Små vestlandsbygder som Loen og Olden får besøk av hundretusenvis av turistar kvart år. Kva er det som trekker turistane hit, og kan det oppstå konfliktar?
Suvenirbutikkane i Olden og Loen tyder på at det er mange utanlandske turistar i området.
På kva måtar er det tilrettelagt for turistar i Loen?
Kva er det med naturen i Loen som tiltrekker seg så mange turistar kvart år, trur du?
Kva for nokre ulike interesser knytte til arealbruken kan vi finne i Loen? Det kan både dreie seg om landbruk, naturressursar, næringsinteresser og andre landskapsverdiar knytte til estetiske verdiar eller opplevingsverdiar. Skriv ned ei liste med minst fem ulike interesser. Ver så konkret som mogleg og forklar med eigne ord.
Korleis kan dei ulike interessene i spørsmål 3 komme i konflikt og skape ueinigheit?
Det er kanskje ikkje så vanskeleg å skjønne kvifor turistane vil besøke Vestlandet?
De skal no gjennomføre eit rollespel og halde eit ope folkemøte for innbyggarar og turistar i Loen. Målet med møtet er å få fram ulike interesser med tanke på vidare utvikling av Loen og områda rundt.
Tittelen på folkemøtet er som følger: Loen inn i framtida – kva skal prioriterast i vidare utvikling av Loen?
Vel ein eller to elevar som kan vere møteleiarar.
Resten av klassen deler de inn i grupper som representerer ulike aktørar eller roller. De kan finne på rollene sjølve eller bruke nokre av forslaga i boksen under.
Forslag til roller
Klaus (71) og Renate (67)
Tyske bubilturistar som besøker Vestlandet kvar sommar. Dei er opptekne av den vakre og storslåtte naturen. Dei liker òg moglegheita for gondol opp på fjellet, sidan knea til Klaus gjer at dei ikkje kan gå på fjelltoppar for eiga maskin. Klaus og Renate prøver å legge besøket sitt til Loen utanfor høgsesongen til cruisebåtane.
Leif (55)
Fjerdegenerasjons bonde i Loen. Han har eit stort, moderne fjøs. Leif kjenner mange som jobbar med turisme i bygda, og tener sjølv litt ekstra på å moke snø for turistar på vinteren. Han synest det kan bli vel mange turistar når cruisebåtane ligg til hamn og turistane trampar ned jorder og øydelegg gjerde.
Sigrid (35)
Gründer som har starta fleire bedrifter retta inn mot ulike typar turisme. Ho er flink til å sjå moglegheiter og utvikle nye konsept. Som småbarnsmor er ho oppteken av å skape liv i bygda og hindre fråflytting. Sigrid er oppteken av å gjere Loen attraktivt slik at ikkje barneskulen blir lagd ned.
Johan (23)
Lokal rånar som jobbar på den lokale hjørnesteinsbedrifta Nordfjord kjøtt. Han har fagbrev i logistikk. Kvar sommar irriterer han seg over alle bubilturistane, men samtidig drøymer han om å starte eit eige firma innan turisme.
Dixie (20)
Amerikansk influensar som brenn for å lage innhald som gir klikk og likes. Ho vil gjerne oppdage majestetisk natur og særeigne stader, men ønsker ikkje å bruke for mykje tid på å komme seg til kvar enkelt stad. Dixie elskar turistdestinasjonar der det er godt tilrettelagt og enkelt å oppleve mykje ulikt på kort tid.
Sofia (16)
Skuleelev som bur i Loen og går på vidaregåande i Stryn. Sofia synest det bør komme fleire tilbod for ungdommar i bygda, og at ikkje alt skal dreie seg om turistane. Samtidig kjenner ho veldig mange som jobbar med turisme, så ho vil ikkje ha alle turistane vekk.
Nils (18)
Skuleelev som har vakse opp i Loen, men som no bur på hybel i Sandane for å gå på musikklinja på Firda vidaregåande skule. Det er ein times køyretur unna. Nils er oppteken av at Loen (og Stryn kommune) må satse meir på musikk og kultur for at det skal bli attraktivt for han å flytte heim igjen etter utdanninga.
Amanda (54)
Lokal ornitolog og hobbyfotograf som er oppteken av fugle- og dyrelivet i bygda. Ho er skeptisk til naturinngrep som gjer at natur forsvinn. Samtidig er ho stolt av den flotte naturen i bygda og er glad for at andre òg får oppleve dette.
Michael (59)
Amerikanar frå Florida som elskar å oppdage verda som cruiseturist. Han synest landskapet rundt Loen er fantastisk og vil både opp i skyliften og inn til breen når han er i området. Michael kjøper gjerne eit troll og ein vikinghjelm frå suvenirbutikkane. Dersom moglegheita byr seg, betaler han gjerne for ein helikoptertur inn til breen.
Klara (51)
Driv ein lokal campingplass og ønsker å legge til rette for gode opplevingar for turistane. Ho er glad for mange av dei nye attraksjonane i bygda, men kan synast at cruiseturistane tek vel mykje plass og merksemd. Klara er frå Loen og er oppteken av å ta vare på naturen og samtidig skape eit attraktivt lokalmiljø. Ho skulle gjerne sett at dei klarte å lokke fleire unge til bygda.
Silje (43)
Fjellguide med base i Stryn. Silje elskar naturen og dei naturopplevingane ein kan få i området både på breen og på fjellet med ski, klatreutstyr eller fjellsko. Ho kan synast det byrjar å bli litt vel tilrettelagt i Loen no og trur at mest mogleg urørt natur er bra både for menneske og naturen.
Finn argument
Bli kjende med staden og finn ut kva landskapsverdiar, interesser og naturressursar som er relevante og interessante for aktøren/rolla dykkar. Bruk gjerne oppgåva "Bli kjend med Loen".
Nokre stikkord som kan vere til hjelp for å komme i gang: ulike naturressursar, NIMBY, samfunnsnyttige formål, næringsinteresser, naturgode, estetiske verdiar, opplevingsverdiar og naturfarar.
Lag eit kort startinnlegg (maks to minutt) der de
presenterer aktøren/rolla dykkar
forklarer hovudinteressene dykkar
grunngir standpunktet dykkar
Møteleiarane lagar ein plan for gjennomføring av folkemøtet (sjå forslag til struktur i boksen nedanfor).
Gjennomføring av folkemøtet
Møteleiarane styrer debatten, som følger desse reglane:
De argumenterer ut frå rolla dykkar og ikkje ut frå eigne meiningar.
Vis respekt for andre aktørar.
Grunngi meiningane dykkar.
Bruk signal for innlegg og replikk.
Forslag til struktur på folkemøtet
Startinnlegg
Kvar gruppe presenterer innlegga sine (maks to minutt kvar).
Debatt
Gruppene utfordrar kvarandre og grunngir eigne argument.
Kva kan vere ei mogleg løysing? Prøv å finne kompromiss. Kva kan gruppene vere einige om? Kva er gruppene ueinige om?
Avslutning
Kvar gruppe held eit sluttinnlegg på cirka eitt minutt.
Etterarbeid: individuell refleksjon
Denne delen kan gjennomførast skriftleg eller munnleg.
Reflekter over moglegheiter og utfordringar med masseturisme. Ta utgangspunkt i folkemøtet, fagstoffet og eigne meiningar.
Kva er positivt med turisme?
Kva utfordringar kan turisme føre til?
Kan turisme påverke små stader annleis enn større byar? Korleis?
Korleis bør Loen prioritere for den vidare utviklinga?