Oppgåve
Kor lønnsam er verksemda?
I denne oppgåva skal de bruke nettsida proff.no til å finne nøkkeltal til ulike verksemder for å vurdere lønnsemda deira.

Verksemder sine rekneskapar er komplekse, og dei kan vere vanskelege å forstå. Men ved hjelp av nøkkeltal kan vi likevel få eit visst inntrykk av kor lønnsam verksemda er.
Oppgåve
Søk opp praksisbedrifta eller ei anna verksemd du kjenner til på proff.no.
Set deg inn i nøkkeltala og rekneskapen.
Sit saman med ein medelev og forklar kvarandre vurderingane dykkar av lønnsemda til verksemdene.
Diskuter kva for ei av verksemdene de meiner er mest lønnsam, og bruk fleire av nøkkeltala i argumentasjonen.
Gjenta gjerne oppgåva ved å sjå på fleire verksemder.