Fosfor og menneskeleg aktivitet

Menneskeleg påverknad
Fosforkrinsløpet er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet. Akvakultur, bruk av mineralgjødsel og avrenning frå landbruket tilfører store mengder fosfor. Også avløpsvatn tilfører store mengder fosfor som til slutt endar opp i havet.
Akvakultur
I område med oppdrettsanlegg for fisk er det svært store utslepp av fosfor. Utsleppa kjem frå fiskefôr som ikkje blir ete og søkk til botnen, og frå fosfat som fisken skil ut via urin og avføring.
Avrenning frå landbruk
I landbruket blir fosfatet i jorda redusert ganske raskt fordi plantene tek det opp. Bøndene må derfor gjødsle med mineral- og husdyrgjødsel. Om dei tilfører meir gjødsel enn det plantene kan ta opp, blir overskottet vaska ut av jorda. Fosfatet renn med regnvatnet ut i bekker, elvar og innsjøar og endar til slutt opp i havet.
Utslepp frå avløp
Avløpsvatn inneheld store mengder fosfat, og mesteparten kjem frå urin og avføring frå oss menneske. I tillegg kjem det fosfat frå matrestar og anna organisk avfall som vi skyl ned i vasken. Tidlegare var vaskemiddel ei viktig kjelde til fosfat i avløpsvatn, men i dag er det berre lov å ha svært små mengder fosfat i vaskemiddel til hushaldsbruk.
Utviklinga i Noreg sidan 1990
Utsleppa frå jordbruket i Noreg låg i 1990 på nærmare 2000 tonn i året. I 1995 var dei reduserte til rundt 1200 tonn, og sidan den gongen har dei lege nokså jamt på dette nivået. Dei fleste andre utsleppa, til dømes frå industri og avløp, har heilt sidan 1990 lege nokså jamt på mellom ca. 200 og 1000 tonn i året. Unntaket er akvakultur: Her har utsleppa auka dramatisk i løpet av perioden. Tidleg på 1990-talet låg utsleppa på litt over 1000 tonn i året, men sidan den gongen har dei stige jamt og kraftig og ligg no på nesten 13 000 tonn i året i 2024.
Eutrofiering

Den økologiske konsekvensen av fosfattilførsel er eutrofiering, same kva som er utsleppskjelda. Ved eutrofiering får vi auka vekst av planteplankton, og når dødt plankton blir brote ned, kan det oppstå oksygenmangel i vatnet fordi nedbrytarane bruker oksygen for å drive celleanding. Problema er størst i fjordar og kystområde med lita vassutskifting.
Ein avgrensa ressurs
Menneskeleg aktivitet har skapt ein sterk ubalanse i fosforkrinsløpet. Fosformengdene som kjem inn i krinsløpet, er mykje større ein mengdene som blir bundne i sediment på havbotnen slik at dei mellombels går ut av sirkulasjon. Men dei store utsleppa av fosfor skaper ikkje berre miljøproblem: Når fosfor hamnar i innsjøar, fjordar og havområde, er det òg ein viktig ressurs som går tapt.
For landbruket er det i tillegg eit problem at store mengder fosfor går ut av krinsløpet når plantane som tek opp fosforet, blir hausta. Jorda må derfor jamleg tilførast fosfor i form av mineralgjødsel for å halde oppe produksjonen. Men mineralgjødsel blir laga av fosfat som finst i bergartar som det er avgrensa tilgang på. Det er derfor viktig å unngå overgjødsling slik at minst mogleg fosfor forsvinn på grunn av avrenning.
Visste du at ...?
Marokko har dei største førekomstane i verda av fosfathaldige bergartar. Landet har 70 % av dei kjende førekomstane i verda.
Status og vegen vidare
Det finst både økologiske og økonomiske grunnar til å resirkulere fosfat, men per i dag resirkulerer vi mineralet i liten grad.
Akvakultur
I tradisjonelle oppdrettsanlegg går mykje fosfor tapt til omgivnadene. Ei viktig utfordring framover er å gjere fosfatet til ein ressurs som kan gjenbrukast. Teknologi som samlar opp avføring og fôrrestar frå oppdrettsanlegg, kan bidra til at fosfatet blir i staden resirkulert for å ende i sjøen.
Reinsing av avløpsvatn
Å fjerne fosfat frå avløpsvatn er ganske enkelt å få til og noko som blir gjort i dei fleste reinseanlegg. Fjerning kan skje kjemisk. Då tilset ein jern- og aluminiumsioner som reagerer med fosfat og dannar dannar eit fast stoff som kan silast vekk frå avløpsvatnet. I tillegg kan ein bruke biologiske reinsemetodar der fosfatet blir teke opp av bakteriar som blir etter kvart fjerna.
Landbruk
Redusering av tap frå jord
For å redusere avrenninga frå landbruksjord kan ein behandle jorda på gunstige tidspunkt. Å pløye om våren i staden for hausten til dømes er eit godt tiltak. Når ein pløyer om hausten, blir jorda liggande ubeskytta gjennom vinteren, og nedbør gjer at fosfat og andre næringssalt blir vaska ut. Med vårpløying blir jorda eksponert i kortare tid, og mindre næring går tapt.
Presisjonsgjødsling

Presisjonsgjødsling vil seie å gjødsle med rett mengde til rett tid. Då gjødslar ein ikkje meir enn det som er nødvendig, og det er berre dei plantane som treng gjødsel, som får det. Kartet under viser forskjellen mellom mengda fosfor som er tilført som gjødsel, og mengda fosfor som kan finnast att i det som er hausta. Dei aller fleste landa har store moglegheiter for å minske fosforforbruket gjennom presisjonsgjødsling.