Teikn eit stoffkrinsløp!

Samarbeidsteikning
I denne aktiviteten skal de bruke det de kan om stoffkrinsløp, og jobbe saman for å repetere og utvikle kunnskapen. De jobbar saman om å teikne eit stoffkrinsløp, og alle bidreg med sin del av teiknejobben.
Organisering
Læraren deler klassen inn i grupper på 3–4 elevar.
Kvar gruppe får tildelt eit stoffkrinsløp (til dømes karbon-, nitrogen- eller fosforkrinsløpet).
Kvar elev får eit stort ark og fargeblyantar.
Læraren held styr på tida.
Gjennomføring
1. Start teikninga
Teikn ein prosess eller eit lager frå krinsløpet de har fått tildelt. Pass på plasseringa, og bruk berre symbol og piler, ikkje tekst. De skal få fram samanhengar før de set på fagomgrep. Ikkje stress, de skal ikkje bli ferdige i første runde!
2. Byt ark
Når læraren gir signal (etter til dømes 2 minutt), gir de teikninga dykkar vidare til ein annan på gruppa og tek sjølv imot ei ny teikning.
3. Tolk og bygg vidare
Først forklarer de for resten av gruppa kva de trur teikninga de har fått, viser. Deretter bygger de vidare på teikninga og legg til nye symbol og piler.
4. Gjenta prosessen
Ved neste signal sender de teikningane vidare på nytt, heilt til alle på gruppa har fått bidrege på kvarandres ark.
5. Sett på fagomgrep
Når teikningane er ferdige, går de saman på gruppa og skriv inn rette fagomgrep på symbola og pilene.
6. Grunngi og diskuter
Forklar for kvarandre kvifor de har teikna pilene og symbola slik de har gjort. Diskuter vala de tok undervegs.
Diskuter stoffkrinsløp
Bruk teikningane dykkar som utgangspunkt for å diskutere:
Korleis påverkar menneskeleg aktivitet dei ulike krinsløpa?
Kva delar av krinsløpa blir påverka mest?
Kva konsekvensar kan påverknaden få?
Reflekter over arbeidet dykkar
Kva delar av krinsløpet var det enklast og vanskelegast å teikne?
Kva lærte de av å måtte tolke og bygge vidare på andre sine teikningar?