Introduksjon til stoffkrinsløp
1. Kva kan du om stoffkrinsløp frå før?
Du kan heilt sikkert noko om stoffkrinsløp frå før. Oppgåvene under hjelper deg med å aktivere forkunnskapane dine før du begynner å jobbe med emnet.
A. Påstandar om stoffkrinsløp: Sant eller usant?
Ta stilling til påstandane nedanfor. Trur du dei er sanne eller usanne? Tenk deg om, og snu kortet for å sjå om svaret ditt stemmer.
Tenk gjennom etter at du har jobba med påstandane:
Kva svar overraska deg mest?
Kva ønsker du å finne ut meir om i dette emnet?
B. Tenk-par-del!
Tenk først åleine, snakk deretter med ein medelev, og del til slutt tankane dykkar i klassen.
Tenk (2 minutt)
Jobb individuelt med spørsmåla. Skriv stikkord.
Kva prosessar kan karbonet i eit dødt tre inngå i?
Kvar kjem nitrogenet i proteina i kroppen vår frå?
Kan stoff forsvinne frå biosfæren? Grunngi svaret.
Kva treng levande organismar karbon, nitrogen og fosfor til?
Par (3 minutt)
Del stikkorda med kvarandre. Kva tenker de likt om? Kva tenker de ulikt om?
Del i plenum (5 minutt)
Del tankane dykkar i fellesskap i klassen.
2. Film om stoffkrinsløp (lengde 2:45)
I denne filmen får du oversikt over emnet. Du lærer meir om kvifor stoffkrinsløp er relevant, og korleis det heng saman med andre tema i biologi 2. Sjå filmen før du gjer oppgåvene under.
Oppgåver til filmen
Kvifor seier vi at stoff går i krinsløp mens energi strøymer gjennom økosystemet?
Kva stoff blir nemnde i filmen, og kvifor er dei viktige for levande organsimar?
3. Utforsk omgrep i stoffkrinsløp
A. Lag tankekart med stikkord
Jobb i grupper på 2–3 elevar.
Skriv hovudomgrepet "Stoffkretsløp" midt på eit stort ark. Plasser omgrepa frå lista under rundt hovudomgrepet. Kople dei saman med piler som viser samanhengar, og skriv stikkord til kvart omgrep.
karbon
nitrogen
fosfor
næringskjeder
menneskeleg påverknad
levande organismar
celler
økosystem
populasjonar
energi
Presenter tankekarta for dei andre gruppene, og forklar korleis de har tenkt.
B. Kven gjer kva i stoffkrinsløpa?
Jobb i grupper på 2–3 elevar. Kvar gruppe tek for seg éi av desse rollene:
produsentar
konsumentar
nedbrytarar
mikroorganismar
Diskuter kva funksjon denne gruppa organismar har i stoffkrinsløpa. I diskusjonen skal de svare på følgande:
Kva skjer dersom denne gruppa blir sterkt redusert eller forsvinn frå eit økosystem?
Gi døme på konkrete artar og skisser ei næringskjede for å vise korleis desse artane påverkar stoffkrinsløpet.