Pugg fagomgrep!

Kvifor lære omgrep?
Hjernen vår har avgrensa kognitiv kapasitet. Derfor er det vanskeleg å lære veldig mange ting på ein gong. Om du først har lært nokre fagomgrep, blir det enklare å forstå vanskeleg fagstoff etterpå. Skal du ha munnleg prøve eller gå opp til munnleg eksamen, vil det å kunne mange fagomgrep vere til god hjelp.
Under finn du omgrepslister og interaktive oppgåver til alle emna i geografifaget. Så då er det berre å setje i gang med å pugge omgrep!
Vil du heller lære fagomgrepa ved hjelp av KI, har vi samla instruksar du kan bruke i kvart emne i artikkelen "Lær geografiomgrep ved hjelp av praterobot".
Tips til læraren
Om du vil legge til eller fjerne fagomgrep, er det ein god idé å hente ut fagomgrepa herfrå, for så å lage eigne lister som du deler med elevane.
Å lære å lære
Å ha eit bevisst forhold til si eiga læring er nyttig for elevane. I geografifaget på ndla.no har vi derfor laga ulike måtar å jobbe med dette på. Kvart emne har ein ressurs som heiter "Kva kan du no?". Den kan elevane bruke til å jobbe med fagomgrep, men òg kompetanse på eit høgare taksonomisk nivå.
Vi har i tillegg laga oppgåver som handlar om å repetere og terpe grunnleggande kunnskap. De kan til dømes jobbe med omgrepsinnlæring gjennom leik – sjå oppgåva "Gul bolle – leik og lær fagomgrep". Vi har òg ei oppgåve der elevane kan øve på å plassere land og hovudstader, nemleg oppgåva "Få geografisk oversikt".
Berekraftig utvikling
Liste: Sentrale fagomgrep og fakta i Berekraftig utvikling
- FNs berekraftsmål
- 17 mål og 169 delmål som skal gjere verda meir berekraftig, vedtekne av medlemslanda i FN
- klima- og miljødimensjonen
- dimensjonen ved berekraftig utvikling som handlar om at vi må ta vare på naturen fordi vi menneske er avhengig av naturen på mange ulike måtar
- den sosiale dimensjonen
- dimensjonen ved berekraftig utvikling som handlar om å sikre alle eit godt og rettferdig grunnlag for at dei skal kunne leve gode liv
- den økonomiske dimensjonen
- dimensjonen ved berekraftig utvikling som handlar om å sikre økonomisk tryggleik for menneske og samfunn
- bryllaupskakemodellen
- ein måte å rangere berekraftsmåla på etter kva som er viktigast: klima og miljø nedst (viktigast), sosiale forhold i midten og økonomi øvst
- antropocen
- det vi kallar den perioden vi er inne i no, som har stor menneskeleg påverknad på jordkloden
- økosystemtenester
- alle goda og tenestene vi får frå naturen og økosystema i dag, som rein luft, insekt som pollinerer, og tømmer frå skogen
- livsgrunnlag
- det ein art treng for å leve, som at vi menneske er avhengige av mange ulike økosystemtenester frå naturen
- naturtap
- tap av naturområde og artar på grunn av endra arealbruk, overforbruk, klimaendringar, forureining og framande artar
- den store akselerasjonen
- eit omgrep som beskriv korleis menneskeleg aktivitet og påverknad på jorda har auka veldig raskt frå rundt 1950; det gjeld befolkning, energibruk, forbruk og utslepp
- nedbygging
- det at vi menneske bygger vegar, hus, hyttar og andre ting i område som tidlegare var naturområde
- økologisk fotavtrykk
- eit mål på kor mykje du og eg påverkar naturen; eit høgt økologisk fotavtrykk er ikkje berekraftig
- forvalte
- å styre bruken av noko; i geografi: å styre korleis vi skal bruke naturen rundt oss
- sirkulære produkt
- produkt som er laga på ein måte som gjer at vi kan bruke dei ulike delane om igjen, til dømes panteflasker
- k-slagsida til media
- omgrep som blir brukt om fokuset medie har på akutte hendingar som krig, kaos, katastrofe og konflikt; kan gi eit skeivt inntrykk av korleis det eigentleg går med verda
- metastudie
- ein stor studie der forskarar tek for seg mange enkeltstudiar og ser på kva dei til saman seier om eit tema
Interaktiv oppgåve
Indre krefter
