Gjer greie for barnesjukdommane

1. Utforsk ein vanleg barnesjukdom
Vel éin av barnesjukdommane frå lista under som du skal utforske nærmare. Du kan velje om du vil gjere oppgåve A, som er å lage eit informasjonshefte (individuell oppgåve), eller oppgåve B, som er å lage ein podkast (saman med ein eller fleire medelevar).
Vasskoppar
Raude hundar
Kikhoste
Kusma
Meslingar
Skarlagensfeber
Den fjerde barnesjukdommen
Den femte barnesjukdommen
A. Lag eit informasjonshefte
Lag eit informasjonshefte om sjukdommen de har valt. Heftet skal vere oversiktleg og retta mot foreldre.
Heftet skal innehalde
ei kort beskriving av sjukdommen og kva mikroorganisme som forårsakar han
vanlege eller typiske symptom, med bilete og beskriving av sjukdomsforløpet
eventuelle komplikasjonar som kan oppstå
informasjon om behandling og om det finst vaksine mot sjukdommen
råd og tips til føresette under sjukdomsforløpet
informasjon om når barnet kan dra tilbake til barnehage eller skule
B. Lag ein podkast
De skal jobbe i grupper på to til tre elevar og spele inn ein podkast om ein av barnesjukdommane. Det er også mogleg å spele inn samtalen som ei vanleg lydfil. De kan gjere opptak på PC eller mobil.
Dersom de treng ei innføring i å spele inn podkast, finn de ei enkel rettleiing her: "Korleis lage ein podkast".
Dette skal vere med i podkasten:
Introduksjon
Fortel kven de er, og kva sjukdom de skal snakke om.
Årsak, symptom og sjukdomsforløp
Fortel kva mikroorganisme (virus eller bakterie) som er årsak til sjukdommen, og gjer greie for symptom og sjukdomsforløp.
Behandling
Fortel kva ein kan gjere for å lindre ubehag som feber, smerte eller kløe.
Vaksinasjon
Fortel om det finst vaksine mot sjukdommen, og om vaksinen er ein del av det norske barnevaksinasjonsprogrammet.
Råd til føresette
Kom med praktiske tips til føresette om pleie og omsorg for barnet mens det er sjukt, og fortel når barnet blir rekna som smittefritt og kan vende tilbake til barnehage eller skule.

2. Lag ei oversikt over barnesjukdommane
Sidan fleire av dei mest kjende barnesjukdommane har symptom som liknar kvarandre, skal du lage ein tabell som gjer det lettare å sjå likskapar og forskjellar.
Etter at du har fylt ut tabellen, skal du skal svare på spørsmål om sjukdommane og lage eigne spørsmål til medelevane dine.
A. Fakta om kvar sjukdom
Last ned tabellen nedanfor og fyll ut fakta om kvar sjukdom: inkubasjonstid, symptom, smittemåte, immunitet, behandling og smittefare. Nedanfor forklarer vi desse omgrepa.
- Inkubasjonstid
- tida frå ein person blir smitta av ein mikroorganisme til dei første symptoma på sjukdommen viser seg
- Symptom
- teikn på sjukdommen (til dømes utslett eller feber) og korleis forløpet er
- Smittemåte
- korleis smittestoffet blir overført frå ein person til ein annan, til dømes gjennom lufta (drope- og luftsmitte) eller ved fysisk berøring (direkte og indirekte kontaktsmitte)
- Immunitet
- ein tilstand der ein ikkje lenger kan bli sjuk av ein bestemd mikroorganisme, anten fordi kroppen har utvikla eit forsvar gjennom tidlegare sjukdom eller på grunn av vaksinasjon
- Behandling
- medisinske tiltak som kan kurere sjukdommen (til dømes antibiotika), eller tiltak som lindrar ubehag og symptom
- Smittefare
- risikoen for når ein kan overføre smitte til andre, og dermed når eit barn kan vende tilbake til barnehage eller skule
B. Spørsmål og svar om sjukdommane
Etter at du har fylt ut tabellen med fakta om sjukdommane, skal du svare på spørsmåla under.
Kva barnesjukdommar har like symptom?
Kva for nokre av sjukdommane inngår i barnevaksinasjonsprogrammet?
Kva barnesjukdommar gir varig immunitet etter gjennomgått sjukdom eller vaksinasjon?
Etter at du har svart på spørsmåla, kan du lage fleire faktaspørsmål som du stiller til ein eller fleire medelevar.
Relatert innhald
Infeksjonssjukdommar er sjukdommar forårsaka av mikroorganismar som virus, bakteriar, sopp og andre mikrobar.
Artikkelen gir oversikt over vaksinasjonsprogrammet i Noreg, tilbod utanom programmet og innsikt i kvifor vaksinasjon er viktig for folkehelsa.