Hopp til innhald

Fagstoff

Ta vare på utstyr

Har du tenkt gjennom korleis du behandlar datamaskinen og kameraet ditt? For at utstyret vårt skal vare lenge og halde kvaliteten, må vi vere medvitne om korleis vi handterer det. «Ver forsiktig» er vel det vanlegaste rådet? Vi skal her sjå på meir konkrete råd og forholdsreglar.
PC og PC-veske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generelle råd for all utstyrsbruk

Støyt eller fall, skit og fukt er dei verste fiendane for utstyret vårt. Det finst mange nyttige råd som gjeld alt utstyr:

  • Pakk utstyret i polstra bag før transport, og ha ein plastpose med i bagen.
  • Sjekk at utstyret er komplett og i orden før du går ut på oppdrag, så slepp du å improvisere.
  • Sørg for at utstyret blir halde tørt – hald regn og drikke på trygg avstand.
  • Plasser og sikre utstyret og alle tilkoplingar slik at det ikkje blir velta eller tråkka på.
  • Ikkje bruk makt ved tilkopling.
  • Sjå over utstyr etter kvart oppdrag, rengjer for skit og støv.
  • Erstatt øydelagde eller manglande delar, og legg utstyr tilbake på ein trygg stad i komplett stand.
  • Øydelagd eller mangelfullt utstyr bør plasserast på ein eigen stad for å bli kassert eller reparert.

Desse råda kan beskrivast i detalj for det utstyret du skal bruke. Om mange nyttar same utstyr, bør det liggje ein instruks saman med utstyret. Ved utlån bør nokon kontrollere at instruksen er lesen og forstått. Nokre skular har eigen utstyrsansvarleg og ordningar med «sertifikat» i utstyrshandtering.

Konkrete råd for bruk av spegelreflekskamera

Jente held spegelreflekskamera med stropp rundt halsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Ha alltid stroppen rundt halsen, så mistar du ikkje kamera i bakken.
  • Hald kamera med høgre hand på høgresida.
  • Hald kamera reint og tørt.
  • Sjekk at gummi over inngangar og andre luker er heilt på plass.
  • Ta aldri på linsa, bruk gjerne UV-filter.
  • Ha linsedeksel på når du ikkje nyttar kamera.
  • Slå av kamera og hald det nedover når du skiftar linse, for å unngå støv inn i kamerahuset.
  • Ta både linselokk og linsedeksel på ekstralinser (i begge ender).
  • Hald kamera nedover når du slår det av, slik at den automatiske renseprosessen kan verke.
  • Ha alltid lokk eller linse på kamerahus.
  • Fjern batteriet straks dersom kameraet blir vått, og la deretter kameraet tørke.

I kreativ foto kan ein ha behov for å avvike frå konkrete reglar. Råda kan likevel justerast for å oppnå det same føremålet. Bruker ein sjølvutløysar, bør ein sikre kamera ved å feste stroppen eller setje noko på han. Skal ein fotografere i regnvêr, kan ein dekkje til kameraet eller ta bilete frå ein stad det er tørt.

Klargjering og pakking av utstyr

CC BY-SASkrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i video og kamera