Hopp til innhald

Fagstoff

Formkaker

Formkaker skal vere saftige og gode, og dei finst i mange variantar.
Eit stykke sitronkake på ein asjett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formkaker blir laga av ein rørt masse. Rørte massar består av sukker, margarin, egg, bakepulver, væske og eventuelle smaksstoff. Når vi skal lage rørte massar, nyttar vi k-spaden på maskina.

Framgangsmåte:

  • Rør margarin og sukker kvitt.
  • Tilsett eitt og eitt egg og rør godt mellom kvart egg.
  • Tilsett mjøl og bakepulver litt etter litt.
  • Tilsett væske litt etter litt.
  • Bland inn smakstilsetjingar.
  • Hell i ei smurd form og steik kaka.
  • Ha på eventuell glasur.

Variantar av formkaker

Variant

Blir smaksett med

Sitronkake

sitronsaft og rive skal frå sitron

Appelsinkake

appelsinsaft og rive skal frå appelsin

Marmorkake

kakao, vaniljesukker, sukker og mjølk som blir tilsett i 1/3 av røra. Legg halvparten av den lyse røra i ei brødform, legg så i kakaorøra og til slutt resten av den lyse røra.

Fruktkake

fruktsaft og små bitar av tørka frukt

Video

Denne videoen viser korleis vi lagar ei sitronkake av rørt masse.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020

Læringsressursar

Massar