Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Eksponentialfunksjonen som modell

Løys oppgåver om prosentvis vekst og eksponentialfunksjonar som modellar.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

3.3.55

Tabellen viser dagleg bruk av tid på heime-PC i perioden 1994 til 2006 i minutt for ei bestemd gruppe personar. Tala er frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Årstal

1994

1998

1999

2003

2006

Tid i minutt

10

13

18

35

50

a) Legg punkta i eit koordinatsystem, og bruk eksponentialregresjon til å finne eit funksjonsuttrykk som passar med punkta. La x vere talet på år frå 1994 og T(x) bruk av tid på heime-PC. Plott punkta og grafen til uttrykket du finn.

Løysing

Vi får plotta både punkta og grafen når vi bruker regresjonsanalyseverktøyet i GeoGebra. Vi lagar ei ny rad i tabellen der vi reknar ut talet på år etter 1994.

Årstal

1994

1998

1999

2003

2006

x

0

4

5

9

12

Tid i minutt

10

13

18

35

50

Vi legg tala inn i to kolonnar i reknearkdelen i GeoGebra, markerer tala og vel knappen "Regresjonsanalyse" frå verktøylinja. Så vel vi "Eksponentiell" som regresjonsmodell og kopierer grafen over i grafikkfeltet.

Vi finn at funksjonen kan beskrivast med uttrykket  Tx=8,91·1,15x. Vi seier at dette er ein modell for korleis tidsbruken med heime-PC har utvikla seg. Modellen passar ganske bra med tala (punkta).


b) Kor stor er den gjennomsnittlege, årlege prosentvise auken i bruk av heime-PC etter modellen?

Tips til oppgåva

Bruk vekstfaktoren i modellen.

Løysing

Vekstfaktoren er grunntalet i potensen i modellen, altså 1,15. Det svarer til ein auke på 15 prosent for kvar eining på x-aksen. Sidan eininga på x-aksen er år, blir den årlege prosentvise auken på 15 prosent.

Kommentar: For å vise at ein vekstfaktor på 1,15 svarer til ein auke på 15 prosent, kan vi setje opp uttrykket for vekstfaktoren og få ei likning vi kan løyse:

1+x100=1,15

c) Bruk modellen du fann i a), og finn ut kor mykje tid som vart brukt på heime-PC i 2010 og 2020.

Løysing

År 2010 er 16 år etter 1994, og år 2020 er 26 år etter 1994. Vi løyser oppgåva med CAS ved å setje inn dei aktuelle x-verdiane i modellen.

Her har vi gått ut frå at funksjonen har fått namnet "T" i GeoGebra.

Alternativt kan vi finne svaret ved å skrive inn punkta (16, T(16)) og (26, T(26)).

d) Vurder gyldigheita av modellen fram i tid.

Løysing

Modellen verkar truverdig å bruke i 2010, men at tidsbruken var 367 minutt, det vil seie over 7 timar i 2020, verkar usannsynleg. Modellen vil berre vere gyldig i nokre få år.

e) Korleis ville modellen ha sett ut dersom vi bruker som utgangspunkt at det i 1994 vart brukt i gjennomsnitt 10 minutt til bruk av heime-PC, og den årlege prosentvise auken skulle vere 9,5 prosent?

Løysing

Ein auke på 9,5 prosent gir ein vekstfaktor på 1,095. Dersom vi kallar den nye funksjonen T2x, får vi at

T2x=a·1,095x

Året 1994 svarer til  x=0. Det betyr at dersom vi prøver å rekne ut T20, skal vi få 10 til svar. Dette gir oss ei likning.

T20 = 10a·1,0950 = 10a·1 = 10a = 10

Modellen blir derfor i dette tilfellet

T2x=10·1,095x

f) Denne statistikken vart avslutta av SSB etter 2014. (Kva er grunnen til det, trur du?)

