Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Gjer deg klar til geografieksamen

Kva bør du lære, korleis kan du finne ut kva du kan, og korleis er eigentleg eksamen i geografi? Her har vi samla nokre tips til deg som skal opp i munnleg eksamen i geografi.

Rammer for munnleg eksamen

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • førebuingstid: 24 timar

  • eksamenstid: inntil 30 minutt

Det betyr at du får 24 timar på å førebu deg på det du møter på eksamen. Du vil få eit tema eller ei ganske vid oppgåve.

Du kan velje å bruke litt av førebuingstida til å lage ein presentasjon for å svare på oppgåva, men det er ikkje eit krav. For mange kan det likevel vere lurt å starte eksamen med å halde ein presentasjon; du får ha regien, noko som kan gjere situasjonen litt tryggare. Presentasjonen kan vare i inntil 10 minutt.

Til deg som er privatist

Eksamen i geografi er munnleg òg for privatistar. For privatistar kan forma på munnleg eksamen variere frå fylke til fylke. Du bør derfor undersøke kva som gjeld i fylket ditt.

Det vanlegaste er ei førebuingstid på 30 minutt. Då trekker du ei oppgåve, eit tema eller ei problemstilling. Førebuingstida bruker du til å førebu deg på å svare på dette.

Etter 30 minutt går du inn til sjølve eksaminasjonen. Det går føre seg på same måte som for dei som tek eksamen som ordinær elev: Først får du presentere det du har førebudd i førebuingstida. Deretter stiller eksaminator og sensor deg spørsmål. Dei startar ofte med å ta utgangspunkt i oppgåva, temaet eller problemstillinga du fekk delt ut i førebuingstida, men dei kan òg stille andre spørsmål basert på læreplanen i faget.

Tenk over

Kva meiner du kan vere fordelar og ulemper med å velje presentasjon på munnleg eksamen?

Film: Munnleg eksamen

Filmen under (lengde 11:18) går gjennom korleis munnleg eksamen med førebuingsdel fungerer. Sjølv om filmen er laga til faget marknadsføring og leiing, får han godt fram både korleis eksamensforma er, og kva som skal til for å få ein god karakter.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Eksamen er lokalgitt

I læreplanen står det at eksamen i geografi blir utarbeidd og sensurert lokalt. Det betyr at det er faglæraren din som utarbeider eksamen, ofte i samråd med ekstern sensor. Geografilæraren din veit kva de har jobba med i timane, og lagar eksamen med utgangspunkt i dette. Derfor er det lurt å repetere og jobbe med det de har vore gjennom i faget i løpet av skuleåret.

På eksamen er det i utgangspunktet faglæraren din som er eksaminator og dermed den stiller dei fleste spørsmåla. I tillegg er ein ekstern sensor til stades. Dette er ein lærar som jobbar på ein annan skule. Sensor kan òg stille spørsmål og vil vere den som har det siste ordet når karakteren skal setjast.

Lær fagomgrep

Geografi handlar om å forstå verda rundt oss. Korleis har naturen og samfunnet forma denne staden? Dei fleste klarer å seie noko om dette, men om du skal gjere det bra på eksamen, er det lurt å kople det til fagomgrep. Å pugge, forstå og øve seg på å bruke fagomgrep munnleg vil vere ei god førebuing til eksamen.

Vi har to sider du kan bruke for å jobbe med fagomgrep:

Finn ut kva du kan

Når du skal førebu deg til eksamen, er det lurt å finne ut kva du kan, og kva du ikkje kan. Då blir det enklare å gjere noko med det du ikkje kan.

Geografifaget på NDLA er delt i åtte fagemne (i tillegg til eit emne om faget og eit verktøy- og metodeemne). I alle dei åtte fagemna finn du ei side som heiter "Kva kan du no?". Desse sidene kan du bruke aktivt til å finne ut kva du kan godt, og kva du treng å jobbe med.

Her finn du dei ulike sidene:

"Kva kan du no?" til emnene Globalisering og lokalisering og Klima kjem i løpet av våren 2026!



Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 06.05.2026