Hopp til innhald

Fagstoff

Biletutsnitt og biletvinklar

Kameraet bestemmer kva du ser, og korleis du ser det. Variasjon i biletutsnitt og biletvinklar påverkar derfor korleis du forstår filmen. Her får du ei kort innføring i dei viktigaste omgrepa.

Biletutsnitt

Ein film består av ein serie enkeltbilete som er komponerte på ulike måtar.

Eksempler på utsnitt av ultratotal, total, halvtotal, halvnær, nær og ultranær. Kollasj.
  • Eit ultratotalbilete gir oversikt over personen i omgivnadene og situasjonen, og blir derfor ofte brukt til å etablere ei scene.
  • Karakterane i filmen blir gjerne presenterte i totalbilete. Eit slikt biletutsnitt kan også gi god oversikt over det sceniske rommet, staden der hendingane går føre seg, men karakteren eller hovedmotivet er i fokus.
  • Halvtotal viser halve personen. Utsnittet blir brukt til dømes for å vise relasjonen mellom to menneske.
  • Når to eller fleire personar snakkar saman, skiftar kameraet ofte til eit halvnært bilete. Då er det enklare å følgje dialogen.
  • Nærbilete av eit ansikt eller ei hand avslører kjensler, og blir ofte brukt til å vise korleis ein person reagerer på det som skjer.
  • Ultranære bilete bryt med det auga vårt vanlegvis ser. Slike bilete blir derfor berre brukte som effektar.
Stillbilde fra filmen Amour. Ein eldre mann lenar seg fram og legg hendene på ansiktet til ei kvinne.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I alle filmar blir det klipt mellom ulike biletutsnitt. Men filmsjangeren avgjer kva for utsnitt som blir mest brukt. I ein actionfilm er det meir naturleg å bruke oversiktsbilete enn i ein kjærleiksfilm med mykje snørr og tårer.

Munn som skriker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletvinklar

Kay Walsh i filmen Stage Fright. Foto.

Normalt ser vi det som skjer i augehøgde. Det kallar vi normalperspektiv. Når filmkameraet blir plassert over eller under normal augehøgde, får det ein bestemt verknad. I daglegtalen kallar vi dette ”å sjå opp til ein person” eller ”å sjå ned på ein person”.

Når kamera er plassert under normalhøgde, kallar vi det froskeperspektiv. Eit slikt perspektiv kan brukast til å opphøgje ein helt, men også til å vise korleis verda ser ut gjennom auga til eit lite barn.

Når kameraet er plassert over normalhøgde, blir det kalla fugleperspektiv. Eit slikt perspektiv kan gjere sjølv det tøffaste monsteret ynkeleg. Det kan også vise korleis trollet opplever møtet med Askeladden.

Regissør Quentin Tarrantino bruker gjerne biletvinklar for å demonstrere maktforholdet mellom personar.
Under kan du sjå ein kort video som viser Tarrantinos bruk av ulike biletvinklar.

Videoen "Trunk Shot" på Youtube om Quentin Tarrantinos biletevinklar.

Filmen Hawaii Oslo opnar med eit ekstremt fugleperspektiv. Slik blir englesymbolikken, som går som ein raud tråd gjennom heile filmen, introdusert.

Sjå traileren til filmen Hawaii Oslo.

Forskjellige kameravinklar for fotografi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2019

Læringsressursar

Innføring i video og kamera