Strøyme fotballkamp

Prising av strøyminga
Furefoss idrettslag er avhengig av billettinntekter og sal i kiosken, i tillegg prøver dei å finne andre inntektskjelder. Dei vil derfor òg prøve å tene pengar på å strøyme kampen direkte.
Inntekter og kostnader
Tilskot frå kommunen
Furefoss idrettslag får eit tilskot frå kommunen på 6 500 kroner for å gjere kampen tilgjengeleg for fleire ved å strøyme han.
Sal av tilskodarpakkar
I tillegg til tradisjonelt kiosksal på kampen bestemmer dei seg for å selje "tilskodarpakkar" med kanelbollar og brus, som blir leverte heim til kjøparane rett før kampstart. Brus og kanelbollar blir kjøpte inn hos lokale produsentar, mens leveringa blir arrangert på dugnad.
Furefoss idrettslag får eit tilbod frå den lokale saft- og brusprodusenten på sitronbrusen "Fossen sitron" til 7,20 kroner per flaske eksklusiv meirverdiavgift. Det vil altså seie at meirverdiavgifta ikkje er inkludert i prisen. Ved kjøp av 500 flasker eller meir kostar brusen 6,90 kroner per flaske. Bakar A kan tilby kanelbollar til 9,20 kroner per stykk inklusiv meirverdiavgift. Her er altså meirverdiavgifta inkludert i prisen.
Idrettslaget lagar to tilbod med kanelbollar og brus til tilhengarane sine: liten tilskodarpakke med 2 brus og 2 kanelbollar til 80 kroner og stor tilskodarpakke med 4 brus og 4 kanelbollar til 120 kroner. Dei reknar med å selje 50 små tilskodarpakkar og 80 store tilskodarpakkar.
Annonseinntekter
Idrettslaget vil òg prøve å få nokre annonseinntekter ved å vise reklame før og under direktesendinga og gir lokale bedrifter to høve til å kjøpe reklameplass. sekund skjermtid (rett før kampen og i pausen) vil koste 1 800 kroner, mens bedriftslogo på tilskodarpakkane kostar 2 200 kroner. Idrettslaget har som mål å skaffe 4 annonsørar som vil kjøpe skjermtid, og 2 annonsørar som kjøper plass til bedriftslogoen sin på tilskodarpakkane.
Oppgåve
Del 1

a) Kor mykje må idrettslaget betale for innkjøp av brus inkludert meirverdiavgift?
b) Kor mykje må idrettslaget betale for innkjøp av kanelbollar eksklusiv meirverdiavgift?
c) Kor mange kroner av prisen for ein stor tilskodarpakke går til meirverdiavgift?
d) Kva reknar idrettslaget med å tene per selde liten tilskodarpakke?
e) Kva reknar idrettslaget med å tene per selde stor tilskodarpakke?
Del 2
Bruk rekneark og set opp eit budsjett som gir idrettslaget ei samla oversikt over forventa inntekter og kostnader ved å strøyme kampen og selje heimlevering av tilskodarpakkar.
Del 3
Bakar B i nabobygda har høyrt om fotballkampen og leverer eit tilbod til Furefoss idrettslag: kanelbollar til 5,40 kroner eksklusiv meirverdiavgift og dessutan gratis reklameplass med skjermtid.
Kva bakar bør idrettslaget velje? Grunngi svaret ditt.
Del 4
Fotballkampen er spelt, og kanelbollane er etne. I ettertid finn idrettslaget ut at utgifter til direktestrøyminga vart 8 200 kroner til saman. Dei fekk selt 30 små tilskodarpakkar og 60 store tilskodarpakkar. Dei klarte å nå målet sitt om å skaffe 4 annonsørar til skjermtid under strøymearrangementet og 2 annonsørar til bedriftslogo på tilskodarpakkane.
Set opp ein rekneskap for strøyminga av fotballkampen på det same reknearket som budsjettet.
Del 5
Du skal gjennomføre ein budsjettkontroll for Furefoss idrettslag. Du samanliknar budsjettet med rekneskapen og finn avvika i kroner og prosent. Inntektsavviket er inntektene som rekneskapen viser minus dei budsjetterte inntektene. Kostnadsavviket er kostnadene som rekneskapen viser minus dei budsjetterte kostnadene.
a) Hald fram på reknearket du brukte til budsjett og rekneskap, og lag nye kolonnar som viser avvik i kroner og i prosent.
b) Kor stort vart inntektsavviket i kroner, og kva kjem det av?
c) Kor stort vart kostnadsavviket i prosent, og kva kjem det av?
d) Kva råd vil du gi til Furefoss idrettslag, basert på budsjettkontrollen, før neste strøymearrangement? Har du gode råd til korleis idrettslaget kan forbetre inntektene sine?
Løysingsforslag
Nedanfor finn du eit rekneark med løysingsforslag.