Fosforkrinsløpet


Fosfor
Fosfor er eit livsnødvendig grunnstoff som inngår i mange biologiske molekyl. Det er ein viktig bestanddel i ATP, i fosfolipid i cellemembranen, og i DNA og RNA.
Fosfor bevegar seg raskt gjennom planter og dyr, mens frigjeringa av fosfor frå berggrunnen skjer svært langsamt. Derfor er fosfor ofte ein avgrensande faktor for plantevekst.
Det meste av fosforet finst i form av fosfat som er bunde i mineral i berggrunnen. I denne forma er fosforet ikkje tilgjengeleg for planter. Planter må ha fosfor som fosfation, hovudsakleg HPO42- og H2PO4-.
Fosfat er viktig for energiberaren ATP
Ein av dei viktigaste funksjonane fosfor har i levande organismar, er rolla i energiberaren ATP (adenosintrifosfat).
Energi kan lagrast i ATP ved at ei fosfatgruppe bind seg til ADP (adenosindifosfat), som er ei utladd form av ATP.
For at dette skal skje, trengst det energi. I fotosyntesen kjem energien frå lys, i celleandinga kjem han frå nedbryting av næringsstoff. Energien ligg no lagra i bindingane i ATP.
I celleandinga blir denne prosessen kalla oksidativ fosforylering fordi energien som trengst, kjem frå oksidasjon av næringsstoff. I fotosyntesen heiter prosessen fotofosforylering fordi energien kjem frå lys. (Både foto- og fos- kjem av det greske ordet fos, som betyr "lys".)
Prosessar i fosforkrinsløpet
Fosforkrinsløpet består av eit langsamt krinsløp med ei rekke geologiske prosessar og eit raskt krinsløp mellom levande organismar og omgivnadene deira.
Forvitring, erosjon og sedimentering
Ein svært langsam prosess i fosforkrinsløpet er danninga av nye bergartar som inneheld fosfat. Prosessen startar med forvitring: Nedbør, vind og temperaturforskjellar gjer at fosforhaldig materiale blir slite laus frå bergartar. Noko av dette fosfatet blir tilgjengeleg for planter på staden.

Ved erosjon kan fosfat vaskast ut frå jordsmonnet og førast med elvar ut til havet. Her blir noko av fosfatet teke opp av planter og planteplankton. På den måten kjem fosfor inn i næringskjedene i havet.
Når organismar i havet skil ut avfallsstoff eller døyr, søkk dei til botnen og blir sedimenterte på havbotnen. Her går fosfatet inn i ein svært langsam prosess der nye bergartar blir danna. Gjennom landheving kan bergartane igjen komme opp på land og bli utsette for ny forvitring slik at fosfor igjen blir tilgjengeleg i jordsmonnet. Prosessen kan ta frå tusenvis til millionar av år.
Nedbryting og utskiljing
På land vil nedbryting av døde dyr og planter frigi fosfor som har vore bunde opp i organismane, til jordsmonnet. I tillegg inneheld urin og avføring store mengder fosfat. Dette fosfatet er lett tilgjengeleg for planter. På denne måten inngår noko av fosfatet i eit ganske raskt krinsløp.
Diskuter!
Karbonet i kroppen din har vore brukt fleire gonger, men fosforet i kroppen din har berre vore brukt éin gong.
Test deg sjølv!
Dra og slepp
Dra prosessane i fosforkrinsløpet til rett stad i figuren. Nokre prosessar skal brukast fleire gonger.