Set opp eit prosjekt i eit videoredigeringsprogram
Når du har oppretta eit prosjekt, er det første du må gjere, å organisere materialet ditt. Du må lage eit system som det er lett for deg å arbeide med. Når du redigerer video, er det nemleg utruleg viktig å ha eit ryddig og oversynleg system.
Du bør organisere materialet ditt i mapper. Eit tips er å ha éi mappe for klippa dine. Del gjerne denne mappa inn i undermapper, for eksempel éi undermappe for kvar scene du har filma.
Sjekk kva slags oppløysing, biletformat og biletfrekvens klippa har, og set opp prosjektet etter det. Dersom du trekkjer eit klipp ned på tidslinja i Adobe Premiere eller Final Cut Pro, vil du automatisk få spørsmål om du vil bytte innstillingar slik at klippet svarer til dei øvrige klippa du har plassert i sekvensen. Då svarer du ja.
I tillegg lønner deg seg å ha ei eiga mappe for lyd med undermapper der du kan plassere musikk, effektlyd, voice-over og miljølyd kvar for seg. Det kan også lønne seg å ha ei eiga mappe for sekvensar. Nyttar du tekstplakatar i filmen din, kan det også vere lurt å samle desse i ei eiga mappe.
Du kan gjerne finne på ditt eige system, så lenge det funkar for deg, og du har godt oversyn over det som finst i dei ulike mappene. Det er ingen fasit for korleis ein skal strukturere materialet sitt.