Gå til SSB (ssb.no), og finn tala ved å søkje på "hjemme-PC". Vel "Minutter brukt til hjemme-PC" som statistikkvariabel, vel alle åra under "År", og vel "Personer med i utvalget i alt" under "Befolkningsgruppe" for å få med heile befolkningsgruppa. Trykk "Vis tabell" nedst nede.

Støttar dei siste målingane i tabellen det vi konkluderte med i oppgåve c)?

3.3.56

Tabellen viser temperaturen i eit kjøleskap dei første timane etter eit straumbrot.

Talet på timar etter straumbrotet

0

4

8

12

16

20

Talet på grader i °C

4,0

4,4

6,0

8,9

12,5

17,9

a) Plott punkta i eit koordinatsystem, og bruk eksponentialregresjon til å finne eit funksjonsuttrykk som passar med punkta. La x vere talet på timar etter straumbrotet og T(x) temperaturen i kjøleskapet. Plott punkta og grafen til uttrykket du finn.

Løysing

Vi legg tala inn i to kolonnar i reknearkdelen i GeoGebra, markerer tala og vel knappen "Regresjonsanalyse" frå verktøylinja. Så vel vi "Eksponentiell" som regresjonsmodell og kopierer grafen over i grafikkfeltet.

Vi finn at funksjonen kan beskrivast med uttrykket T(x)=3,51·1,08x. Vi seier at dette er ein modell for korleis temperaturen i kjøleskapet utviklar seg etter straumbrotet. Modellen passar ganske bra med tala (punkta).

b) Kva kan vekstfaktoren i uttrykket for Tx fortelje oss?

Løysing

Vekstfaktoren er 1,08. Sidan eininga på x-aksen er timar, får vi at temperaturen i kjøleskapet aukar med 8 prosent per time.

c) Vurder gyldigheita til modellen framover i tid. Grunngi svaret ditt.

Løysing

Modellen vil gi ein høgare og høgare temperatur i kjøleskapet. I røynda vil temperaturen nærme seg temperaturen i rommet der kjøleskapet står. Modellen vår er nok ikkje gyldig noko særleg lenger enn cirka eitt døgn etter straumbrotet.

d) Lag ei skisse av korleis du trur temperaturutviklinga i kjøleskapet vil vere dersom vi går ut frå at romtemperaturen er 22 °C.

Tips til oppgåva

Temperaturgrafen må flate ut når temperaturen nærmar seg 22 °C.

3.3.57

Tabellen viser utsleppa av karbondioksid CO2 i verda målt i millionar tonn for nokre utvalde år mellom 1980 og 2006.

Årstal

1980

1990

2000

2005

2006

Utslepp av CO2 i
millionar tonn

18 054

20 988

23 509

27 146

28 003

a) Plott punkta i tabellen i eit koordinatsystem, og finn ein matematisk modell som beskriv utsleppa av CO2. La x vere talet på år etter 1980 og U(x) utsleppa av CO2.

Løysing

Vi lagar ei ny rad i tabellen, der vi reknar ut talet på år etter 1980.

Årstal

1980

1990

2000

2005

2006

x

1

10

20

25

26

Utslepp av CO2 i
millionar tonn

18 054

20 988

23 509

27 146

28 003

Vi legg tala inn i to kolonnar i reknearkdelen i GeoGebra, markerer tala og vel knappen "Regresjonsanalyse" frå verktøylinja. Så vel vi "Eksponentiell" som regresjonsmodell og kopierer grafen over i grafikkfeltet.

Vi finn at funksjonen kan beskrivast med uttrykket  Ux=17 847·1,02x. Vi seier at dette er ein modell for korleis utsleppet i verda av CO2 har utvikla seg. Modellen passar ganske bra med tala, men kanskje vi kunne ha brukt lineær regresjon òg?

b) Kva for ein årleg, prosentvis auke i CO2-utslepp gir modellen?

