Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv på kommunikasjon med barn

God kommunikasjon med barn og unge er ei nøkkelferdigheit for helsepersonell. Vi har ansvar for å skape tryggleik og formidle informasjon tilpassa alderen og utviklinga deira. Øv dykk på dette viktige området gjennom desse oppgåvene.

1. Brosjyre, plakat eller video

Jobb i par og lag ein brosjyre, plakat eller video som forklarer medisinske prosedyrar eller helseinformasjon på ein barnevennleg måte. Vel bilete, utforming og tekst som er tilpassa barn. Ver merksam på at vi ikkje forventar at barn i barnehagealder kan å lese.

2. Teikneserie eller illustrasjonar

Korleis kan de gjere helseinformasjon forståeleg for barn som ikkje kan lese? Lag ein teikneserie eller illustrasjonsbilete som viser ein typisk dag på ein klinikk eller eit apotek. Produktet skal vere utan tekst, for barna skal kunne "lese" og forstå han ved å sjå på bileta som viser kva som vil skje. Bruk gjerne filmen Å ta bedøvelse hos tannlegen på Vimeo som inspirasjon.

3. Lag podkast

Tenk dykk at de jobbar i eit helseserviceyrke. De har fått i oppdrag å vere med i ein podkast der temaet er: "Korleis førebu barn til møtet med …" . Kva treng barn å vite når dei skal til dømes til tannlegen, få rettleiing på apoteket om bruk av medisin, ta ei blodprøve på legekontoret eller leggast inn på sjukehuset? Kva kan du som helseservicearbeidar gjere for at barnet skal få ei så god oppleving som mogleg? Korleis kan føresette førebu barnet?

Gå saman i par og lag ein dialog der de snakkar om dette temaet. Deretter gjer de opptak av samtalen og let resten av klassen lytte.

4. Helsehuset til kosedyra

De skal saman designe eit helsehus for kosedyr. Lag eit helsehus som inneheld dei ulike arbeidsplassane som er aktuelle for dei yrka de i klassen har tenkt å utdanne dykk til (tannlegekontor, legekontor, apotek, sjukehus).

A. Planlegg helsehuset

  • Jobb i par eller grupper og lag ein plan og skisse for korleis helsehuset skal sjå ut. Planen må inkludere

    • korleis dei ulike avdelingane/romma skal sjå ut

    • plakatar med informasjon om kva som skjer der

    • informasjon kva slags utstyr og materiale som trengst i kvart rom

    • informasjon om kven som skal ha ulike roller / ulikt ansvar i helsehuset

  • Lag ein presentasjon av helsehuset og forklar for klassen korleis det vil fungere.

  • Diskuter i klassen og bli einige om korleis de vil forme ut eit felles helsehus for kosedyra.

B. Inviter barna

Kvar gruppe skal lage ein invitasjon til ein lokal barnehage eller SFO for å invitere kosedyra/dokkene til helsehus-undersøking. Invitasjonen skal vere fargerik og tilpassa barn, og han skal innehalde informasjon om kva dei kan forvente. Døme på kva kosedyra/dokkene kan oppleve:

  • tannlegeundersøking, røntgen, bruk av tanntråd og liknande

  • legeundersøking for å sjekke helsa, blodprøvar, sårstell, blodtrykk, augeskyljing

  • apotek der dei kan få rettleiing om og kjøpe medisin og helseartiklar

  • møte med ein portør som hjelper dei som ikkje kan gå

C. Gjennomføring

Under gjennomføringa er det viktig å skape tryggleik for både kosedyra og barna. Kommuniserer slik at de skaper tryggleik for pasienten (kosedyret) og eigaren (barnet). Forklar kva de skal gjere, gjer dei rolege, ver vennleg og positiv. Vis empati og respekt.

Viktig å tenke på i gjennomføringa:

  • Korleis de betener resepsjonen og yter service. Korleis skal de ta imot "pasienten"? Kanskje hjelpe dei med å fylle ut eit enkelt skjema (namn, plager)?

  • Korleis de hentar kosedyr og barn frå venterommet.

  • Korleis de gjennomfører undersøkingar og behandling.

  • Hugs hygiene.

  • Skriv pasientjournal.

D. Evaluering/refleksjon

Skriv eit refleksjonsnotat om korleis det gjekk.

  • Kva fungerte bra?

  • Kva kunne vore gjort annleis?

  • Kva lærte du?

Relatert innhald

Reflekter over eiga åtferd

Refleksjon hjelper oss å forstå og forbetre oss sjølve. Ved å tenke over kva vi gjer og opplever, kan vi lære, gjere endringar og bli betre.

Skrive av Siv Stai og Ragnhild Hamre Slinning.
Sist oppdatert 12.05.2025