Øvelse
Set opp og eksporter ein video
I denne oppgåva skal du øve deg på å organisere filane i eit videoprosjekt, setje dei saman på tidslinja og eksportere ein ferdig video.

Skjermdump av vindauga i videoredigeringsprogrammet Adobe Premiere. Bilete: Martin Aune Walther / Avgrensa bruksrett
- Ta utgangspunkt i det redigeringsprogrammet du har tilgjengeleg. Importer videoklipp, lydar og bilete i prosjektet ditt, og organiser innhaldet i ulike mapper.
- Set innpunkt og utpunkt i kjeldevideovindauget, og dra klipp ned i tidslinja.
- Set saman ein kort, samanhengande video.
Hugs:
- Det er ikkje berre god mappestruktur i sjølve redigeringsprogrammet som er viktig. Du må òg ha eit godt system på harddisken din slik at prosjektet ditt og alle filene du skal bruke i prosjektet, er lagra på same plassen, eller slik at du har god kontroll over kor dei er lagra.
- Innstillingane på råmaterialet må passe til sekvensinnstillingane.

Skjermdump av eksportvindauge i videoredigeringsprogrammet Adobe Premiere. Bilete: Martin Aune Walther / Avgrensa bruksrett
Vel format, oppløysing og biletfrekvens.
Eksporter filmen i eit eigna filformat. Du kan velje quicktime (.mov) eller .mp4.
No kan du prøve å spele av den filmen du eksporterte.
Er det mogleg å spele han av på dei videoavspelarane du har tilgang til på datamaskinen din?
Blei formatet slik du hadde tenkt deg?
Er det nokre innstillingar du burde ha gjort annleis?