Kikhoste

Kva er kikhoste?
Kikhoste (pertussis) er ein svært smittsam luftvegsinfeksjon som kjem av bakterien Bordetella pertussis. Sidan 1952 har vaksine mot kikhoste vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, og sjukdommen er derfor mindre utbreidd blant barn i dag enn før. Før vaksinen blei innført, var dette ein svært vanleg barnesjukdom som kunne gi livstruande komplikasjonar.
I dag oppstår flest tilfelle blant ungdom og vaksne. Det kjem av at vernet frå vaksinen minkar over tid, slik at ein igjen blir mottakeleg for smitte nokre år etter siste dose. Spedbarn er mest utsette for alvorleg sjukdom dei første månadene før dei er gamle nok til å starte vaksinasjonen. For å verne desse spedbarna får også gravide tilbod om kikhostevaksine. I motsetning til mange andre barnesjukdommar gir verken vaksine eller gjennomgått sjukdom livslang immunitet.
Symptom
Det tek vanlegvis 7 til 10 dagar frå ein blir smitta til dei første symptoma viser seg, men det kan ta alt frå 5 til 21 dagar. Vi deler sjukdomsforløpet inn i to fasar.
Den første fasen: forkjølingssymptom
Den første fasen varer i éi til to veker. I denne perioden liknar kikhoste på ei vanleg forkjøling, og ein har gjerne rennande nase, lett hoste og moderat feber.
Den andre fasen: kraftige hosteanfall
Den andre fasen varer vanlegvis frå to til seks veker. Då får pasienten kraftige hosteanfall som ofte fører til at ein brekker seg eller kastar opp slim. Anfalla kan vere så tette og utmattande at ein får problem med å trekke pusten. Når anfallet endeleg er over, dreg ein pusten raskt inn med ein kvinande lyd. Lyden kallar vi ei kiking, og det er denne lyden som har gitt sjukdommen namnet sitt. Mellom anfalla kan forma verke heilt fin.
Årsaker
Kikhoste smittar gjennom dropesmitte når ein hostar, nys eller snakkar. Det tek vanlegvis 7 til 10 dagar frå ein blir smitta til sjukdommen bryt ut.
Smitta personar er mest smittsame i den første fasen. Utan behandling er ein smittsam i cirka tre veker, men ved bruk av antibiotika reknar vi personen som smittefri etter fem dagar.
Sidan effekten av vaksinen minkar over tid, har vaksne ofte færre antistoff i kroppen enn barn. Dette er årsaka til at det oppstår utbrot blant ungdom og vaksne. Folkehelseinstituttet tilrår derfor ein oppfriskingsdose kvart tiande år. Sjølv om vaksinen ikkje hindrar sjukdom hos alle, vil han bidra til mildare symptom, eit kortare forløp og lågare risiko for komplikasjonar.
Diagnose
Korleis legen stiller diagnosen, er avhengig av kor langt pasienten har komme i sjukdomsforløpet. Dei første fire vekene tek legen ei penselsprøve frå nasesvelget ved å føre ein tynn prøvepinne opp i nasen. Denne prøva bruker legen til å påvise arvestoffet til bakteriane.
Legen kan også bruke naseprøva til dyrking av bakteriar, noko som er spesielt vanleg ved utbrot. Ved dyrking kan laboratoriet undersøke korleis bakterien utviklar seg, og kva type antibiotika som verkar best mot akkurat denne infeksjonen.
Dersom det har gått meir enn fire veker, tek legen ei blodprøve for å sjekke mengda antistoff i blodet. Når laboratoriet skal tolke resultatet, må dei vite når sjukdommen starta og når pasienten fekk siste vaksinedose. Dette er viktig fordi ein tidlegare vaksine kan påverke mengda antistoff i blodet.
Kikhoste er ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Det betyr at styresmaktene ser på sjukdommen som ein trussel mot folkehelsa. Helsepersonell har meldeplikt ved mistanke om smitte, og dei må varsle kommuneoverlegen med ein gong. Viss prøvene stadfestar sjukdommen, skal legekontoret registrere tilfellet i Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).
Komplikasjonar
Kikhoste kan føre til alvorlege komplikasjonar, særleg hos dei minste barna. Hos spedbarn kan dei kraftige hosteanfalla føre til kramper, bevisstløyse og oksygenmangel. I verste fall kan infeksjonen eller pustestoppet gi varige hjerneskadar. Sjukehus bør vurdere å legge inn alle barn under seks månader ved mistanke om kikhoste.
Også eldre barn og vaksne med underliggande sjukdommar er utsette for komplikasjonar. Det gjeld spesielt personar med alvorleg astma, nedsett immunforsvar eller medfødd hjartefeil.
Behandling
Antibiotika kan lindre sjukdomsforløpet og gjere pasienten raskare frisk, men berre viss legen stiller diagnosen tidleg i den første fasen. Om ein har hosta i meir enn tre veker, har antibiotika liten verknad på sjølve forløpet, men medisinen kan framleis stoppe vidare smitte. Sidan sjukdommen er definert som allmennfarleg, får pasienten dekt alle utgifter til undersøking, prøvetaking og behandling gjennom folketrygda.
Andre tiltak kan redusere plagene undervegs. Det er viktig å drikke mykje væske for å erstatte væsketap og gjere slimet lettare å hoste opp. Ein bør også heve hovudenden i senga ved kvile og søvn. Dette hindrar at slim samlar seg i lungene, noko som elles kan forverre hostinga.
Eit barn med kikhoste bør vere heime frå barnehage eller skule i fem dagar etter oppstart med antibiotika. Dersom behandlinga startar seint i forløpet, er smittefaren mindre, og barnet kan gå tilbake dagen etter oppstart dersom allmenntilstanden er god. Ved utbrot i barnehage eller skule skal leiinga informere foreldre og tilsette slik at uvaksinerte barn kan følgast opp.
Utfordringar til deg
Kvifor reknar vi kikhoste som ein barnesjukdom?
Kvifor er kikhoste ein alvorleg sjukdom for små barn?
Kvifor må laboratoriet vite om vaksinestatusen før dei tolkar ei blodprøve?
Kva trur du er årsaka til at fleire ungdommar og vaksne enn små barn får kikhoste i dag?