Føre ein enkel rekneskap

Rekneskapsføring
Vi startar rekneskapsføringa 1. januar med å setje opp ein opningsbalanse. Det er ei oversikt over eigedelane, gjeld og eigenkapitalen for verksemda.
Deretter skal alle økonomiske hendingar (bilaga) førast i rekneskapen, dette kallar vi postering. Med økonomiske hendingar meiner vi alle aktivitetar som påverkar økonomien til verksemda, som sal, innkjøp og utbetaling av lønn.
31. desember skal rekneskapen avsluttast. Vi bereknar årets resultat og set opp ein utgåande balanse som viser kor mykje verksemda har av eigedelar, gjeld og eigenkapital på slutten av året.
Trinna i rekneskapsføring
opne kontoane og føre inn inngåande balanse (IB)
registrere bilaga (postere)
avslutte kontoane / rekneskapsavslutning
Opne kontoane
Kontoplan
For at rekneskapen skal bli oversiktleg, bruker vi ulike kontoar, som alle har eit eige namn og nummer. Oversikta over alle kontoar som blir brukte når vi fører rekneskap, kallar vi kontoplan. Denne er delt inn i åtte kategoriar, som blir kalla kontoklassar.
Inngåande balanse
Det vi har av eigedelar, gjeld og eigenkapital ved oppstart av ein ny periode, kallar vi den inngåande balansen (IB). Balansen i ein rekneskap består av to sider:
eigedelar på venstre side (debet)
eigenkapital og gjeld på høgre side (kredit)
Eigedelane er det som verksemda eig, mens eigenkapital og gjeld viser korleis eigedelane er finansierte. Summen på debet må alltid vere lik summen på kredit, det er derfor det blir kalla ein balanse. I tabellen under er det sett opp eit døme på eit oppsett for opning av kontoane i rekneskapen.
Oppsett | 1920 Bankinnskot | 2000 Aksjekapital | 2240 Banklån | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tekst | Vedlegg | Dato | Debet | Kredit | Debet | Kredit | Debet | Kredit |
IB | 1.1. | |||||||
Posteringar
Vedlegg
Vedlegg er dokumentasjon på dei ulike økonomiske hendingane. Vedlegg kan vere: kvittering, utskrift frå Vipps, faktura, skriftleg kjøpsavtale, lønnsslipp, bankvedlegg med meir.
Det doble bokføringsprinsippet
Vi fører rekneskap etter det som blir kalla det doble bokføringsprinsippet. Det vil seie at alle økonomiske hendingar skal førast to stader. Viss vi til dømes kjøper varer, så skal kjøpet førast både på konto for bankinnskot og konto for varekjøp.
Posteringar er registrering av alle bilaga til dei økonomiske hendingane for verksemda. For kvar postering må det i rekneskapen førast like mykje på debet og kredit. I tabellen under er det sett opp eit døme på eit oppsett for postering av vedlegg.
Økonomiske hendingar | 1920 Bankinnskot | 3000 Salsinntekter | 4000 Varekostnader | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tekst | Vedlegg | Dato | Debet | Kredit | Debet | Kredit | Debet | Kredit |
Kjøp av varer | 1 | |||||||
Sal av varer | 2 | |||||||
Posteringsreglar
Eigedelskontoar: Debitering aukar verdien, kreditering reduserer verdien.
Gjeldskontoar: Debitering reduserer gjelda, kreditering aukar gjelda.
Eigenkapitalkontoar: Debitering reduserer eigenkapitalen, kreditering aukar eigenkapitalen.
Resultatkontoar: Debitering reduserer resultatet, kreditering aukar resultatet. Inntekter blir førte på kredit, kostnader blir førte på debet.
Rekneskapsavslutning
Når vi skal avslutte ein rekneskap, må vi først kontrollere at alt er ført rett. Det vil seie at alle posteringane stemmer med bilaga, og at alt er ført på rett side av rett konto I tabellen under er det sett opp eit døme på eit oppsett for ei rekneskapsavslutning.
Tekst | Vedlegg | Dato | Debet | Kredit | Debet | Kredit | Debet | Kredit |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Saldobalanse | ||||||||
Til/frå resultat | ||||||||
Til balanse | ||||||||
Kontrollsum |
Saldobalanse
Linja i rekneskapen som vi kallar saldobalanse, er ei summering av inngåande balanse og posteringane i løpet av året på høvesvis debet og kredit på kvar konto.
Til/frå resultat
Alle inntekts- og kostnadskontoane – kontoane som startar på 3 eller meir – skal avsluttast mot resultat. Det vil seie at vi på linja der det står Til/frå resultat, skal føre differansen mellom debet og kredit.
Om vi til dømes har hatt salsinntekter i perioden, vil dei stå på kredit. På resultatlinja skal desse då førast på debet, og sidan vi i samsvar med dobbeltbokføringsprinsippet alltid skal føre alt på to sider, vil vi måtte føre desse på kredit ein annan stad. Vi set opp ein eigen resultatkonto der alt som vi har ført på resultatlinja, blir ført. Nedanfor ser du eit døme på eit oppsett for ein resultatkonto.
Debet | Kredit | ||
|---|---|---|---|
| Varekostnader | Salsinntekter | ||
| Overskot | |||
| Sum | Sum | ||
På resultatkontoen blir inntekter førte på kredit, og kostnader på debet. Differansen viser om verksemda har hatt eit overskot eller underskot i rekneskapsperioden. Linja blir kalla Til/frå resultat fordi vi etterpå fører overskotet/underskotet tilbake på denne linja på konto 2050 Annan eigenkapital, som er kontoen som viser eigenkapital som er opptent i verksemda, i motsetning til innskoten eigenkapital.
Til balanse
På linja Til balanse blir alle eigedels- og gjelds- og eigenkapitalkontoane ført, altså dei kontoane som begynner på 1 eller 2. Tilsvarande som for resultatkontoane finn vi differansen mellom debet og kredit på alle kontoane, og fører han inn på linja Til balanse. Vi må òg her ha ei motføring, jf. det doble bokføringsprinsippet, og set opp ein utgåande balanse der vi fører alle eigedels-, gjelds- og eigenkapitalkontoane. Nedanfor ser du eit døme på eit oppsett for ein utgåande balanse.
Debet | Kredit | ||
|---|---|---|---|
| 1920 Bankinnskot | 2050 Annan eigenkapital | ||
| 2250 Banklån | |||
| Sum | Sum | ||
Kontrollsum
Som ein sjekk kan vi ta med ei kontrollsumlinje der vi summerer linjene Saldobalanse, Til/frå resultat og Til balanse. På kvar konto sjekkar vi så at vi har det same beløpet på debet og kredit.
Test deg sjølv
I den interaktive oppgåva under kan du teste kva du no kan om rekneskapsføring.