Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Kalkulasjonar hos ByggMiks

I denne oppgåva skal du hjelpe ByggMiks med kalkulasjonane deira.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Under ser du resultatrekneskapen til ByggMiks AS for det førre året.

resultatrekneskapen til ByggMiks

Post

Beløp

Salsinntekter

kr 5 200 000

Varekostnader

kr 3 100 000

Lønnskostnader

kr 560 000

Andre driftskostnader

kr 750 000

Rentekostnader

kr 50 000

Avskrivingar

kr 70 000

Husleige

kr 250 000

Bilkostnader

kr 65 000

Hugs at i resultatrekneskapen er alle tal gitt utan meirverdiavgift.

Oppgåve

  1. Kor stor bruttoforteneste i kroner og i prosent oppnådde ByggMiks AS?
  2. Berekn dei indirekte kostnadene i kroner og i prosent.
  3. Berekn fortenesta i kroner og i prosent.
  4. Berekn avansen i kroner og i prosent.
  5. Bedrifta kjøper byggemateriale frå England for 58 000 kroner. Direkte innkjøpskostnader er 7 062 kroner.
    Bruk dei prosentsatsane som du berekna under b og c, og kalkuler sjølvkost og salspris med 25 prosent meirverdiavgift.
Fasit oppgåve a

Bruttofortenesta er 2 100 000 kroner. Dette er 40,4 prosent (av salsinntekter utan meirverdiavgift).

Fasit oppgåve b

Dei indirekte kostnadene er 1 745 000 kroner. Dette er 56,3 prosent (av inntakskost, som her er varekostnadene).

Fasit oppgåve c

Fortenesta er 355 000 kroner. Dette er 7,3 prosent (av sjølvkost).

Fasit oppgåve d

Avansen (= bruttoforteneste) er 2 100 000 kroner. Dette er 67,7 prosent (av inntakskost, her: varekostnader).

Fasit oppgåve e

Sjølvkost er 101 685,61 kroner. Salspris med meirverdiavgift er 136 420,32 kroner.

Skrive av Hindrik Sants.
Sist oppdatert 31.01.2020