Blanda oppgåver om stoffkrinsløp
Oppgåve 1. Sant eller usant?
Oppgåve 2. Vel rett påstand om karbonkretsløpet
Oppgåve 3. Prosessar i nitrogenkrinsløpet
Oppgåve 4. Vel rett om nitrogenkrinsløpet
Oppgåve 5. Kryssord om stoffkretsløp
Oppgåve 6. Vel rett påstand om fosforkrinsløpet
Oppgåve 7a. Prosessar i fosforkrinsløpet
Dra prosessane i fosforkrinsløpet til rett stad i figuren. Nokre prosessar skal brukast fleire gonger.
Oppgåve 7b. Prosessar i fosforkrinsløpet
Gå gjennom lista under og set namn på prosessane. Vel rett omgrep blant desse: avrenning, erosjon, landheving, nedbryting, opptak, sedimentering, utskiljing.
Vind, vêr og bølger gjer at fosforhaldig materiale blir slite laus frå bergartar.
Noko av fosfatet blir tilgjengeleg for planter på staden.
Nedbryting av døde dyr og planter frigir fosfor som har vore bunde opp i organismane, til jordsmonnet.
Urin og avføring frå dyr frigir fosfat til jordsmonnet.
Vatn, vind, is eller bølger transporterer bort lausmassar.
Fosfat blir vaska ut frå jordsmonnet og blir ført med elver ut til havet.
Planter og planteplankton i havet tek opp noko av fosfatet.
I havet søkk avfallsstoff frå organismar og døde organismar ned på havbotnen og dannar lause botnmassar.
Bergartar som har blitt danna under vatn, kjem igjen opp på land.
Oppgåve 8. Tekst om nitrogenkrinsløpet
Oppgåve 9. Svar kort om ulike krinsløp
Kan du dette? Her får du korte spørsmål som krev korte svar. Høyr deg sjølv eller høyr kvarandre.
Oppgåve 10. Kjemiske sambindingar i nitrogenkrinsløpet
Dra og slepp sambindingane på rett stad i nitrogenkrinsløpet.
Oppgåve 11. Fleirvalsoppgåver frå eksamen
Her finn du nokre oppgåver om stoffkrinsløp som har vore gitt i del 1 på eksamen tidlegare.
Oppgåve 12. Omrøring i ein innsjø

Omrøring er ein prosess der vatnet i ein innsjø eller i eit havområde sirkulerer slik at vatn frå djupet kjem opp til overflata. Vatnet som kjem frå botnen, inneheld store mengder næringsstoff frå nedbryting av døde organismar.
To av desse næringsstoffa er nitrat og fosfat. Dei er kjelder for nitrogen og fosfor i cellene.
Gi døme på molekyl i cellene som inneheld
nitrogen
fosfor
Finn ut kva for prosessar desse molekyla inngår i.
Beskriv korleis mikroorganismar dannar nitrat frå nedbryting av dødt organisk materiale.
Omrøring gir ofte høg primærproduksjon i kystområde. Forklar kvifor vi finn veldig gode fiskeområde i kystområde.
Oppgåve 13. Prosessar i nitrogenkrinsløpet
Figuren under viser ei forenkla oversikt over nitrogenkrinsløpet.
Kva heiter prosessen som er merkt med A i figuren?
Kva heiter prosessen som er merkt med B i den same figuren?
Kva organismar bidreg til prosessane A og B?
Belgvekstar/erteplanter har knollar på røtene sine, og inni desse knollane finst det nitrogenfikserande bakteriar. I jordsmonn med lite nitrat veks denne typen planter ofte betre enn andre typar planter. Bruk informasjon frå figuren over til å forklare kvifor det er slik.
Forklar kvifor planter ikkje kan ta opp nitrogenet i lufta direkte.
Beskriv kva som ville skjedd med mengda nitrat i jorda dersom nitrifiserande bakteriar forsvann.
Samanlikn rollene til dyr og planter i nitrogenkrinsløpet. Kva er likt, og kva er ulikt?
Lag eit forslag til korleis menneskeleg aktivitet kan påverke nitratkonsentrasjonen i jorda. Bruk figuren over som utgangspunkt, teikne han og legg inn endringar.
Denitrifikasjon er ein prosess som går føre seg under anaerobe forhold. Pløying vender jorda og tilfører oksygen. Forklar korleis pløying vil påverke næringsinnhaldet i jorda.
Oppgåve 14. Akvaponiske system