Liste: Sentrale fagomgrep og fakta i Indre krefter
- indre krefter
- oppbyggande krefter som kjem frå jordas indre
- platetektonikk
- teori om korleis jordas ytre lag er delt opp i store plater som beveger seg i forhold til kvarandre
- magma
- smelta steinmasse som er i jordas indre
- litosfæren
- det ytste laget til jordklode, består av jordskorpa og den øvste, faste delen av mantelen
- mantelen
- den største delen av jordas indre som ligg mellom jordskorpa og kjernen
- litosfæreplater
- plater som jordskorpa og den øvste delen av mantelen er delte inn i, og som beveger seg i forhold til kvarandre
- spreiingssone
- område der to litosfæreplater glir frå kvarandre
- midthavsrygg
- vulkansk fjellkjede som oppstår i ei spreiingssone mellom to havbotnplater
- riftdal
- brei dal som kan oppstå når litosfæreplater glir frå kvarandre
- kollisjonssone
- område der to litosfæreplater kolliderer med kvarandre
- falding
- prosess der høgt trykk pressar bergartar saman slik at dei blir bøygde og får eit bølga mønster som blir kalla faldar; fenomenet oppstår ofte i samband med fjellkjededanning
- subduksjon
- prosess der den tyngste litosfæreplata blir pressa ned under ei anna plate når desse kolliderer med kvarandre
- djuphavsgrop
- djup kløft på havbotnen som oppstår ved subduksjon
- glidegrense
- der to litosfæreplater beveger seg sidelengs i forhold til kvarandre
- jordskjelvfokuset
- området nede i jordskorpa der jordskjelvet oppstår
- forkasting
- brot i berggrunnen som fører til at to delar av jordskorpa blir forskyvde i forhold til kvarandre
- episenter
- punktet på jordoverflata rett over eit jordskjelvfokus
- moment-magnitudeskala
- logartimisk skala som blir brukt i samband med måling av styrken på jordskjelv
- tsunami
- ei kjempestor bølge som kan oppstå etter jordskjelv, vulkanutbrot eller skred under havoverflata
- lava
- smelta steinmasse på jordoverflata
- varmeflekk (hotspot)
- område i mantelen der ekstra varm magma stig mot jordoverflata
- pyroklastisk materiale
- ei blanding av varme gassar og partiklar som kjem ut ved eksplosive vulkanutbrot
- magmatisk bergart
- størkningsbergart som blir danna når magma blir avkjølt og størknar til fast stein
- sedimentær bergart
- avsetjingsbergart som blir danna ved at lausmassar legg seg lag på lag oppå kvarandre og blir pressa saman til fast stein.
- metamorf bergart
- bergart som er omdanna på grunn av høgt trykk eller høg temperatur
- grunnfjell
- den gamle berggrunnen i Noreg
- mineralressurs
- naturressurs som finst i berggrunnen og har økonomisk verdi
- metalliske malmar
- bergart som inneheld så metallhaldige mineral at det er økonomisk lønnsamt å vinne ut metallet
- byggeråstoff
- råstoff som sand, grus og pukk
- industrimineral
- mineral og bergartar som blir brukte i industrien på grunn av dei fysiske eller kjemiske eigenskapane sine (ikkje metallinnhald)
- naturstein
- bergartar som kan sagast, spaltast eller hoggast
Interaktiv oppgåve
Ytre krefter
Liste: Sentrale fagomgrep og fakta i Ytre krefter
- ytre krefter
- naturlege prosessar som bryt ned og formar landskapet på jordoverflata
- landskap
- eit område av jordoverflata som blir kjenneteikna ved ein bestemd utsjånad (fjell-, vidde-, skog- og kystlandskap er naturlege landskap, mens byar og jordbrukslandskap er menneskeskapte landskap)
- landform
- naturleg formasjon med ein unik utsjånad som set preg på eit landskap, til dømes daler, fjordar og fjell
- lausmassar
- den delen av bakken som ligg over berggrunnen, til dømes grus, sand og jord
- erosjon
- prosess der lausmassar eller berggrunn blir brotne ned og flytta frå eit område
- forvitring
- prosess der lausmassar eller berggrunn blir brotne ned på staden utan at dei blir flytta frå området, kan skje mekanisk gjennom frostsprenging eller gjennom kjemiske prosessar
- erosjonsform
