Øv deg på å føre rekneskap

Oppgåve
For kvar av casane nedanfor skal du løyse følgande oppgåve:
Setje opp inngåande balanse
Gjennomfør nødvendige berekningar og registrere dei økonomiske hendingane
Avslutte rekneskapen
Vurdere resultatet
1: Lykkeliten UB
Lykkeliten UB blei etablert 1. september og skal drivast i åtte månader.
Forretningsidé: Vi i Lykkeliten UB ønsker å planlegge og gjennomføre bursdagsselskap for barn frå 4 til 10 år i kommunen vår.
Produktet dei tilbyr, er planlegging, gjennomføring og oppfølging av barnebursdagar i gymsalen på skulen. Produktvariantane er: prinsesse, sport, pirat og valfritt tema.
Prisen er sett til 160 kroner per deltakar i barneselskapet. Dei kjøper varer frå ulike butikkjeder, som Kiwi og Europris. Produkta dei kjøper, er bakarvarer, brus, pynt, eingongsservise og liknande, og dessutan alt som trengst for å lage maten til selskapet og det som elles må til for å arrangere bursdagsselskap for barn.
Som ungdomsbedrift er dei fritekne for meirverdiavgift, arbeidsgivaravgift og skatt. Timelønn for tilsette i samband med bursdagsselskap som blir arrangerte etter skuletid, er 100 kroner. Alt blir betalt via nettbank.
Rekneskapen skal førast for september, og bedrifta har då ingen inngåande balanse.
Økonomiske hendingar
02.09. Selt 15 eigarandelar à kr 100
09.09. Betalt skulen kr 140 for utskrift av flygeblad og plakatar
16.09. Kjøpt gåve, papptallerkar, duk og serviettar på Europris for kr 350
16.09. Kjøpt bakarvarer og brus på Kiwi for kr 250
23.09. Motteken betaling frå Thea Olsen for selskap med 15 barn
25.09. Betalt kr 200 for leige av gymsalen på skulen
30.09. Utbetalt lønn til 5 tilsette à 2 timar à kr 100
2: Hundepensjonatet Pasja
Nina og Elin skal drive hundepensjonatet Pasja frå 01.01. Dei har kjøpt inventar for 25 000 kroner. Nina og Elin har investert sparepengane sine, 30 000 kroner, i bedrifta. Dei har lånt 15 000 kroner frå banken, resten er bankinnskot.
I tillegg til balansekontoane har Nina og Elin desse kontoane:
- salsinntekter
- reklamekostnader
- husleige
- rentekostnader
I januar har hundepensjonatet desse økonomiske hendingane:
- 02.01. Betalt husleige kr 2 000
04.01. Sal av pensjonattenester kr 1 500
07.01. Betalt for digital marknadsføringskampanje for våren kr 5 000
- 08.01. Betalt avdrag på kr 2 000 og renter på kr 1 000 på banklån
- 14.01. Sal av pensjonattenester kr 4 000
- 17.01. Kjøp av hundeutstyr kr 2 000
- 27.01. Sal av pensjonattenester kr 3 000
I denne oppgåva ser vi bort frå meirverdiavgift.
3: Maxbygg
Maxbygg har desse balansepostane per 1. mai:
maskiner kr 300 000
bankinnskot kr 40 000
eigenkapital kr 150 000
lån i bank kr 190 000
I tillegg til kontoane i balansen bruker bedrifta desse kontoane:
rentekostnader
maskin- og bilkostnader
telefon
salsinntekter
I mai har bedrifta følgande økonomiske hendingar:
02.05. Avdrag og renter på lån kr 11 000
avdrag kr 7 000
renter kr 4 000
04.05. Betaler diesel kr 1 600
07.05. Får pengar for byggeoppdrag kr 9 000
13.05. Betaler telefonrekning kr 500
15.05. Får pengar for byggeoppdrag kr 14 000
22.05. Betaler reparasjon av maskin kr 4 500
29.05. Får for bygging kr 20 000
29.05. Betaler diesel og olje kr 3 000
I denne oppgåva ser vi bort frå meirverdiavgift.
4: Klesbutikken Asympa
Malgorza har etablert ein pop-up-butikk for klesmerket Asympa, og har leigd lokale frå 01.01. til og med 01.04. I denne perioden vil ho prøve å selje ut varelageret sitt.
Malgorza har desse balansepostane per 1. januar:
bankinnskot kr 20 000
inventar kr 5 000
varelager med ein verdi på kr 60 000
eigenkapital ?
I tillegg til balansekontoane har ho desse kontoane:
- salsinntekter
- husleige
- andre driftskostnader
- varekjøp
Før rekneskapen for første kvartal som har følgande økonomiske hendingar:
02.01. Betalt husleige for januar kr 10 000
03.01. Betaler for reklame i sosiale medium kr 2 000
- 04.01. Betalt for gåvepapir m.m. kr 4 000
31.01. Salsinntekter januar kr 40 000
01.02. Betaler husleige for februar kr 10 000
28.02. Salsinntekter februar kr 90 000
01.03. Betaler husleige for mars kr 10 000
31.03. Salsinntekter mars kr 60 000
31.04. Gjenståande varebehaldning på kr 5 000. Juster varebehaldninga og før den totale varekostnaden for perioden.
I denne oppgåva ser vi bort frå meirverdiavgift.
5: Skomakar Andersen
Skomakar Andersen starta skomakarverkstad 01.11. Her er ei oversikt over kva han hadde når perioden begynte:
- maskiner for kr 20 000
- hyller, benker, bord og stolar for kr 5 000
kr 30 000 på ein bankkonto
eigenkapital?
Økonomiske hendingar i verkstaden i november månad:
01.11. Betaler husleige for november månad på kr 6 000
02.11. Sel sko som han har laga, for kr 8 500
- 05.11. Kjøper inn ler og lærsolar, stiftar, lim og råmateriale for kr 10 000
- 18.11. Reparert sko for kr 4 300 (salsinntekter)
- 25.11. Kjøper inn meir ler og råmateriale til reparasjon for kr 5 000
- 29.11. Sel sko som han har laga, for kr 11 400
I denne oppgåva ser vi bort frå meirverdiavgift.
- Løysingsforslag(XLSX)