Nitrogen og menneskeleg aktivitet

Menneskeleg innverknad
Menneskeleg aktivitet har ført til at nitrogen blir tilført krinsløpet raskare enn planter og andre organismar klarer å ta det opp. Då oppstår det eit overskott av nitrogen som kan ende opp som nitrogen i atmosfæren (som lystgass og nitrogengass) eller i vatn (som nitrat og ammonium).

Mineralgjødsel
Produksjon av mineralgjødsel er den menneskelege aktiviteten som har størst innverknad på nitrogenkrinsløpet. Nitrogenet i mineralgjødsel kjem frå nitrogenet i luft, og prosessen fører derfor til at store mengder ekstra nitrogen blir tilgjengelege for plantar i jord og vatn.
Overgjødsling og kloakk
Nitrogen frå mineralgjødsel som ikkje blir teke opp av plantene, blir vaska ut av jorda og blir ført til bekker, innsjøar, fjordar og hav. I tillegg tilfører vi menneske nitrogen til krinsløpet gjennom urin og avføring, særleg på stader der kloakken ikkje blir reinsa for nitrogensambindingar.
Eutrofiering
I marine økosystem er nitrogen ofte det avgrensande næringsstoffet. Når tilførselen av nitrogen aukar, kan det oppstå kraftig algeoppblomstring (eutrofiering). Når algane så døyr, blir dei brotne ned av bakteriar. I nedbrytingsprosessen bruker nedbrytarane store mengder oksygen. Dette kan skape oksygenmangel i botnområda og føre til at botndyr døyr, og at artssamansetjinga i økosystemet blir endra.
I ferskvatn er det ofte fosfor som er den avgrensande faktoren.
Biologisk mangfald

Auka tilførsel av nitrogen på land kan òg ha konsekvensar for det biologiske mangfaldet. Nitrogenrik jord vil favorisere artar som krev mykje næring, og som dermed kan fortrenge artar som krev lite næring. Denne situasjonen er typisk på gammal beite- eller slåttemark, som er leveområde for mange raudlista planter, sopp og insekt.
Drivhuseffekt
Lystgass er ein svært sterk drivhusgass, og den største menneskeskapte lystgasskjelda er mineral- og husdyrgjødsel i landbruket. Nitrat og ammonium som ikkje blir teke opp av plantene, kan bli omdanna til lystgass gjennom nitrifikasjon og denitrifikasjon.
Fossilt brensel
Ei anna menneskeskapt kjelde er nitrogenoksid (NOx), som blir danna når vi brenn fossilt brennstoff. Tidlegare bidrog fossilt brennstoff i stor grad til sur nedbør og overgjødsling. I dag har strenge utsleppskrav, reinseteknologi og auka bruk av elektrisitet redusert NOx-utsleppa mykje i Noreg og Europa. Globalt er utsleppa framleis store, slik kartet under viser.
Utforsk utslepp av nitrogenoksid i verda
Bruk kartet under og finn områda med høgast utslepp av nitrogenoksid (NOx).
Kvifor er utsleppa høge i nokon område?
Kva for nokre menneskelege aktivitetar kan vere årsaka?
Korleis kan utsleppa påverke natur og miljø?
Status og vegen vidare
I perioden 1980 til 1990 førte reduserte NOx-utslepp frå industri i Europa til mindre nitrogen frå luft og nedbør også i Noreg, men sidan har utviklinga flata ut.
Avrenning av nitrogensambindingar frå landbruk er framleis ei stor utfordring. Gode tiltak for å redusere avrenninga er å tilpasse gjødslinga til vekst og utvikling hos plantene. Det bør gjødslast til rett tid på året, og berre dersom nitrogennivåa i jorda er låge. Å unngå unødvendig gjødsling er bra både for økosystema og for økonomien.
I tillegg til landbruket er kloakken vår ei viktig kjelde til nitrogensambindingar, for det er berre i sårbare område at det er krav om at avløpsvatn skal reinsast for nitrogen.
Visste du at ...?
På 1980-talet var sur nedbør eit stort problem for vegetasjon og vatn i Noreg og Europa. Store utslepp av nitrogen og svovel frå brenning av fossilt brensel førte til danning av syrer som salpetersyre og svovelsyre. Utsleppa av svovel er reduserte med om lag 90 % sidan den gongen. Nitrogenutsleppa har ikkje blitt reduserte like mykje, men også her er utviklinga positiv.
Film: Nitrogenkrinsløpet
Filmen under (lengde 5:44) forklarer nitrogenkrinsløpet: korleis nitrogen blir omdanna, sirkulerer i naturen og blir teke opp av levande organismar. Han viser òg rolla til mikroorganismane, og korleis menneskeleg aktivitet verkar inn på balansen.