Fagstoff
Introduksjon: Vakre Vestlandet
Vestlandet er kjent for vakker natur med djupe dalar og høge tindar. Korleis er landskapet danna, og korleis taklar små stader hundretusenvis av turistar? I denne casen bruker vi Loen som utgangspunkt for å forstå korleis landskapet er danna, og sjå korleis masseturisme påverkar ein liten plass.

Bilete frå toppen av gondolen ved Loen. Nede til venstre er Loen med Lovatnet bak, og midt i biletet er Olden.
Læringsmål
Etter å ha jobba med heile casen skal du kunne
forklare korleis ytre krefter kan skape erosjonsformer og avsetjingsformer
forklare hovudtrekka i danninga av fjordlandskapet på Vestlandet
diskutere moglegheiter og utfordringar ved turisme
peike på og vurdere verdien av ulike naturressursar og landskapsverdiar
Tidsbruk
Fem økter på 90 minutt kvar.