Tekstversjon av filmen Mageplask
Filmen syner ein ung mann som stuper frå eit stupebrett ned i eit basseng. Det endar med mageplask. På same tid får vi føljande informasjon: Vatnmolekylane har sterke bindingar til kvarandre. Molekylane kan ikkje pressast saman. Derfor er vatnet hardare enn du trur. Vatnet må flytte seg til sida. Det tek litt tid før vatnet sluttar om kroppen.
Oppgåvebeskriving
Målet med oppgåva er å få trening i å skape nøyaktige og stødige bilete og å få meir erfaring med å variere biletutsnitt og biletvinklar. Du skal lage din eigen video sterkt inspirert av NRK-serien Øyeblikket. Du kan arbeide åleine eller saman med ein annan.
Finn noko du vil forklare, og som du meiner kan forklarast godt ved bruk av bilete. Det kan gjerne vere fagstoff som du skal tileigne deg i eit anna fag, til dømes naturfag.
Lag eit storyboard med god variasjon i biletutsnitt og biletvinklar.
Planlegg og gjennomfør opptak. Før du byrjar å filme, må du sjekke at du har gode lysforhold.
Importer opptaka til eit eigna redigeringsprogram, og legg på tekstelement og musikk. Resultatet skal bli ein samanhengande film på cirka 1 minutt. Hugs å bruke opphavrettsklarert musikk når du set saman filmen.
Eksporter fila i rett format, og vis fram augneblinken din!
Relatert innhald
Nettside hos nrk.no