Akvaponi er ein produksjonsmetode der fiskeoppdrett og dyrking av planter blir kombinerte i eit krinsløp. Fisk produserer nitrogenhaldige avfallsstoff. I systemet gjer bakteriar desse avfallsstoffa om til næring som er tilgjengeleg for planter. Plantene reinsar samtidig vatnet før det går tilbake til bassenget til fisken.
I systemet inngår følgande komponentar:
fisketank der fisk produserer avfallsstoff som inneheld ammonium
biofilter der nitrifikasjonsbakteriar gjer ammonium om til nitrat
dyrkingsbed der plantene tek opp nitrat og fosfat
vasspumpe som får vatnet til å sirkulere i eit lukka system
luftpumpe som tilfører oksygen til fisketank og dyrkingsbed
Ein forenkla modell av nitrogenkrinsløpet i eit akvaponisk system er vist under.
Forklar korleis nitrogenkrinsløpet i eit akvaponisk system gjer at næringsstoffa kan brukast fleire gonger. Svar med utgangspunkt i figuren, og gjer greie for kva fisken, bakteriane og plantene bidreg med i krinsløpet.
Fisken får fôr som inneheld karbohydrat, feitt og protein. Forklar korleis karbonatoma i fiskefôret kan inngå i karbonkrinsløpet i systemet. I svaret skal du inkludere minst desse tre fagomgrepa: respirasjon, fotosyntese og nedbryting.
Nitrifiserande bakteriar i biofilteret er avhengige av oksygen. Forklar kvifor låg oksygentilførsel kan forstyrre nitrogenkrinsløpet i systemet, og kva konsekvensar dette kan få for plantene.
I eit akvaponisk system er fosfor ofte eit avgrensande stoff. Beskriv ein grunn til at fosfor lettare blir mangelvare i slike system enn nitrogen.
Ei elevgruppe ønsker å undersøke korleis pH‑verdien påverkar nitrifikasjonen i biofilteret. Beskriv korleis elevane kan undersøke dette. I svaret ditt skal du
formulere ein testbar hypotese
beskrive éin uavhengig, éin avhengig og to kontrollerte variablar
beskrive metode, det vil seie korleis forsøket skal gjennomførast
bruke resultata i tabellen under til å lage ein konklusjon til hypotesen
Sjølv om akvaponi gir lågare utslepp enn mange andre system, kan feil drift føre til utslepp av næringsrikt vatn. Forklar korleis utslepp av nitrogen- og fosforhaldige sambindingar frå eit akvaponisk anlegg kan påverke økosystema i nærliggande vassdrag.
Tid, timar | NH4+ (mg/L), pH 6 | NO2-(mg/L), pH 6 | NO3-(mg/L), pH 6 | NH4+ (mg/L), pH 7 | NO2-(mg/L), pH 7 | NO3-(mg/L), pH 7 | NH4+ (mg/L), pH 8 | NO2-(mg/L), pH 8 | NO3-(mg/L), pH 8 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 0 | 3 | 0 | 0 | 3 | 0 | 0 | 3 | 0 | 0 |
| 12 | 2,8 | 0,2 | 0,3 | 2,2 | 0,6 | 0,7 | 2,5 | 0,4 | 0,5 |
| 24 | 2,6 | 0,3 | 0,6 | 1,4 | 0,9 | 1,5 | 1,9 | 0,6 | 1,0 |
| 36 | 2,5 | 0,3 | 0,9 | 0,8 | 0,5 | 2,3 | 1,3 | 0,5 | 1,7 |
| 48 | 2,4 | 0,2 | 1,2 | 0,3 | 0,2 | 3,0 | 0,9 | 0,3 | 2,2 |
Oppgåve 15. Vekstforsøk

Nokre elevar skulle undersøke korleis nitrat og ammonium påverkar vekst hos reddikplanter, og kva betydning bakteriar i jorda har.
Dei brukte 10 planter per gruppe og let plantene vekse i 21 dagar. Lys, vatn, temperatur og jordvolum blei haldne konstante. Forsøksoppsett og resultat er oppgitt i tabellen:
gruppe | jordtype | nitrogenkjelde | middelhøgde | standardavvik |
|---|---|---|---|---|
| 1 | sterilisert jord | nitrat | 12,4 | ±1,2 |
| 2 | sterilisert jord | ammonium | 7,8 | ±1,0 |
| 3 | ikkje-sterilisert jord | nitrat | 15,6 | ±1,4 |
| 4 | ikkje-sterilisert jord | ammonium | 14,9 | ±1,5 |
Formuler hypotesar som elevane kan teste i dette forsøket.
Kva er formålet med å sterilisere jorda?
Kva er ei kontrollgruppe når vi gjennomfører forsøk? Forklar.
Kva gruppe fungerer som kontrollgruppe i dette forsøket viss formålet er å teste
effekten av ei nitrogenkjelde
effekten av å sterilisere jorda
Ta utgangspunkt i resultata i tabellen og konkluder:
Kva effekt har sterilisering av jord på veksten til reddikplantene?
Kva effekt har nitrat og ammonium på veksten til reddikplantene?
Samanlikn gruppene 2 og 4 og forklar forskjellen mellom dei. Bruk det du veit om nitrogenkrinsløpet.
Kva for feilkjelder kan det vere i dette forsøket? Forklar korleis feilkjeldene kan påverke resultata.
Oppgåve 16. Dødsoner i kystområde
Dødsoner er område i innsjøar, kystsoner eller hav der oksygeninnhaldet i vatnet er så lågt at mange organismar ikkje kan leve der.

Forklar korleis tilførsel av nitrogen og fosfor kan føre til dødsoner i vatn. Knyt svaret til relevante delar av nitrogen-, fosfor- og karbonkrinsløpet.
Beskriv to økologiske konsekvensar av at det blir danna dødsoner i kystøkosystem. Forklar korleis desse konsekvensane påverkar næringsnettet i økosystemet.
Fleire studiar viser at klimaendringar bidreg til større og meir langvarige dødsoner i verdshava. Forklar korleis auka temperatur kan forsterke problemet.
Foreslå to tiltak som kan redusere risikoen for eutrofiering og dødsoner, og forklar kort korleis kvart tiltak verkar inn på stoffkrinsløpa.