- landform som er danna av erosjon, altså det at masse blir fjerna frå eit område, til dømes U-dal, V-dal, egg og tind
- avsetjingsform
- landform danna av avsetjingar, altså lausmassar som blir lagde igjen i eit område, til dømes morene, delta og elveslette
- V-dal
- landform danna ved at elva grev seg nedover i terrenget og får tilført lausmassar frå ras i fjellsidene, noko som forsterkar erosjonen i elvebotnen
- meander
- svingete elveløp som blir danna ved at elva eroderer i yttersvingar og avset lausmassar i innersvingar
- delta
- landform i elvemunninga som blir danna ved at lausmassar blir sorterte og blir avsette lag på lag på botnen av ein innsjø eller hav
- skuring og plukking
- erosjonsprosessar der isbrear plukkar med seg steinar frå underlaget, noko som bidreg til å slipe ned berggrunnen når breen beveger seg
- platåbre
- isbre som dekker eit større fjellområde, som Jostedalsbreen
- dalbre
- isbre som ofte strekker seg ut frå platåbrear og nedover dalsider, som Briksdalsbreen eller Nigardsbreen
- botnbre
- liten isbre som eroderer ut skålforma landformer, botnar, i høgfjellet
- U-dal
- landform danna ved at isbrear eroderer i dalføre
- alpint landskap
- landform danna ved at botnbrear eroderer seg inn i fjellet frå fleire sider slik at det står igjen spisse fjell med eggar og tindar
- morene
- avsetjing frå isbrear, ofte usortert materiale
- istid
- kalde klimaperiodar da større delar av jordoverflata var dekt av is
- mellomistid
- varmare klimaperiode mellom to istider
- marin grense
- det høgaste nivået havet stod etter siste istid
- kvikkleire
- ustabil leire som kan gå frå fast til flytande form
- naturfare
- fare for hendingar som flaum og skred
- ROS-analyse
- risiko- og sårbarheitsanalyse som blir brukt for å vurdere sannsyn for og konsekvens av naturfarar
Interaktiv oppgåve
Demografi og levekår
Liste: Sentrale fagomgrep og fakta i Demografi og levekår
- fødselsrate
- eit mål på kor mange som blir fødde i løpet av eitt år; blir vanlegvis målt i talet på levandefødde per tusen innbyggarar
- dødsrate
- eit mål på kor mange som døyr i løpet av eitt år; blir vanlegvis målt i talet på døde per tusen innbyggarar
- naturleg tilvekst
- forskjellen mellom mengda fødde og døydde i ei befolkning; kan vere positiv (vekst i folketalet) eller negativ (nedgang i folketalet)
- befolkningsvekst
- ei endring i folketalet over tid; blir påverka av naturleg tilvekst og netto migrasjon (innflytting minus utflytting)
- samla fruktbarheitstal (SFT)
- kor mange barn ei kvinne i gjennomsnitt vil få i løpet av fruktbar alder (15–49 år); eit SFT på rundt 2,1 er nødvendig for at befolkningstalet skal vere stabilt i land utan innvandring
- urbanisering
- ein auke i andelen av befolkninga som bur i byar eller tettstader, som ofte går ut over busetjinga i distrikta
- Human Development Index (HDI)
- ein indeks som måler utviklingsnivå i land basert på forventa levealder, utdanning og inntekt
- Inequality-adjusted Human Development Index (IHDI)
- ein justert versjon av HDI som tek omsyn til ulikskap i fordeling av helse, utdanning og inntekt i eit land
- Gini-koeffisient
- eit mål på økonomisk ulikskap i eit samfunn; verdien varierer frå 0 (full likskap) til 1 (maksimal ulikskap)
- Happy Planet Index (HPI)
- mål på kor berekraftig gode liv eit land gir innbyggarane sine, sett i forhold til kor mykje naturressursar landet bruker
- naturressursar
- noko vi hentar ut frå naturen og bruker og eventuelt behandlar, til dømes vind, sand, tre, fisk, plantar og olje
- globalisering
- prosessar som knyter verda tettare saman gjennom handel, teknologi, migrasjon og kulturell utveksling
- den demografiske overgangsmodellen
- ein modell som viser korleis fødsels- og dødsratar endrar seg etter kvart som eit land utviklar seg; vanlegvis delt inn i fleire fasar frå høg til låg befolkningsvekst
