Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Meslingar

Meslingar er ein svært smittsam virusinfeksjon som først og fremst rammar barn. Sjukdommen gir høg feber, hoste og eit karakteristisk raudt utslett. Sjølv om sjukdommen er sjeldan i Noreg, er han ein alvorleg trussel på verdsbasis fordi han kan gi alvorlege komplikasjonar.

Kva er meslingar?

Meslingar (morbilli) er ein svært smittsam virusinfeksjon. Sidan 1983 har vaksine mot meslingar vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet gjennom MMR-vaksinen (meslingar, kusma og raude hundar), og sjukdommen er derfor sjeldan i Noreg i dag. Før vaksinen vart innført, fekk nesten alle barn sjukdommen før skulealder.

I dag råkar han i hovudsak uvaksinerte barn, ungdommar og vaksne. Spedbarn er ofte beskytta av antistoff frå mora dei første seks månadene, men dei er svært sårbare fram til dei får vaksinen ved 15-månadersalderen. Dei som har hatt meslingar, utviklar livslang immunitet.

Symptom

Det tek vanlegvis 10–14 dagar frå ein person blir smitta til sjukdommen bryt ut. Symptoma utviklar seg i to tydelege fasar.

Den første fasen: forkjølingssymptom

Dei første teikna på sjukdom minner om ei kraftig forkjøling. I denne fasen får ein gjerne høg feber rundt 39 grader, hoste, hovudverk og raude, rennande auge. Mange opplever òg at dei blir lyssky. Tidleg i forløpet kan ein òg sjå små, kvite flekkar på innsida av kinna, som blir kalla Koplikske flekkar.

Den andre fasen: høg feber og utslett

Etter to til tre dagar kan feberen falle noko før han stig kraftig igjen til over 39 grader. Samtidig dukkar det typiske meslingutslettet opp. Utslettet startar gjerne bak øyra og ved hårfestet før det spreier seg til ansiktet, kroppen, armane og beina. Det består av raude flekker som ofte flyt saman. Etter omtrent fem dagar fell feberen, og utslettet begynner å forsvinne. Huda kan i etterkant bli brunskjoldete og skalle lett av i nokre veker.

Årsaker

Meslingar kjem av morbilliviruset. Det smittar gjennom luftsmitte og direkte kontakt med sekret frå luftvegane når ein hostar, nys eller snakkar. Smittefaren startar fire dagar før utslettet viser seg og varer til fire dagar etter at det har brote ut. Viruset er svært levedyktig og kan sveve i lufta eller overleve på overflater i opptil to timar. Viruset angrip slimhinnene i luftvegane og bindehinna i auga, og ein kan bli smitta sjølv utan å ha vore i direkte kontakt med ein person som er sjuk.

Diagnose

Ved mistanke om meslingar bør ein kontakte lege raskt. Sidan sjukdomsforløpet kan likne på andre barnesjukdommar som skarlaksfeber eller raude hundar, er det nødvendig med laboratoriestadfesting for å stille ein sikker diagnose. Ved mistanke om meslingar er det viktig å kontakte lege per telefon før ein møter opp på legekontoret for å unngå å smitte andre på venterommet. Legen tek vanlegvis ei blodprøve for å sjekke antistoff, i tillegg til ei penselprøve frå halsen, nasen eller munnsekretet.

Meslingar er ein allmennfarlig smittsam sjukdom. Det tyder at styresmaktene ser på sjukdommen som ein trussel mot folkehelsa. Helsepersonell har meldeplikt ved mistanke om smitte, og dei må varsle kommuneoverlegen med ein gong. Dersom prøvene stadfestar sjukdommen, skal legekontoret registrere tilfellet i Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS).

Komplikasjonar

Meslingar kan gi alvorlege komplikasjonar fordi viruset svekker immunforsvaret og øydelegg flimmerhåra i luftvegane. Dersom ein smitta person held fram med å ha høg feber etter at utslettet har brote ut, kan det vere eit teikn på at det har oppstått komplikasjonar. Vanlege etterinfeksjonar er lungebetennelse, mellomøyrebetennelse og biholebetennelse. Ein sjeldan, men svært alvorleg komplikasjon er hjernebetennelse (encefalitt), som kan gi varige skadar. Smitte hos gravide kan vere farleg for både mor og foster, og det kan føre til spontanabort eller tidleg fødsel.

Behandling

Det finst inga behandling mot sjølve morbilliviruset, og infeksjonen går som regel over av seg sjølv. Dersom det oppstår ein bakteriell infeksjon som følgje av meslingane, må infeksjonen behandlast med antibiotika. Sidan sjukdommen er definert som allmennfarleg, får pasienten dekt alle utgifter til undersøking, prøvetaking og behandling gjennom folketrygda.

Eit smitta barn kan vende tilbake til barnehage eller skule tidlegast fire dagar etter at utslettet har oppstått, så sant det er feberfritt og har god allmenntilstand.

Utfordringar til deg

  1. Kva er årsaka til at talet på tilfelle av meslingar sokk drastisk etter 1983?

  2. Kvifor kan det vere vanskeleg å stille diagnosen utan å ta laboratorieprøver?

  3. Kva komplikasjonar kan oppstå av meslingar?

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2025, 27. mai). Meslinger (morbilli) – veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/sykdommer-a-a/meslinger-morbilli/#ffb72090-03c2-4d96-97cc-2d4343e1dd77-0

Helsenorge. (2025, 25. februar). Meslinger. https://www.helsenorge.no/sykdom/infeksjon-og-betennelse/meslinger/

Lie, S. O. & Myrvang, B. (2025, 14. april). Meslinger. Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/meslinger

Norsk helseinformatikk. (2024, 29. januar). Meslinger. https://nhi.no/sykdommer/barn/infeksjoner/meslinger

Skrive av Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 07.04.2026