Hopp til innhald

Fagstoff

Kor lenge kan ein oppbevare ost?

All ferdigpakka ost er underlagd vanlege føresegner for merking og er datomerkt med «best før». Det vil seie at produsenten kan garantere for kvaliteten på produktet fram til denne datoen. Er produktet oppbevart på rett måte kan ein vanlegvis ete osten langt utover haldbarheitsdatoen.
Oster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Dessutan kan det vere verdt å hugse på at dess nærare osten er «best før»-datoen, dess meir smak har han. Det er likevel stor skilnad på dei ulike ostetypane når det gjeld lagringsevna.

Kremost

Kremost kan i utgangspunktet lagrast lengre enn datoen på emballasjen, men produsenten garanterer ikkje for haldbarheita utover dette. Den sensoriske kvaliteten (lukt, smak, konsistens) blir dårlegare etter at haldbarheita er gått ut. Endringane kan vere knytte til meir sur eller beisk smak, myseutskiljing og endringar i konsistens. Ein bør ikkje ete kremostprodukt som er infiserte med mugg eller gjær.

Blåmuggost

Bilete av ulike ostetypar

I utgangspunktet bør ein rette seg etter «best før»-datoen på emballasjen. Men er produktet oppbevart på rett måte, det vil seie uopna i originalpakningen i eit kjøleskap eller liknande, kan ein vanlegvis ete blåmuggost langt utover haldbarheitsdatoen. Dessutan kan det vere verdt å hugse på at dess nærare osten er «best før»-datoen, dess meir smak har han.

Kvitmuggost

I utgangspunktet bør ein rette seg etter «best før»-datoen på emballasjen. Mot slutten av haldbarheitstida kan ein kvitmuggost ofte lukte litt ammoniakk. Normalt forsvinn lukta når osten blir temperert. Blir lukta av ammoniakk svært kraftig og konsistensen nærast flytande, er osten overmoden. Men er produktet oppbevart på rett måte, kan ein vanlegvis ete osten langt utover haldbarheitsdatoen.

Ferskost (kvarg/kesam, cottage cheese o.l.)

Brødskive med cottage cheese. Foto.

Dei fleste ferskostar kan i utgangspunktet lagrast lengre enn datoen på emballasjen, men produsenten garanterer ikkje for haldbarheita utover dette. Den sensoriske kvaliteten (lukt, smak, konsistens) blir dårlegare etter at haldbarheita har gått ut. Endringane kan vere knytte til meir sur eller beisk smak, myseutskiljing og endringar i konsistens. Ein bør ikkje ete ferskostprodukt som er infiserte med mugg eller gjær.

Brunost

Brunost er òg underlagd vanlege føresegner for merking og er datomerkt med «best før». Det vil seie at produsenten kan garantere for kvaliteten på produktet fram til denne datoen. Er produktet oppbevart på rett måte kan ein vanlegvis ete osten langt utover haldbarheitsdatoen. Ein bør ikkje ete brunostprodukt som er infiserte med mugg eller gjær.

Jarlsbergost. Foto.

Faste kvite ostar

Ostar med høgt tørrstoffinnhald (lågt innhald av vatn) er normalt dei mest lagringsdyktige, til dømes Parmesan. Av dei norske ostetypane våre er det Edamer, Norvegia, Sveitser og Cheddar som er dei mest lagringsdyktige, ja, Edamer kan ein oppbevare i fleire år så sant osten er forsegla og blir oppbevart kjølig og tørt. Du må likevel hugse på at osten kan lagrast over tid berre dersom han er pakka inn i den originale emballasjen.

Skulle det komme mugg på ein fast ost, er rådet frå Mattilsynet å skjere godt vekk rundt den synlege muggkolonien, minst éin cm rundt. Mjuke ostar med mugg på skal kastast!

Hugs!

Ost er vanlegvis haldbar til langt over dato. Bruk sansane dine og vurder om osten er god (lukte, sjå, smake). Dersom det har komme uønskt mugg på osten kan du skjere dette bort på harde ostar, medan mjuke ostar skal kastast.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for meieriprodukter
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020

Læringsressursar

Mjølk som råstoff