Karbon i ubalanse

Karbon i økosystema
Havet
Sjølv om mesteparten av karbonet i havet ikkje finst som CO2-gass, fører auka CO2-opptak til havforsuring. Når CO2blir løyst i vatn, blir karbonsyre, som senkar pH-verdien, danna. Det blir danna fleire H+-ion som kan reagere med CO32--ion, og dei reduserer tilgangen på karbonation, som organismar med kalkskal bruker for å bygge opp skala sine.
Men enkelte planteplanktonartar ser ut til å tole forsuringa godt. I tillegg viser det seg at ein del artar av tang og tare får større produksjon med auka tilgang på karbondioksid i havet.
Effekten på fisk, fugl og pattedyr avheng mest av endringar lenger ned i næringskjedene. Nedgang i artar som er viktige for mange andre artar, nøkkelartar, vil gi store konsekvensar for økosystemet.
Visste du at ...
Havet har teke opp cirka ein firedel av det menneskeskapte karbonet dei siste 200 åra.
Skogen
På land er store mengder karbon bunde opp i skog og myr, både i levande biomasse og i jordsmonnet. Tre som lever i symbiose med sopp, overfører karbonsamband til desse. Når plantar og dyr døyr utan å bli brotne ned fullstendig, blir det tilført ytterlegare karbon til jordsmonnet.

Anslag viser at 80 % av karbonet på land er lagra i jordsmonnet, mellom anna i skog, fjellområde og myr. Jordsmonnet speler derfor ei viktig rolle i karbonkrinsløpet. Når vi fjernar vegetasjon, tek vi bort plantar som potensielt kunne bunde opp karbon. I tillegg vil nedbryting føre til at jordsmonnet slepper ut CO2 i 10–20 år etter hogst.
Myra
Myr består av delvis nedbrote plantemateriale og er blant dei mest karbonrike økosystema på land. Når myr blir drenert, blir vatn leidd bort og jorda blir tørrare. Då blir det betre forhold for nedbryting av torvmosar som har lege i myra i mange år. Mosen blir broten ned til metan (CH4 ) og karbondioksid (CO2). Slik blir karbon som har vore lagra lenge, frigjort, og myra fungerer ikkje lenger som karbonlager.
Visste du at ...
Myr utgjer 3 % av landarealet i verda, likevel er omtrent 20 % av alt karbonet i verda lagra i torv i myrene.
Menneskeleg påverknad
Menneskeleg aktivitet, som bruk av fossile brensel, avskoging og landbruk, fører til auka utslepp av karbondioksid. Dette bidreg til høgare CO2-konsentrasjon i atmosfæren, noko som i sin tur gir klimaendringar.
Fossile brensel
Vi menneske påverkar karbonkrinsløpet når vi brenner fossile brensel som olje, gass og kol. Då tilfører vi karbon som har vore lagra lenge, til krinsløpet. Dette skaper ubalanse fordi det vil ta mykje lengre tid å få bunde opp dette karbonet igjen, enn tida det tek å sleppe det ut.
For å redusere utslepp frå fossile brensel blir det jobba med ulike metodar for å få teke opp karbon, både ved hjelp av naturen sjølv og ved meir tekniske innretningar som karbonfangstanlegg.
Tenk gjennom
Eitt tiltak for å redusere bruk av fossile brensel er å gå over til fornybare energikjelder som sol-, vind- og vassenergi. Korleis kan slike utbyggingar samtidig føre til økte utslepp eller redusert karbonlagring i naturen?
Landbruk
I landbruket er det særleg husdyrhald som bidreg til karbonutslepp. Det viktigaste her er metan, som blir danna i vomma til drøvtyggarar når dei bryt ned fôret dei et. I tillegg kan jordarbeiding bidra til CO2-utslepp. Tiltak i landbruket inkluderer bruk av metanhemmande fôr, mindre jordarbeiding og restaurering av myr.
Film om karbonkrinsløpet
Filmen under (lengde 6:35) forklarer korleis karbon sirkulerer i naturen gjennom det raske og det langsame karbonkrinsløpet, og korleis menneskeleg aktivitet påverkar balansen og bidreg til klimaendringar og havforsuring.
Status og vegen vidare
Menneskeleg påverknad ved bruk av fossile brensel, avskoging og endra bruk av areal har ført til at karbonkrinsløpet har komme i ubalanse. Dei store karbonlagera tek opp ein del av karbonet som blir tilført frå det langsame krinsløpet, men tilførselen er raskare enn opptaket.
Test deg sjølv
Vel rett alternativ.