vil bli kjend med dei og vil dei godt.
Fortel kva du heiter, og kva du gjer, for å gi oversikt og skape tryggleik. Spør kva barnet heiter, då viser du at du er interessert. Ver førebudd på at nokre barn ikkje vil svare, då kan du vende deg til dei føresette og spørje om dei kan hjelpe.
Bruk småprat for å bli betre kjend med barnet, og bruk gjerne namnet der det er naturleg. Snakk om det som opptek barnet her og no. Legg merke til detaljar som leiker eller figurar, og bruk dette som utgangspunkt for samtale. Gi oppmuntrande tilbakemeldingar, nikk og smil undervegs.
Leik og humor kan lette situasjonen og redusere frykt. Litt tull og artige grimasar kan skape latter og ro.
Ein god relasjon basert på lytting og forståing er avgjerande for motivasjonen til barnet og gjennomføringa av undersøkingar eller prosedyrar.
Open og anerkjennande kommunikasjon
Still opne spørsmål for å invitere barna til å dele tankar og kjensler. Lytt aktivt og anerkjenn barna og opplevingane de har. Prøv å forstå korleis dei har det, og vis respekt for det dei fortel eller spør om. Å anerkjenne kjenslene og handlingane til barna bygger tillit, tryggleik og motivasjon.
Skap føreseielegheit
Open informasjon gir tryggleik. For å hjelpe barn å forstå må du ta deg tid til å forklare situasjonen med enkle ord tilpassa alderen deira. Ver ærleg, men unngå å skremme.
Informer tydeleg og enkelt om kva som skjer eller skal skje. Gjenta gjerne på ulike måtar og oppmuntre til spørsmål. Gi enkle svar, og du kan òg bruke teikningar eller leik for å forklare.
Målet er å skape føreseielegheit, slik at barnet betre kan meistre situasjonen. Openheit førebur barnet og reduserer uvisse og uro.
Nærværet til foreldra
At foreldra er til stades og støttar, er viktig for at barna skal kjenne seg trygge, og dei er viktige samarbeidspartnarar for deg i samhandlinga med barn. Du må lytte til det foreldra seier, og òg tolke kroppsspråket deira. Foreldre kan gi deg viktig informasjon som kan hjelpe deg i kommunikasjonen med barnet.
Det er viktig å balansere merksemda og kommunikasjonen din mellom foreldre og barn. Viss barnet ikkje vil snakke med deg, må du likevel hugse å gi barnet, som er pasienten, like mykje merksemd og tid som foreldra. Då viser du at du respekterer barnet.
Utfordringar til deg
Kvifor er det viktig å møte barn på utviklingsnivået deira?
Korleis går du fram for å opprette ein god relasjon til barnet?
Korleis kan du bruke foreldre/føresette som støtte i dei ulike situasjonane?
Relatert innhald
Veremåten din og evna di til å vise empati og handle empatisk og anerkjennande har noko å seie for det å utvikle ein god relasjon.
Relasjonskompetanse handlar om kunnskapar og ferdigheiter til å opprette, bygge og halde ved like relasjonar mellom menneske.