Lag ein modell av karbonkrinsløpet

Karbonkrinsløpet
Karbonkrinsløpet beskriv korleis karbon flyttar seg mellom ulike karbonlager. Noko av karbonet flyttar seg raskt mellom atmosfære, plantar, dyr og jord, noko kan vere lagra i berggrunnen i millionar av år. For å forstå korleis desse prosessane heng saman, er det nyttig å bruke modellar.
Lag din eigen modell
I denne oppgåva skal du bygge ein modell av karbonkrinsløpet. Du skal legge inn karbonlager og prosessar og undersøke korleis endringar i éin del av karbonkretsløpet kan påverke andre delar.
Vi har brukt eit verktøy kalla SageModeler og starta arbeidet med ein slik modell: modell av karbonkrinsløpet (Sagemodeler).
Du kan anten ta utgangspunkt i modellen vi har begynt på, eller du kan starte heilt frå botnen av. Ved å gjere oppgåvene nedanfor vil du steg for steg utvikle ein meir detaljert modell av karbonkretsløpet. Hugs å lagre modellen undervegs!

Karbonlager
Forklar kort kva eit karbonlager er.
Gi døme på viktige karbonlager.
Set inn boksar/variablar som representerer karbonlager, i modellen. Gi kvar variabel eit presist og tydeleg namn, til dømes: "CO2 i atmosfæren".
Prosessar
Kva prosessar gjer at karbon blir flytta mellom ulike karbonlager?
Kople karbonlagera saman med piler som viser desse prosessane. La pilene peike i den retninga karbonet blir flytta.
Det raske og det langsame karbonkrinsløpet
Marker i modellen kva prosessar og lager som inngår i det raske karbonkrinsløpet, og kva prosessar og lager som inngår i det langsame karbonkretsløpet. Du kan anten gruppere variablar visuelt eller forklare skriftleg ved sida av modellen.
Forklar kort kva som skil det raske og det langsame karbonkrinsløpet.
Menneskeleg påverknad
Utvid modellen med minst éi form for menneskeleg påverknad på karbonkrinsløpet.
Forklar korleis denne påverknaden endrar balansen i karbonkrinsløpet.
Korleis viser modellen forskjellen mellom rask og langsam karbonomsetning?
Forklar kvifor denne forskjellen er viktig for å forstå klimaendringar.
Utforsking og vurdering
Nemn éin styrke og éi avgrensing ved denne typen modellar.
Beskriv éin ting du forstår betre om karbonkrinsløpet no etter at du har analysert modellen.
Vis fram modellane de har laga, for kvarandre og
beskriv kva karbonlager og prosessar modellen viser
forklar ved hjelp av modellen din korleis eit karbonatom kan flytte seg mellom fleire av lagera
Gi tilbakemelding på modellen til ein medelev: Nemn éin ting du likte ved modellen, og gi eitt konkret forslag til korleis modellen kan forbetrast.
Fordjuping
Vel eitt eller fleire av desse spørsmåla:
Samanlikn rolla til plantene og dyra i karbonkrinsløpet i modellen din. Kva viser modellen godt? Er det noko som manglar, eller noko som er forenkla?
Forklar korleis fotosyntesen og celleanding er representert i modellen. Vis korleis desse prosessane flyttar karbon mellom lagera.
I modellen finst karbon i jorda og i ulike typar fossilt brensel. Forklar forskjellen mellom desse to karbonlagera, og beskriv korleis karbonet flyttar seg mellom dei.
Kva andre delar av modellen blir påverka dersom mengda CO₂ i atmosfæren aukar? Korleis blir dei påverka?