- demografisk tregleik
- fenomenet der befolkninga held fram med å vekse sjølv etter at fødselstala har sokke, på grunn av ein stor del unge menneske
- moderniseringsteori
- ein teori som forklarer utvikling som ein prosess der samfunn går frå tradisjonelle til moderne gjennom industrialisering, utdanning og teknologisk utvikling
- avhengnadsteori
- ein teori som forklarer underutvikling som eit resultat av økonomiske og politiske maktforhold mellom rike og fattige land
- migrasjon
- flytting av menneske i eller mellom land
- nettomigrasjon
- forskjellen mellom innvandring og utvandring i eit land
- skyvefaktorar
- faktorane som gjer at du får lyst til å flytte frå der du bur, og dermed kan bidra til migrasjon
- drafaktorar
- faktorane som gjer at du får lyst til å flytte til ein stad, fordi det kan gi deg ei betre framtid
- nærande befolkning
- den delen av befolkninga som er i arbeid og bidreg til verdiskaping gjennom å betale skatt og produsere varer og tenester
- tærande befolkning
- den delen av befolkninga som i liten grad deltek i arbeidslivet, og som i større grad får offentlege ytingar og tenester
- befolkningspyramide
- ei grafisk framstilling av alders- og kjønnsfordelinga i ei befolkning
Interaktiv oppgåve
Ressursar og arealbruk
Liste: Sentrale fagomgrep og fakta i Ressurser og arealbruk
- naturressurs
- noko vi hentar ut frå naturen og bruker og eventuelt omarbeider, til dømes vind, sand, tre, fisk, plantar og olje
- materialressurs
- naturressurs vi kan bruke som materiale til å lage eller bygge noko, til dømes sand, tømmer og mineral
- energiressurs
- naturressurs vi bruker til å produsere energi, til dømes mat, vind, rennande vatn og råolje
- viktige naturressursar i Noreg
- olje og gass, vasskraft, fiskeri og havbruk, skog og mineral
- ulik grad av fornybarheit
- det at nokre naturressursar kan fornyast, mens andre er ikkje-fornybare, det er enklare å bruke fornybare ressursar berekraftig
- fornybar ressurs
- naturressurs som kan fornyast, nokre naturressursar, som sol og luft, eksisterer uansett, mens andre må vi bruke på ein god måte for at dei skal fornyast, som skog og fisk
- ikkje-fornybar ressurs
- naturressurs som ikkje blir fornya (nokre naturressursar kan vi likevel gjenbruke, som aluminium)
- økosystemtenester
- alle naturgoda vi får frå naturen, som naturressursar, men òg ting vi har nytte av på andre måtar (plantar som reinsar lufta og hindrar ras, og bier som bidreg til å pollinere matplantane våre)
- naturkrisa
- omgrep som blir brukt om at vi stadig taper meir naturmangfald og dermed òg økosystemtenester på grunn av menneskeleg aktivitet og dårleg forvaltning
- naturforvaltning
- måten vi styrer bruken av naturen og naturressursane på, med god naturforvaltning klarer vi å bruke naturen på ein berekraftig måte
- naturmangfald
- blir òg kalla biologisk mangfald og handlar om kor stort mangfaldet er internt i ein art, mellom artar og mellom økosystem, eit stort naturmangfald bidreg til å bevare naturressursane og naturgoda vi menneske er avhengige av
- raudliste
- oversikt over kva artar som er utryddingstrua, eller som er i fare for å bli det
- nedbygging
- når vi bygger i område som tidlegare var natur
- arealplanlegging
- det å lage ein plan for korleis vi skal bruke dei ulike areala vi har tilgjengeleg, noko som er viktig fordi areal er ein avgrensa ressurs
- arealplan
- ein konkret plan kvar kommune har for korleis areala skal brukast: kva ein kan bygge, og kvar det kan byggast
- naturfare
- fare som flaum, skred, stormflod og skogbrann, farar vi må ta omsyn til når vi planlegg korleis areala skal brukast
- samfunnsnytte
- at noko er nyttig for fellesskapen, i samband med arealbruk: plass til gode vegar, fengsel, grøntområde, sjukehus og gjenvinningsstasjonar