Løysing

Vekstfaktoren er 1,02. Sidan eininga på x-aksen er år, får vi at den årlege, prosentvise auken i CO2-utsleppet er på 2 prosent.

c) Mange land har vedteke å senke utsleppet av CO2 i tida framover. Vurder gyldigheita framover i tid av modellen du fann i a).

Løysing

Uttrykket vi fann i a) er eksponentielt, det vil seie at mengda av CO2-utslepp vil auke meir og meir. Mest sannsynleg vil CO2-utsleppet etter kvart flate ut, og modellen vår blir antakeleg ikkje korrekt langt fram i tid.

d) Finn nyare tal på utslepp av CO2. Ta med i modellen tala for 2010, 2015, 2020 og det nyaste talet du finn.

Korleis blir modellen påverka av dette?

3.3.58

Sol Sikke ville finne ut korleis ei solsikke ho hadde i hagen, vaks veke for veke. Ho målte høgda til solsikka kvar veke i 8 veker. Dei observerte verdiane ser du i tabellen nedanfor.

Etter x veker

1

2

3

4

5

6

7

8

Høgde i cm

16

20

27

40

56

68

107

140

a) Plott punkta i eit koordinatsystem, og finn eit funksjonsuttrykk som passar til punkta.

Løysing

Vi legg tala inn i to kolonnar i reknearkdelen i GeoGebra, markerer tala og vel knappen "Regresjonsanalyse" frå verktøylinja. Så vel vi "Eksponentiell" som regresjonsmodell og kopierer grafen over i grafikkfeltet.

Vi finn at funksjonen kan beskrivast med uttrykket  H(x)=11·1,37x. Vi seier at dette er ein modell for korleis solsikka har vakse. Modellen passar ganske bra med tala.

b) Kva fortel vekstfaktoren i modellen oss?

Løysing

Vekstfaktoren er 1,37. Sidan eininga på x-aksen er veker, får vi at den vekefaste veksten i høgda av solsikka er 37 prosent.

c) Vurder gyldigheita til modellen du fann i a).

3.3.59

Punkta i koordinatsystemet nedanfor viser fem observasjonar av lufttrykket målt i millibar på fem ulike høgder over havet.

a) Finn ein matematisk modell som beskriv lufttrykket målt i millibar.

Løysing

Vi les av koordinatane til punkta i koordinatsystemet og får den følgjande tabellen:

Høgde over havet i km

0

2

4

7

10

Lufttrykk målt i millibar

1 000

800

600

400

300

Vi legg tala inn i to kolonnar i reknearkdelen i GeoGebra, markerer tala og vel knappen "Regresjonsanalyse" frå verktøylinja. Så vel vi "Eksponentiell" som regresjonsmodell og kopierer grafen over i grafikkfeltet.

Vi finn at funksjonen kan beskrivast med uttrykket fx=998·0,88x. Vi seier at dette er ein modell for korleis lufttrykket endrar seg med høgda over havet. Modellen ser ut til å passe ganske bra.

b) Kva fortel vekstfaktoren i modellen oss?

Løysing

Vekstfaktoren i modellen er 0,88. Det svarer til ein prosentvis nedgang på 12 prosent. Sidan eininga på x-aksen er km, får vi at lufttrykket blir redusert med 12 prosent for kvar km vi beveger oss rett oppover i lufta.

Noregs høgaste fjell, Galdhøpiggen, ligg 2 469 meter over havet.

c) Kva blir lufttrykket på Galdhøpiggen dersom vi bruker modellen vi fann i a)?

Løysing

Vi løyser oppgåva med CAS ved å setje inn den aktuelle x-verdien inn i modellen.

Etter modellen vår blir lufttrykket på Galdhøpiggen 735 millibar.

Her har vi gått ut frå at funksjonen har fått namnet "f" i GeoGebra.

Alternativt kan vi finne svaret ved å skrive inn punktet (2.469, f(16)).

Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist oppdatert 13.07.2022