Næringsstoff i mjølk
Protein bidreg til normal beinhelse og til vekst og oppretthald av musklar. Ulike protein inneheld ulike kombinasjonar av aminosyrer. Nokre av aminosyrene kan kroppen produsere sjølv, mens andre må tilførast gjennom maten. Mjølk inneheld protein med alle dei 8 aminosyrene (9 for spedbarn) som kroppen ikkje klarer å lage sjølv, difor seier vi at mjølk gir deg protein av god kvalitet. Det er lurt å inkludere mjølkeprotein i kosthaldet.
Mjølk inneheld jod, eit mineral som er viktig for huda og stoffskiftet. Med stoffskifte meiner vi omsetning av energi og andre stoff i kroppen. Jod bidreg til at nervesystemet vårt fungerer som det skal, og til at dei kognitive prosessane fungerer som normalt. For barn bidreg jod til normal vekst. Jod er òg nødvendig for å unngå struma (ei forstørring av skjoldbruskkjertelen i halsen).
Mjølk er den største kjelda til kalsium i kosthaldet vårt. Kalsium bidreg til å halde ved like skjelettet og tennene. I tillegg speler kalsium ei rolle i energiomsetninga i kroppen og bidreg til at muskulaturen fungerer som han skal, og dessutan til normal overføring av nervesignal. Kalsium, saman med D-vitamin, er nødvendig for normal vekst og utvikling av beinvev hos barn. I tillegg er det nødvendig for å stoppe blødingar og for normal cellefunksjon i kroppen.
Mjølk inneheld mineralet kalium. Kalium bidreg til blodtrykksregulering og til normal muskelfunksjon og funksjon i nervesystemet.
Det finst fleire typar B-vitamin. Typane har ulike namn, men dei kan òg omtalast med bokstaven B og eit tal. Mjølk inneheld to av typane:
- vitamin B2 (riboflavin)
- vitamin B12 (kobalamin)
Desse bidreg til normal omsetning av energi og normal nervefunksjon, og dei er viktige for blodcellene våre. Vitamin B2 er dessutan viktig for hud og slimhinner (til dømes i nase og munn) og for normalt syn. Vitamin B12 er med på å oppretthalde immunforsvaret. Ein har òg sett ein samanheng mellom inntak av vitamin B2 og B12 og reduksjon av trøyttleik og utmatting. Vitamin B12 finst i hovudsak i animalske matvarer.
Fosfor bidreg saman med kalsium til å halde ved like skjelettet og tennene. Det er òg viktig for energiomsetninga i cellene. Hos barn er fosfor nødvendig for normal vekst og utvikling av beinvev.
Ein variant av lettmjølk frå både Q-meieria og Tine er tilsett vitamin D. D-vitamin bidreg til normal muskelfunksjon og til immunforsvaret. I tillegg treng vi vitamin D for å kunne ha normalt opptak og normal utnytting av kalsium og fosfor, som igjen er to viktige mineral for beinhelsa.
Mjølk, smør og margarin blir tilsett vitamin D for å førebyggje D-vitaminmangel. Det er ein del i Noreg som kan vere utsette for mangel, spesielt blant personar som ikkje er etnisk norske.
Helsedirektoratet tilrår at vi et tre porsjonar magre meieriprodukt dagleg. Vel du mager mjølk, får du i deg lite feitt. For at mjølka skal kunne kallast mager, må feittinnhaldet vere 1,5 g per dl mjølk eller lågare. Skumma mjølk er dessutan fettfri. Mjølka inneheld like mykje vitamin og mineral, sjølv om feittprosenten er lågare.