- næringsinteresser
- handlar om behova og ønska til ulike næringar som jordbruk, skogbruk, industri og turisme, desse må vi ta omsyn til for å bidra til å skape økonomisk aktivitet
- landskapsverdiar
- eit fellesomgrep for alle verdiane som kan finnast i eit landskap, det kan vere naturressursar vi kan utnytte, men òg vakre område som kan gi gode opplevingar
- fortetting
- det å bygge meir i område der det allereie er bygd, bidreg til betre utnytting av areala
- arealnøytralitet
- det å gi like store område tilbake til naturen som det ein bygger ned
- grå areal
- areal som allereie er bygde på, der det ikkje lenger er natur
- interessekonflikt
- når personar eller grupper med ulike interesser står mot kvarandre, i geografifaget: om korleis vi skal bruke eit område eller ein ressurs
- arealkonflikt
- ueinigheit om korleis eit areal skal brukast
- NIMBY
- betyr "not in my backyard" (ikkje i bakgarden min) og handlar om at det er ein del ting vi ikkje ønsker tett på der vi bur og beveger oss, som avfallsanlegg eller ein trafikkert veg
- ekspropriasjon
- den retten staten har til å gjere krav på privat eigedom som kan brukast ved større samfunnsnyttige prosjekt som bygging av jernbane og flyplass
- allmenningstragdien
- beskriv ein situasjon der eigeninteressa til menneske går utover alle fordi vi prøver å sikre oss sjølve mest mogleg
- Sápmi
- namn på dei samiske områda i Noreg, Sverige, Finland og Russland
- nordområda
- land- og havområde frå sør i Nordland fylke og nordover der Noreg har sterke interesser
Interaktiv oppgåve
Forbruk
Liste: Sentrale fagomgrep og fakta i Forbruk
- forbruk
- alt vi skaffar oss, bruker og kvittar oss med, som varer eller tenester
- overforbruk
- det at vi bruker meir enn vi treng, og så mykje at det skader naturen
- tolegrensene til planeten
- eit mål på statusen til jordkloden og kor robust han er, målt i ni ulike kategoriar
- økologisk fotavtrykk
- eit mål på kor store område med natur forbruket vårt krev
- overforbruksdagen (earth overshoot day)
- eit mål for økologisk fotavtrykk som tek utgangspunkt i kva dag i året verda har brukt opp det naturen klarer å fornye på eit år
- geografiske klimagassutslepp
- utslepp av klimagassar innan eit bestemt område, til dømes eit land
- klimaavtrykk (eller klimafotavtrykk)
- klimagassutsleppa som følger av forbruket vårt
- livsløpsvurdering
- systematisk vurdering av berekraft gjennom heile livsløpet til eit produkt eller produktsystem
- det grøne skiftet
- den store og nødvendige endringa av samfunnet og økonomien vi må gjennom for å leve meir miljøvennleg og berekraftig
- grå vekst
- den økonomiske veksten vi har hatt sidan industrialiseringa, som har ført til vekst i økologisk fotavtrykk
- grøn vekst
- økonomisk vekst som samtidig klarer å redusere det økologiske fotavtrykket vårt
- nedvekst (motvekst)
- det å redusere økonomien fordi det er den enklaste måten å få ned det økologiske fotavtrykket vårt på
- sirkulær økonomi
- ein økonomi der mest mogleg av kvar vare blir til råstoff i nye varer, og kvart ledd i livsløpet til ei vare er mest mogleg berekraftig
- lineær økonomi
- eit økonomisk system som går ut på at ressursar blir henta ut, blir til produkt, blir brukte og kasta utan at det blir lagt til rette for gjenbruk, reparasjon eller resirkulering
- fast fashion
- ein av konsekvensane av lineær økonomi som inneber at klede blir masseproduserte i dårleg kvalitet og blir brukte lite før dei blir til avfall, mens vi kjøper stadig nye klede for å henge med på moten
- avfallshierarkiet
- ein modell som seier noko om kva tiltak, i prioritert rekkefølge, vi bør gjere for å skape minst mogleg avfall og leve mest berekraftig
Interaktiv oppgåve
Globalisering og lokalisering
Innhald kjem i løpet av våren 2026!
Klima
Innhald kjem i løpet av våren 2026!