Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Ulikskapar av andre grad og andregradsfunksjonar

Det er ein samanheng mellom ulikskapar av andre grad og andregradsfunksjonar.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Ulikskapen  12x2-2x-1x-1  kan løysast grafisk.


Vi kan la venstresida vere funksjonen  fx=12x2-2x-1  og høgresida funksjonen  gx=x-1.

No vil x-koordinatane til skjeringspunkta mellom grafane til f og g vere løysinga av likninga  12x2-2x-1=x-1.

Vi får løysingane

x=0  eller  x=6

Ulikskapen  12x2-2x-1x-1  kan løysast grafisk ved å undersøkje kvar grafen til f ligg under eller skjer grafen til g.

Vi ser grafisk at det er tilfelle når  0x6.

Ulikskapen  12x2-2x-1>x-1  kan løysast grafisk ved å undersøkje kvar grafen til f ligg over grafen til g.

Vi ser grafisk at det er tilfelle når

x<0  eller  x>6.

Ulikskapen  12x2-2x-1x-1  kan alternativt løysast ved først å samle alle ledd på venstre side. Då får vi ulikskapen  12x2-3x0, og vi kan då undersøkje når grafen til funksjonen  hx=12x2-3x  ligg under x-aksen.

Vi ser grafisk òg her at det er tilfelle når  0x6.

Skrive av Olav Kristensen.
Sist oppdatert 14.02.2020