Eksponentiell vekst
Døme på positiv eksponentiell vekst: banksparing
Eit beløp på 10 000 kroner står i banken til ei fast rente på 3 prosent per år i fleire år.
Kva blir vekstfaktoren ved ein slik prosentvis auke?
Kor mykje veks beløpet til dersom det står eitt år i banken?
Vi ønsker å finne ut kor mykje beløpet veks til dersom det står 8 år i banken.
Vi såg over at for å finne beløpet når pengane har stått i eitt år, måtte vi multiplisere med vekstfaktoren:
For kvart år beløpet står, aukar det med 3 prosent, noko som betyr at for kvart år må vi multiplisere med ein ny vekstfaktor på 1,03. Etter 8 år er beløpet
I andre linje har vi skrive reknestykket enklare ved å skrive dei 8 vekstfaktorane som potensen , 1,03 opphøgd i 8. Dersom vi bruker CAS i GeoGebra til utrekninga, ser det slik ut:
For å få denne utrekninga skriv vi 10000*1.03^8 og trykker på knappen .
Kor mykje vil 10 000 kroner ha vakse til etter å ha ståttår i banken?
Nedanfor har vi skrive inn denne formelen i algebrafeltet i GeoGebra, og vi får då teikna ein graf som viser utviklinga på pengebeløpet.
I hovudemnet "Funksjonar og modellering" kan du lære meir om eksponentiell vekst og eksponentialfunksjonar.
Vi seier at beløpet veks eksponentielt når det endrar seg prosentvis over fleire periodar (her: år). Vi ser at grafen krummar oppover eller blir brattare etter kvart som tida går. Det er dette som er karakteristisk ved positiv eksponentiell vekst. Jo større den prosentvise veksten er, jo raskare blir grafen bratt.
Finn ut ved hjelp av grafen kor lang tid det tek før 10 000 kroner har vakse til 20 000 kroner med denne banksparinga.
Finn svaret på oppgåva over ved å setje opp ei likning. Løys likninga med CAS.
Døme på negativ eksponentiell vekst: verdi på bil

I januar 2022 kjøpte Kari ein fire år gammal bil for 200 000 kroner. Bilen har sokke i verdi med 10 prosent kvart år sidan han var ny, og Kari reknar med at denne verdireduksjonen vil halde fram dei neste åra.
Kva blir vekstfaktoren?
Kva er verdien på bilen om 3 år?
Skriv opp eit uttrykk for verdien på bilen år etter at Kari kjøpte han.
På biletet har vi laga ei grafisk framstilling av verdien på bilen etter kvart som tida går, ved å skrive uttrykket for verdien på bilen inn i algebrafeltet i GeoGebra. Vi ser at verditapet på bilen blir mindre og mindre etter kvart som tida går. Slik er det med negativ eksponentiell vekst.
Kvifor har vi teikna grafen for negative -verdiar ned til ?
Vi ønsker å finne ut kva bilen kosta då han var ny. Vi skal gjere det på to måtar, grafisk og ved rekning.
Nybilprisen grafisk
Bruk grafen over til å finne ut kva bilen kosta då han var ny.
Nybilprisen ved å setje opp ei likning
Vi startar med å setje den ukjende nybilprisen lik . Vi veit at Kari kjøpte bilen 4 år etter at han var ny. Det betyr at bilen har sokke i verdi med 10 prosent 4 gonger til verdien 200 000 kroner. Matematisk betyr det at vi multipliserer nybilprisen med vekstfaktoren 4 gonger og får 200 000.
Vi løyser denne med CAS.
Nybilprisen ved direkte rekning
Vi kan òg finne nybilprisen utan å løyse ei likning. For å forklare tankegangen startar vi smått og fint med å rekne ut kva verdien på bilen var eitt år før Kari kjøpte han. Vi har frå sida om vekstfaktor at når vi skal finne den opphavlege (gamle) verdien til noko som har endra seg med ein viss prosent, deler vi den nye verdien på vekstfaktoren.
Kva var verdien på bilen i 2021? Finn svaret ved å rekne med vekstfaktoren.
Vi kan halde fram med å regne oss bakover i tid år for år. For kvart år må vi dele verdien på vekstfaktoren. Bilen var ny 4 år før 2022 då verdien var 200 000 kroner. Verdien på bilen då han var ny, blir derfor
Som i det første dømet på denne sida har vi slått saman vekstfaktorane til ein potens for å forenkle reknestykket.
Samanlikn gjerne denne utrekninga med likninga i den førre utrekninga. Er det stor skilnad?
Nybilprisen ved rekning: alternativ utrekning
Vi har frå over at verdien på bilen etter år er .
I den grafiske framstillinga har vi teke med negative -verdiar for å inkludere dei 4 første åra etter at bilen var ny. Vi har til dømes at svarer til året 2018 då bilen var heilt ny.
Prøv å forklare kvifor uttrykket for verdien på bilen gjeld òg for negative -verdiar.
Kontroller at det går greitt å setje inn negative verdiar for i uttrykket.
Når var verdien av bilen 250 000 kroner?
Løys oppgåva både ved å lese av på grafen over og ved å setje opp ei likning.