Hopp til innhald

Fagstoff

Opptak av kalsium frå mjølk

Kalsium er eit svært viktig mineralstoff som vi må få tilført kvar dag for å sikre at skjelettet vårt held seg sterkt. Særleg viktig er det at barn i vekst får nok kalsium, både til å halde det skjelettet dei har ved like, og til å sikre vidare normal beindanning.
Egg og meieriprodukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugselappen

  • Kalsium er med på å styrkje skjelettet.
  • «Fremjarar» er matvarer som betrar opptaket av kalsium.
  • «Hemjarar» er matvarer som gjer at det blir dårlegare opptak av kalsium.

Kjelder til kalsium

Dei fleste er klar over at kalsium er eit viktig næringsstoff. Ikkje berre er det avgjerande kor mykje kalsium vi får i oss, det er òg viktig å sjå på kvar kalsiumet kjem frå og kor mykje kalsium vi får i oss i eitt måltid. I Noreg er mjølk, ost og andre meieriprodukt hovudkjelda vår til kalsium. Det har frå tid til anna blitt hevda at kalsiumet i desse produkta blir teke svært dårleg opp i kroppen. Grundig forsking har likevel vist at kalsium i mjølk, ost og andre meieriprodukt er svært lett opptakeleg.

To typar absorpsjon – aktiv og passiv

Kalsium blir absorbert hovudsakleg frå den øvre delen av tynntarmen. Kalsium blir teke opp frå tarmen på to måtar. Anten ved aktivt opptak, som tyder at kroppen bruker energi på å frakte kalsiumet over tarmveggen og vidare inn i blodet. Eller ved såkalla passivt opptak, der kalsium lek inn mellom tarmcellene. Det aktive opptaket er avhengig av at det finst vitamin D til stades. Behovet for kalsium kan ein derfor berre drøfte under føresetnad av at behovet for vitamin D er dekt.

Kalsiumopptaket kan adapterast (tilpasse seg) til eit høgare nivå dersom kalsiumbehovet aukar, til dømes ved svangerskap og amming og ved eit lågt inntak av kalsium. Det er vitamin D som er ansvarleg for denne adaptasjonen, og det er hevda at evna til adaptasjon er lågare hos eldre.

Fremjarar

Faktorar i kosten som lettar opptaket av kalsium, kallar vi fremjarar. I mjølk er det til dømes eit spesielt protein som held kalsiumet løyseleg i tarmen. Er kalsiumet i ei løyseleg form, har det lettare for å bli absorbert. I mjølk er det også mjølkesukker, laktose, som ser ut til å ha ein fremjande verknad på opptaket, men mekanismen bak dette er enda ikkje kjent. Dersom du drikk mjølk eller et mjølkeprodukt saman med annan mat, blir kalsiumet liggjande lenger i tarmen før det går ut i avføringa. Dette aukar dermed sjansen for at kalsiumet blir absorbert.

Hemjarar

Somme stoff i andre matvarer har ein motsett verknad av fremjarane. Dei kan binde kalsiumet i tarmen og gjere det utilgjengeleg for opptak. Slike stoff kallar vi hemjarar. Hemjarar er vanlegvis ikkje noko problem dersom du har eit variert kosthald. Døme på slike hemjande stoff er til dømes fytat (fytinsyre), eit stoff som finst i korn, frø og ugjæra brød, tannin (garvesyre) i te og oksalsyre i til dømes rabarbra, spinat, mangold og valnøtter. Oksalsyra i spinat gjer faktisk at berre 5 prosent av kalsiumet i spinat er tilgjengeleg for absorpsjon. Rein sjokolade har òg eit visst innhald av oksalsyre.

Protein er kjeder av byggesteinane aminosyrer. Nokon av proteina vi et, kan verke hemjande inn på kalsiumopptaket når dei blir delte opp i dei einskilde aminosyrene. Eit fåtal aminosyrer ser ut til å snevre saman passasjen mellom tarmcellene slik at det passive opptaket blir vanskelegare.

Kva med sjokolademjølk?

Mjølk inneheld truleg ingen av dei hemjande faktorane, men fleire av dei fremjande, og dermed er og blir mjølk og mjølkeprodukt ei glimrande kjelde til kalsium. Er du blant dei som likar sjokoladesmak på mjølka, kan du trøyste deg med at det er mykje mindre oksalsyre i sjokoladepulveret enn det er kalsium i mjølka, så det er rikeleg med fritt kalsium att å absorbere. Ein kan derfor ikkje seie at sjokoladen i sjokomjølk reduserer kalsiumopptaket.

Relatert innhald

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for meieriprodukter
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020

Læringsressursar

Mjølk som råstoff