Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ulykker ved arbeid i fordelingsskap

Nokre gonger må ein arbeide i fordelingsskap med spenninga på. Då må ein planleggje nøye for å unngå ulykker, og ein må vite kva ein skal gjere om det likevel skjer. Bruk denne casen til å øve deg.
En elektriker sjekker det elektriske systemet i en tavle. Han holder et måleinstrument som blir avlest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidet med ei utviding av eit eksisterande elektrisk anlegg i eit bygg omfattar utskifting av ein effektbrytar i eit større fordelingsskap. For at dette arbeidet skal kunne utførast, må spenninga i fordelingstavla vere slått på.

Du og ein kollega planlegg å skifte ut ein effektbrytar med spenning på. De gjer dei åtgjerdene som trengst for denne typen jobb.

Mens de utfører jobben, er kollegaen din uheldig og kjem borti ein spenningsførande del. Han får straum gjennom seg og fell livlaus om. I fallet skraper han seg veldig på armen, og han blør kraftig. Mest sannsynleg er no kollegaen din medvitslaus, han har moglegvis brannsår etter straumgjennomgangen og kanskje indre skadar i tillegg til eit ope sår.

Oppgåver

  1. Forklar prosedyrar i samband med planlegging og gjennomføring av ein slik type jobb.
  2. Kva gjekk feil i dette tilfellet, trur du?
  3. Forklar kva du gjer vidare i denne situasjonen.
  4. Du skal no gjennomføre førstehjelpskurs med denne casen i bakhovudet. (Dette skal gjennomførast på eigen skule.)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2020

Læringsressursar

Fordelingsskap