Nitrogenkrinsløpet


Kvifor er nitrogen viktig?
Nitrogen er eit heilt nødvendig stoff for levande organismar og eit stoff som kan avgrense både produksjon og nedbryting i økosystema. Cellene bruker nitrogen til å bygge opp organiske molekyl som
nukleinsyrer (DNA, RNA)
energiberarar (ATP, NADH, FAD)
protein, vitamin, hormon og pigment
Nitrogenatoma i N2 er bundne sterkt saman med trippelbindingar, og det trengst mykje energi for å bryte bindingane. Derfor må bakteriar med dei rette enzyma hjelpe til.
Dei fire prosessane i krinsløpet
For å få oversikt over nitrogenkrinsløpet er det nyttig å sjå på dei viktigaste prosessane som skjer:
Nitrogenfiksering: Nitrogengass (N2) frå atmosfæren blir omdanna til ammonium (NH4+) eller ammoniakk (NH3).
Ammonifisering: Organiske nitrogensambindingar blir brotne ned til ammonium/ammoniakk.
Nitrifikasjon: Ammonium/ammoniakk blir omdanna til nitritt (NO2-) og vidare til nitrat (NO3-) ved hjelp av bakteriar. Nitritt er eit kortliva mellomprodukt i denne prosessen. Derfor ser vi bort frå det vidare i teksten.
Denitrifikasjon: Nitrat blir omdanna til nitrogengass ved hjelp av bakteriar og frigjort til atmosfæren.
Under går vi nærmare inn på kvar av prosessane.
Nitrogenfiksering (nitrogenbinding)
Nitrogenfiksering er prosessar der nitrogen i atmosfæren blir tilgjengeleg for organismane. Dette kan skje ved
biologisk omdanning
lynnedslag
produksjon av mineralgjødsel
Biologisk omdanning
Bakteriar som lever fritt i jorda eller i rotknollar i symbiose med ei plante, kan gjere om N2 frå lufta til tilgjengeleg nitrogen i form av NH3. Det trengst mykje energi for å bryte opp bindingane som held N2-molekylet saman, men enzymet nitrogenase senkar aktiveringsenergien til reaksjonen slik at han skjer lettare. Energien som trengst, kjem frå celleandinga til bakteriane. Viss bakterien lever i symbiose, kjem han frå planta.
Det er først og fremst planter i erteblomstfamilien som lever i symbiose med slike bakteriar, men også andre plantar kan leve i symbiose, til dømes treslaget or og myrveksten pors.
Lynnedslag
I lynnedslag er det så mykje energi at N2 i atmosfæren kan reagere med oksygen og danne nitrogenoksid (NO og NO2). Desse oksida kan i sin tur reagere med vatn og danne salpetersyre (HNO3). Ved nedbør blir salpetersyra tilført jorda slik at NO3- blir tilgjengeleg for planter.
Mineralgjødsel
I industrien blir det laga mineralgjødsel ved hjelp av ein reaksjon mellom H2 og N2 der ein tilfører store mengder energi for å få danna NH3. NH3 blir brukt så vidare til å lage mellom anna NH4+ og NO3-, som er former for nitrogen som plantene kan ta opp og bruke direkte.
Visste du ...
at omtrent 40 % av nitrogenet vi får i oss gjennom maten, kan sporast tilbake til nitrogenet i mineralgjødsel?
Ammonifisering

I tillegg til nitrogenfiksering bidreg òg avfallsstoff frå dyr og nedbryting av døde dyr og planter til å gjere nitrogensambindingar tilgjengelege i krinsløpet. Bakteriar og sopp bryt ned organiske nitrogensambindingar og dannar NH4+ i ein prosess som kallast ammonifisering.
Nitrifikasjon
I den vidare omdanninga blir NH3 og NH4+ til NO3-. Sjølv om nokre planter kan ta opp NH4+ direkte, er NO3- den nitrogensambindinga som er mest tilgjengeleg for dei fleste plantene.
NH4+ → NO3-
Nitrifikasjon blir utført av bakteriar ved hjelp av spesifikke enzym. Legg merke til at nitrogensambindingane på dette steget i krinsløpet inneheld oksygen. Det betyr at nitrifikasjon må gå føre seg når det er oksygen til stades, altså under aerobe forhold.
Nitrifikasjonsbakteriar er kjemoautotrofe: Dei får energi frå nedbryting av nitrogensambindingar. Grøne planter derimot får energi frå lys, dei er fotoautotrofe. Begge gruppene treng energi til bygge opp organiske molekyl som karbohydrat, feitt og protein med CO2 som karbonkjelde.
Denitrifikasjon
Å denitrifisere betyr å fjerne nitrat, og det er akkurat det som skjer i denne prosessen. Denitrifiserande bakteriar gjer om nitrat til nitrogengass. Som eit mellomprodukt blir det òg danna lystgass (N2O), som er ein svært sterk drivhusgass. Begge gassane blir frigjorde til atmosfæren, og prosessen fører dermed til eit tap av nitrogen.
NO3- → N2O → N2
Denitrifikasjon er ein anaerob prosess, og han blir hemma av oksygengass. Hos denitrifiserande bakteriar blir nitrat brukt i celleandinga i staden for oksygen.
Opptak i planter
Planter tek opp nitrogen i form av NO3- og NH4+. Opptaket krev vanlegvis energi i form av ATP. Næringsstoffa blir transporterte med vatn i vedvevet ut til blada. Her blir nitrogenet brukt til å bygge organiske molekyl. Nitrogenet er derfor nødvendig for vekst og fotosyntese i plantene.

prosess | beskriving | kven/kva | reaksjon | forhold |
|---|---|---|---|---|
| nitrogenfiksering | opptak av N2 frå lufta, omdanning til NH3/NH4+ | blågrønbakteriar rhizobiumbakterier azotobacter | N2 + energi → NH3 | aerob eller anaerob |
| nitrifikasjon | omdanning (oksidasjon) av NH4+til NO3- | nitrosomonas nitrobacter | NH4+ → NO3- | aerob |
| denitrifikasjon | omdanning av NO3-til N2 | pseudomonas clostridium | NO3- → N2 | anaerob |
| ammonifisering | nedbryting av organiske molekyl i dødt materiale, omdanning av urin og avføring | bakteriar sopp | NH4+ blir danna | aerob eller anaerob |
| opptak i næringskjeder | opptak av nitrogensambindingar frå jord eller vatn til levande organismar | plantar og algar, deretter dyr som et desse | NO3- /NH4+ → nukleinsyrer, protein | miljø med tilgjengeleg nitrogen |
Tenk gjennom
Kva er samanhengen mellom karbon- og nitrogenkrinsløpet?
(Hint: biologiske molekyl)
Test deg sjølv!
Dra og slepp
Dra og slepp nitrogensambindingane på rett plass i nitrogenkrinsløpet.
Vel rett alternativ
Relatert innhald
Ved feltarbeid i ein bekk kan du studere korleis livet i bekken forandrar seg over ei strekning, og sjå om avrenning frå omgivnadene har betydning.