Hopp til innhald

Fagstoff

Kople i eit fordelingsskap

Første praktiske arbeid i dette læringsoppdraget er kopling av sjølve fordelingsskapet.

Komponentar i eit fordelingsskap

Når ein skal kople i eit fordelingsskap, må ein først syte for å ha dei riktige komponentane. Deretter plasserer ein komponentane i fordelingsskapet. Når dette er gjort, bruker ein leidningar av typen RKK 10 mm2 eller 16 mm2, alt etter kor mykje effekt som skal gjennom overbelastningsvernet. Det må alltid brukast endehylser på desse leidningane, slik at ein er sikra god og varig kontakt i tilkoplingsskruane.

Ein legg så leidning frå overbelastningsvern til overspenningsvern, og vidare til jordfeilautomatane via straummålar (målarsløyfe).

Det er viktig å stramme til alle tilkoplingsskruar i fordelinga. Desse skal strammast med eit moment tilsvarande ca. 25 Nm. Dette må sjekkast opp med dokumentasjonen som følgjer med dei ulike automatane.

Norm til montering av fordeling (NEK)

Krav til fordelingar og skap er omtalt i montørhandboka (MHB).

Fordelingar skal byggjast etter NEK EN 61439 som er kjend som tavlenorma. Tavlenorma set mange krav til fordelingsskapet, og desse blir ofte bygde på fabrikk.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017

Læringsressursar

Fordelingsskap