Øving
Bli kjend med kameraet
Del dykk inn i grupper på tre–fire elevar. Finn fram det de måtte ha av videokamera og spegelreflekskamera, og bli kjend med dei.
- Finst det ND-filter på kameraet?
- Korleis justerer du blendaren og kvitbalansen på det utstyret du har tilgjengeleg?
- Korleis ser biletet ut om du har høg ISO-verdi? Test dei ulike innstillingane.
Gjer deretter eit prøveopptak med kameraet. Har de tilgang til ulike typar kamera, lèt de dei gå på rundgang.
- Still inn kameraet på opptaksformatet full HD, progressivt, med 25 bilete per sekund (altså 1080p25), og gjer eit opptak på ca. 5 sekund.
- Diskuter resultatet i gruppa. Kva fungerte bra? Kva gjorde de feil?