Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Rekneskap, budsjett og lønnsemd

Fagstoff

Budsjettkontroll

Korleis blei rekneskapstala samanlikna med det vi forventa då vi sette opp budsjettet? Jamleg budsjettkontroll er viktig for økonomisk styring av verksemder. Vi bruker ein blomsterbutikk som døme når vi her set opp ein budsjettkontroll for ein månad.

Kva er budsjettkontroll?

Ei samanlikning mellom budsjett og rekneskap kallar vi for ein budsjettkontroll. Ein slik analyse bør gjennomførast kvar månad. På den måten kan vi ved avvik setje i verk nødvendige tiltak. Ser vi ikkje avvika før mot slutten av året, har vi liten eller ingen anledning til å kunne rette opp der vi kom skeivt ut.

Eit døme på ein budsjettkontroll

Det kan vere formålstenleg å bruke eit rekneark når vi skal setje opp ein budsjettkontroll. Berekn avvika både i kroner og i prosent. Oppsettet nedanfor viser budsjettkontroll for desember månad for ein blomsterbutikk.

Budsjettkontroll

Postar

Budsjett (kr)

Rekneskap (kr)

Avvik (kr)

Avvik (%)

Salsinntekter

450 000

500 000

50 000

11,1

Varekostnader

260 000

300 000

–40 000

–15,4

Bruttoforteneste
(dekningsbidrag)


190 000


200 000


10 000


5,3

Lønn

78 000

80 000

–2 000

–2,6

Arbeidsgivaravgift

10 998

11 280

–282

–2,6

Straumkostnader

1 200

1 000

200

16,7

Husleige

12 000

12 000

0

0,0

Avskrivingar

2 400

3 000

–600

–25,0

Rentekostnader

800

1 000

–200

–25,0

Sum faste kostnader

105 398

108 280

–2 882

–2,7

Resultat

84 602

91 720

7 118

8,4

Forklaring til avvika

Utrekninga vi gjer for å finne avviket i kroner når det gjeld salsinntekter, bruttoforteneste og resultat:
rekneskapstal – budsjettal = avvik

For å finne avviket i kroner når det gjeld kostnadene, bruker vi dette reknestykket: budsjettal– rekneskapstal = avvik

Hugseregel

Eit positivt avvik skal vere positivt for verksemda.
Eit negativt avvik er negativt for verksemda.

Salsinntekter

Butikken har selt for 50 000 kroner meir enn budsjettert. Det utgjer ein auke på 11,1 prosent. Vi reknar auken i prosent av budsjettalet:

50 000 kr · 100 %450 000 kr=11,1 %

Dei auka salsinntektene kan komme av at prisen per produkt har auka, eller av at butikken har selt fleire produkt – eller begge delar.

Varekostnader

Her gjer vi den same utrekninga. Varekostnadene har prosentvis auka litt meir enn salet.

Tenk over

Varekostnadene har i dette dømet auka prosentvis meir enn salsinntektene. Kva kan vere grunnen til det?

Bruttoforteneste (dekningsbidrag)

Dei auka salsinntektene er større enn auken i varekostnader, derfor har vi fått ein auke i bruttofortenesta.

Faste kostnader

Av dei faste kostnadene ser vi at det er avskrivingane og rentekostnadene som har størst negativ endring i prosent. Dei har forverra seg med 25 prosent. Det kan høyrast mykje ut, men her er det viktig å sjå på kva endringa utgjer i kroner. Sidan kronetala er så låge, treng vi ikkje å bekymre oss over at prosenttala er høge.

Resultat

Resultatet blei 7 118 kroner betre enn budsjettert.

Tenk over

Kva synest du om dette resultatet?

Tiltak ved avvik

Ved å utføre budsjettkontroll kan vi følge med på den økonomiske utviklinga til verksemda. Finn vi store avvik, er det viktig å reflektere over årsaka til avvika.

Av og til indikerer avvika ei negativ utvikling som vi bør setje inn tiltak for å stanse. Andre gonger er det kanskje eit mangelfullt budsjettgrunnlag som er årsaka til avvika.

Skrive av Oddvar Torgersen og Tone Hadler-Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS.
Sist oppdatert 14.10.2025