Korleis er Loen danna?

Introduksjon
Landskapet i og rundt Loen tiltrekker seg hundretusenvis av turistar kvart år. Kva er det som gjer at folk frå heile verda reiser til ein liten fjordarm på Vestlandet? No skal du bruke det du har lært om ytre krefter til å tolke korleis Loen er danna.
Tren på å tolke landskapet
Bruk film, bilete og lausmassekartet du finn i oppgåva "Bli kjend med Loen", i tillegg til 3D-kartet i oppgåvene.
Skriv svar med eigne ord, og bruk skjermbilete for å vise konkrete døme frå Loen og områda rundt. Du kan ta skjermbilete av bilete, kart og filmen som presenterer Loen.
Tips til bruk av 3D-karta
Fullskjermvisning er tilgjengeleg nede til høgre.
Oppe til høgre er ein knapp for bokmerke. Bokmerka tek deg til områda du skal tolke i oppgåvene.
Zoom inn og ut med pluss- og minussymbola.
Om du trykker på kompassnåla, blir kartet orientert mot nord.
Symbolet med piler i alle retningar lar deg flytte på kartet ved å halde inne musepeikaren og dra kartet i ulike retningar.
Om du trykker på symbolet med ei pil i sirkel, kan du rotere kartet rundt og opp og ned ved hjelp av musepeikaren.
1. Korleis er dalen danna?
Bruk 3D-kartet under når du skal svare på spørsmåla. Bokmerka oppe i høgre hjørne tek deg til stadene du skal tolke. Spørsmål A høyrer til første bokmerke, spørsmål B høyrer til andre bokmerke, og så vidare.
For å tolke korleis dalen er danna, skal vi hjelpe deg litt på veg. Derfor skal du få tolke del for del og på den måten trene deg på å tolke eit landskap.
3D-kart
Spørsmål
Sjølve dalen er ganske brei og djup og har ei karakteristisk form, sjå på det første bokmerket i 3D-kartet. Kva slags ytre kraft har danna han, trur du?
I botnen av dalen finn vi mykje meir lausmassar enn vi gjer høgt oppe i sidene, sjå på det andre bokmerket i 3D-kartet. Korleis har alle desse hamna der?
Det går ein liten dal gjennom lausmassane, sjå på det tredje bokmerket i 3D-kartet. Kva slags ytre kraft har grave ut denne?
Vi har då tre ulike krefter som har verka saman for å danne landskapet. Den som har grave ut den store hovuddalen, den som har lagt igjen lausmassane, og den som har grave ut dalen i lausmassane, sjå på det fjerde bokmerket i 3D-kartet. I kva rekkefølge har desse prosessane verka?
2. Klarer du å tolke landformene?
Bruk 3D-kartet under når du skal svare på spørsmåla. Bokmerka oppe i høgre hjørne tek deg til stadene du skal tolke. Spørsmål A høyrer til første bokmerke, spørsmål B høyrer til andre bokmerke, og så vidare.
3D-kart
Spørsmål
Loen sentrum ligg på ei flate der elvemunninga møter fjorden, sjå på det første bokmerket i 3D-kartet. Vi skal no prøve å forstå korleis denne flata er danna. For å gjere dette lettare deler vi opp oppgåva i mindre spørsmål:
Trur du landforma er ei avsetjings- eller erosjonsform?
Landforma er danna der ei rennande elv møter stilleståande vatn. Kva landform kan det vere som har blitt danna her då?
Trur du landforma er danna før eller etter landhevinga etter siste istid?
Trur du det er ei aktiv landform, altså at ho framleis blir danna, eller ei passiv landform, ei som er danna tidlegare og no ikkje utviklar seg lenger?
Sjå på det andre bokmerket i 3D-kartet. Kva slags form har denne dalen? Korleis får han den karakteristiske forma si?
Elva svingar seg nedover i tydelege svingar, sjå på det tredje bokmerket i 3D-kartet. Korleis blir denne landforma danna?
3. Hva har skjedd når?
Ta no for deg ein annan stad i nærleiken av Loen.
Prøv å skrive ein tekst der du forklarer korleis landskapet har utvikla seg, i kronologisk rekkefølge. Du kan ta utgangspunkt i eit enkelt bilete eller skjermutklipp for å avgrense området litt. Kva ytre krefter har påverka landskapet, og kva har skjedd først og sist?

Bonusoppgåver
Har du lyst til å lære meir om samanhengen mellom indre og ytre krefter eller forstå dette med istider litt grundigare, kan du bryne deg på desse oppgåvene. Det kan vere ein fordel å bruke desse ressursane undervegs:
1. Istider og mellomistider
Forklar forskjellen på istider og mellomistider, med tanke på korleis dei formar landskapet.
Finn konkrete døme på at istider har forma landskapet rundt Loen, og forklar korleis det har skjedd.
Finn konkrete døme på at mellomistider har forma landskapet, og forklar korleis det har skjedd.
2. Den geologiske historia
Bruk Loen som utgangspunkt. Lag ei oversikt over den geologiske historia frå den kaledonske fjellkjedefaldinga og heilt fram til i dag. Få med dei vesentlege hendingane som har vore med på å skape den berggrunnen og det landskapet vi finn i og rundt Loen i dag.